banner ver8



Reisebrev

Tilbake til reisebrev

Loggbok Galapagos – Marquesas.

2970 Nautiske mil.

14/7-01.

Du vil nedanfor få innblikk i livet om bord i S/Y Naomi på dette lange havstrekket. ( jordomseglinga’s lengste ) Kor lang tid vi vil bruke på denne seglasen veit vi sjølvsakt ikkje endå (håpet er på under 25 dager).

Lange havstrekk er ikkje høkt elska ombord. Det er nok ein av grunnane til att vi no har lege 5 veker her på Galapagos og seglar vidare vest som siste båt.

Korleis vi skal få tida til å gå, er eit problem vi ikkje har tenkt igjennom.

Det lønner seg faktisk å tenke minst mulig, ivertfall på tid og distanse.

Blir det forgale kjem vi kansje til å prøve å skrive dikt (Då er det verkeleg gale).

Ellers håper vi att autopiloten vår, som vi kallar "Jesus" vil oppføre seg fint. Uten "Jesus" hjelp må vi styre sjølv. Det er som "himmel og helvete" i forsjell.

Vi håper og att vi vil klare å halde radiokontakt med ein radio- amatør i Pannama (Karsten på 16546 Mhz). Det er nok den einaste kontakten med omverdenen vi vil ha.

Så håper vi på god og riktig vind, også, også O.S.V.

I morgon legger vi uansett av garde, det har vi sagt i snart 2 veker.

Men i morgon er det alvor. Marquesas watch out, her we come!

(PS- Dikt eller sang tekster som kansje skulle bli skreve nedanfor må ikkje misbrukast eller latterligjerast.)

Dag 0. 15/7-01 Feil Dag.

I dag drog vi opp ankeret og forlot den beskytta vika på Wilamil. No skulle vi omsider komme oss avgåre mot Marquesas. Men det viste seg fort att dette ikkje var den rette dagen for avreise. "Jesus" Autoplioten gjekk ikkje som den skulle. Uten "jesus" i topp form vil turen mot Marquesas bli svert lang. Vi retutnerte difor tilbake til Wilamil for å reparere den sjuke. Etter intens jobbing har vi no klart å få han i god form att. Vi plasta itilleg eit nytt fundament til han, med medbrakt epoksy og glassfiber duk. No kan han ivertfall ikkje klage over att han ikkje sitter godt fast. Reperasjonsdagen vart avslutta med å heise Frode i toppen av masta for å skifte ein tidlegare observert rusten låse splint. No i kveld har vi hatt kontakt med Trygve på den Svenske båten Onyks via kortbølgeradioen. Dei har no 2-3 dager att til Marquesas, og såg svert fram til å komme i land. Trygve og kona har ikkje vore heldig med veiret på turen. Dei har hatt vind som hadde variert frå ingenting til heilt opp i 60 knopp. I den sterke vinden hadde både vindroret og autopiloten blitt øydelagt. Sidan dei måtte handstyre vart det difor segla kun om dagen. Om natta la dei ut drivanker og prøvde å sove litt. Dei vil totalt bruke over 30 døgn på turen.

Vi håper vi vil vere meir heldig enn "søta bror", men har nok ingen grunn til å bekymre oss. Naomi segler som kjent på hell og lykke og har i tillegg ein nyoverhalt "Jesus" å skryte av. I MORGON I MORGON, MEN IKKJE I DAG.

Dag 1. Mandag 16/7-01 Endeleg avreise!

Vår posisjon kl 00.00 UTC: 91.07 vest 01.04 sør. Kompasskurs: 215 grader.

Vind: Sør 8 knopp. Barometer 1012 mb. Temp: 25 grader

"Jesus" skriker ikkje meir. -Hurra

I dag kl 19.50 UTC gjorde vi fårt 2 forsøk på å forlate Galapagos. Med "Jesus" i toppform kan vi legge Isla Isabella bak oss og begynne å tenke frammover mot det horisonten sjuler i det fjerne ( Kansje litt tidleg) Det er sol og fint ver, men litt lite vind. Vi gjer difor berre 3 knopp der vi krysser så hart vi kan mot vinden. Jostein greide idag og pumpe ein liten blekksprut opp i toalettskåla da han skulle gjekke ned kompisen sin. I føge han sjølv var dette ein "svert" traumatisk opplevelse.

Dag 2. Tirsdag 17/7-01.

Vår posisjon kl 00.00 UTC: 93.37 vest 02.01 sør. Kompasskurs: 230 grader. Vind: Sør 12 knopp. Barometer 1012mb. Temp: 25 grader C. Utseilt siste døgn: 109nm. Gjenstående til Marquesas Nuku Hiva: 2857nm.

200 Delfiner

Det har det siste døgnet vert lite og ingen vind, så vi har blitt nøtt til å kjøre litt motor innimellom. Stor variasjon og lite vind er vanleg så nært stillebelte og ekvator, så det er berre å ta det med godt humør og vente på beire forhald lenger sør.Ellers vart vi idag pasert av ei lang rekke med delefiner på ca 200 dyr som kom hoppande forbi oss. Vi konkluderer med att dei også er på veg til Marquesas og att vi er på rett kurs.. Autopiloten vår fungere fortsatt og no i skrivande stund hører vi på Bob Marley og slapper av.

Kl 00.30 observerer vi 2 stk spekkhoggere ca 40 meter bak båten, dei såg ut til og stortrivast i det flotte vindstille veiret men det gjordet ikkje vi. I løpet av dei siste timane har vinden stilna heilt av.


Dag 3. Onsdag 18/7-01.

Vår posisjon i dag kl 00.00 UTC: 94.15 vest 02.48 sør. Kompasskurs: 230 grader. Vind: Sør 10 knopp. Barometer: 1012mmhg. Temp: 26 grader C. Utseilt siste døgn: 110 nm. Gjenstående til Marquesas Nuku Hiva:2687 nm.

Brød og makrell

Dagen i dag har stort sett vert som gårsdagen med varierande vind frå sør så vi krysser fortsatt. I dag var det Øyvind som stod for brødbakinga så vi såg for oss nybaktbrød og kokt fersk fisk då det beit ein liten Dorado (gull makrell) på kroken.

Men fisken slapp kroken akurat då vi skulle kleppe han ombord, så det vart nybakt brød og hermetisk makrell. Ellers såg vi den første båten på turen det var eit stort frakte skip som kryssa rett foran oss med kurs nord/vest.

Vi fekk i dag vite over kortbølgeradioen att det var vanskeleg og segle frå Nuku Hiva til Fatu Hiva (Thor Heyerdaløya som ligger lengst sør/sør/øst av øyene på Marquesas) p.g.a vind og strømforholda. Dessuten så fekk vi også beskjed om att Tine vårt nye mannskap som vi trudde skulle mønsre på Naomi på Nuku Hiva ( hovedstaden på Marquesas- øyene ) ville mønsre på i Tahiti. Då var valget greit, vi bestemte oss for å gå direkte til Fatu Hiva, då dette er mest praktisk seglings messig og faktisk litt kortare.

Dag 4. Torsdag 19/7-01.

Vår posisjon i dag kl 00.00 UTC: 95.31 vest 03.38 sør. Kompasskurs: 230 grader. Vind: Sør 12 knopp. Barometer: 1012mb. Temp: 26 grader C. Utseilt siste d: 92 nm. Gjenstående direkte til Marquesas Fatu Hiva:2603 nm.

Den som sover synder ikkje.

Dei siste dagane har vi inført såkalt "sovande vaktmann", om bord i Naomi. Det betyr i praksis att den som til ein kvar tid har nattevakta, sover som ein "stein". Det har vore litt kaldt på dekk .Vakta innretter seg då i salongen, og sovner til lyden av autopiloten som går som den skal. Vaktsystemet har sklid litt ut, då det ikkje altid er like lett å vakne til rett tid for å vekke avløysande vakt. Det spiller eigentleg liten rolle, for etter 10 minutter sover påmønstrande vakt like godt. Einaste poenget med å våkne til rett tid, er å frigjere sitt eige ansvar om noko skulle skje. No er det normalt svert liten båt trafikk på denne ruta. Sjangsen for å komme på kollisjon kurs er difor ikkje stor. Sjangsen for å komme på kolisjon kurs med ein båt som også har innført "sovande vaktman", er endå mindre. Vi krysser forsatt mot sør-vest i håp om å finne den berømte pasatvinden. Litt lite utseilt siste døgn. (Kan det være den sovende nattevakta, ska tru ?) Dagen har ellers gått til soling, sove og spise fenomenet. Med andre ord nok en utrulig sløv dag.

Jostein lager potet,løk og pasta i pølse til middag. Ein fiskebåt er og blitt observert.!!,

Kansje vi bør halde litt betre utkikk, til vi er endå lenger vekk fra fastlandet? Vi får sjå til natta.

Når jesus styrer båten, så går det så bra, på veg til Marquesasas. Snork, snork-

Dag 5. Fredag 20/7-01.

Vår posisjon kl 00.00 UTC: 97.29 Vest 04.49 Sør. Kompasskurs: 235 grader. Vind: Sør Sør/øst 13 knopp. Barometer 1012mb. Temp: 26 grader. Utseilt siste døgn: ca 134nm. Gjenstående til Marquesas Fatu Hiva: 2474nm.

Ein Hilsen fra politimester Strandos.

Vi har kvar kveld kontakt med den Danske radioamatøren Karsten, på kortbølgeradioen. Karsten som er busett i Panama driver eit skandinavisk nettverk på kortbølgeradioen og hjelper seglerar med vermelding, sending av mail og kva det måtte vere (ganske fantastisk). Vi bad han difor igår om å sende ein mail til Allan Naomi Agent heime i Svelgen, for å høyre om det var noko nytt.

I dag fekk vi svar tilbake: SIERRA TANGO ROMEO ALFA NOVEMBER OSCAR SIERRA = STRANDOS OG CO lurer på når Jostein har tenkt seg heim att?

var meldinga.vi fekk tilbake.

Det var eit interessant spørsmål som var vanskeleg å svare på. Her ligger vi altso "Faenivalt" ut på eit hav, på den andre sidan av jorda. Heime sitter politimesteren i heimbygda og lurer på kortid vi kjem heim ?

Kvifor lurer han på det ?

Er det for å kunne gje Jostein att sertifikatet som han tok før avreise ? Har det med manglande utført militertjeneste å gjere ? Kansje han håper att om jostein reiser heim, så blir også Frode med. Frode har jo ein snart "forelda" liten dom han skulle ha sona. Spørsmåla er mange, men vi tar det med stor ro.

Mest sansynleg har nok Politimesteren fredlege hensikter. I ei lita bygd som Svelgen kjenner folk alle. Politimester Strandos er kjent for å vere ein rettferdighetens mann.

Vi er difor stolte av politimesteren vår, og føler oss trygge på att han ikkje vil oss noko vondt.

Vi setter difor stor pris på "Helsinga" som Allan har overbringa, fra han.

Hans Rune Strandos er forøvreg innvitert på besøk på Naomi. PS- Utan pistol og Handjern.

I dag tidleg når førstemann våkna, hang der ein Dorado på slep etter fiskesnøret.

Kor lenge den hadde hengt der er usikkert. Den vart ivertfall ein svert god middag.

Frode stod for den. Stekt/kokt dorado, pomfritz, kokte poteter, løk, smelta smør m.m. (og vi som trudde vi skulle på diett). Ellers så går det sin vante gang, vi ligger på dekk og soler oss, leser litt og sover vekk så mykje tid vi berre kan. Innimellom har vi Aerobikk med litt styrketrening på dekk. Det heile minner nok mest om "trimm for eldre" men det held for oss. Etter ca 10 minuter inntens trening blir vi "svert" trøtte, og sover fort vekk eit par timar ekstra. Har og planer om å innføre kvelds-balett på fordekket. Vi har prøvd såvitt, men det er litt vanskeleg så lenge vi krysser. Vil ta baletten fram att så fort vi har lagt over til platt lens og spridde segl. Det vil nok ta seg fint ut i solnedgangen.

På skuten råder forøvreg ein svert fredleg og andeaktig stemning.

Dag 6. Lørdag 21/ 7– 01.

Vår posisjon kl 00.00 UTC: 99 37 vest. 05.39 sør. Kompass kurs 250 grader..

Vind Sør/Sør/Øst 11 knopp. Barometer: 1012mb. Temp: 26 grader C. Utseilt siste døgn: ca 134 nm.. Gjenståande distanse til Marquesas (Fatu Hiva) : 2370 nm.

Orkan og Brylupstale.

Vi segler fortsatt sør-vestover og håper att den stabile pasat vinden som skal føre oss til Marquesas snart vil inntreffe. Vi er no kommen ned på 6 grader sør, så det bør vere på tide. Dei siste 6 dagane har vore svert like, så like att vi begynner å kjede oss litt.

Øyvind skriver fortiden brylupstale, han skal heim i bryløp fra Tahiti, då 2 av brødrene skal gifte seg. Som forlover blir han difor nødt å seie nokre velmeinte ord.

Jostein og Frode har i kveld fått servert ein rekke ulike alternaive talar (slutt resultatet vart svert bra). Vi er også begynt å skrive (les"DIKT"om bord). For folk som kjenner oss heime i Svelgen virker nok dette ganske utruleg. Men vi vil avkrefte spekulasjoner og understreker att vi fortsat er mentalt friske (trur vi).

Fekk i dag melding fra Karsten i Pannama att orkanen DELI herjer 700 mil nor for oss. Den beveger seg heldigvis vekk fra oss, så vi er nok utanfor fare.

Karsten held oss uansett underretta om endringar. Det er godt å ha ein vær profet i bakhand. Frode baker i augeblikket runstykker, vi venter spent på resultatet.

 

NAOMI DIKT NR 1.

       Å skrive dikt-

Å skrive dikt er "neggu ikkje lett,
Det er ikkje altid ein får det så "fett"
Ord skal rime og saman passe
Og tilslutt må alt saman klaffe.

Det er mykkje betre å kjøpe ei bok,
av ein kjent ein diktar og lese seg klok.
Kan hende ein då finn motivasjon
til å prøve seg på ein dikt- kombinasjon.

Problemet er starten, det er der det skal skje.
Emne skal velgast og det er ikkje berre det.
Det bør jo helst vere fornuft,
ellers verker det som berre luft.

No har eg alt skreve 3 vers.
Det er faktisk ny "perss"
Eg har ei linje att då har eg fire.
meir blir det ikkje, utav dette skrive.

 

Dag 7. Søndag 22/7-01.

Vår posisjon kl 00.00 UTC: 102.04 Vest 06.17 Sør. Kompasskurs: 260 grader.

Vind: Sør/øst 15 knopp. Barometer: 1013mb. Temp: 28 grader C. Utseilt siste døgn: 164nm.

Gjenståande distanse til Marquesas (Fatu Hiva): 2188nm.

Rockweekend i heimbygda

Fekk melding fra Allan via Karsten att den tradisjonelle Rockveekenen heime i Bremanger gjekk av stabelen denne helga. Det var eigentleg litt iriterande att vi i heiletatt fekk vete om arangemanget. Fikk faktisk ein smule heimlengsel av heile meldinga (sol og fint vær var det vist i tilleg). No er det jo litt vanskeleg å vere to plasser på ein gong. Og førøyeblikket er vår skjebne å sitte her i denne båten. Uansett vi har no mestemt oss for å lage vår eigen "heildondrande" rockveeken når vi ein gong kjem fram til Marquesas (Så de, så).

I natt mens Frode var på vakt kom squalsane som perler på ei snor bak båten og farten økte drastisk. I dag fortsatte den gode sendinga med litt meir sjø (ca 12 fot), vi var oppe i 11 knopp i ein surf.

Mens Naomi ruller avgåre har Jostein fått den "ærefulle" oppgåva og lage blomkålsuppe med pasta, løk og kjøttboller. Sterke utrykk og merklige stillingar manglar det ikkje på eks: Krig og faen og all elendighet på gjord. No må dina forbanna panna snart stå i ro.

Dagens djupe kom Øyvind med i dag: Det er "faen" ikkje lenge vi karane seglar nokre dager. Frode og Jostein hadde litt promlemer med å tolke budskapen

 

Dag 8. Mandag 23/7-01.

Vår posisjon kl 00.00 UTC: 104.50 Vest 06.35 Sør. kompasskurs: 265 grader. Vind: Øst/Sør/Øst 20 knopp. Barometer: 1012mb. Temp: 25 grader C. Utseilt siste døgn: ca 171nm. Gjenstående Marquesas (Fatu Hiva): 2021nm.

" Naomi Rally-"og berre 2000 mil att.

I dag tidleg kunne vi endeleg spri segla og sette kursen direkte mot Marquesas. Med vind som varierte fra 20-30 knopp i ryggen, går det fort avgåre. Når bølgene som er ca 3-4 meter treffer oss på babord låring "sladder" vi avgåre opp i 12 knopp. Autopiloten (jesus) og bølgene kranglar konstant om kursen, "Jesus" vinner stort sett, sjølv om han av og til "skrik" etter hjelp. I øyblikket følest det som ein sitter på med ein dårleg skodd bil på vinterføre."Bilen" klarer seg fint sjølv om snø-sprøyten står til alle kanter.

Frode lagde Risengryns graut til middag i dag, resultatet vart svert bra. Det er like før vi kjem i julestemning. No har vi berre 2000 mil att til "paradis øya vår". Det er vert å feire, med "fy faaen" så langt det er.

kakkis-

På Naomi har vi dyr
dei er store som kyr
Dei lever som grevar
med sine små kjever

Dei tramper om kring
uten å bry seg ein ting
tsss tss- øyvind han spreier
men kakkisen den dreier - og ler


Dag 9. Tirsdag 24/7-01.

Vår posisjon kl 00.00 UTC: 107.24 Vest 06.44 Sør. Kpmpasskurs: 258 grader. Vind: Øst/Sør/Øst 13 knopp. Barometer: 1012mb. Temp: 26 grader C. Utseilt siste døgn: 159 nm. Gjenstående til Marquesas (Fatu Hiva): 1869nm.

Øyvind frisør.

Er det om våren eller hausten sauene blir klipt? Det er vel om våren, kansje om hausten og "Samme faen". Her på Naomi må vi og klippast ivertfall 6 gongar i året, haust som vår. Det er Øyvind som er den "store" frisøren ombord. Han er nemleg ansvarleg for 2 stk"skoltar"(Frode og Jostein). Når Øyvind seier att tiden er inne er det berre å la det stå til. Sjølve "avribbinga" foregår med maskin. Ein får to valg når det gjeld frisyren, kort eller kortere enn kort. Kort betyr 2 cm hår att, og kortare en kort, betyr kortare en 2 cm hår att (2 cm er nemleg maks lengde for avstansjusteringa på barbermaskina). Frihands-klipp med lenger hårlengde er ikkje snakk om. Slikt "slurv" vil ikkje Frisøren vere med på.

Vi er ivertfall heldigere enn sauene, dei har ingen valgmulighet vi har som sagt to.

For øyeblikket er både Jostein og Frode nyklipt/ribba. Vi er begge "svert" fornøgd med resultatet (tørr ikkje å seie noko anna, for husefreden si skuld).

Øyvind har planer om å kansje få seg jobb som saueklipper om vi skal innom Australia eller New Zealand. Han treng difor all den relevante praksisen han berre kan få. Avtalen er att om vi fortsetter å stille oss som treningsobjekt, samt skriv gode attester skal vi få ein liten promille av lønna. PS! Det skulle berre mangle.

I dag har vi mista den gode vinden vi hadde i går, men farten er fortsatt

rimleg bra. Hadde problem med forbindelsen med Karsten på radioen, men

fekk tilslutt værmeldinga for morgen dagen. (15 knopp, det samme som i dag.)

Dagane sklir av gåre sakte men sikkert, men "svarte negeren" det er langt att.

GOD NATT.

Dag 10. Onsdag 25/7-01.

Vår posisjon kl 00.00 UTC: 109.53 Vest 06.41 Sør. Kompasskurs: 263 grader.

Vind: sør/Øst 8. Barometer: 1012mb. Temp: 27 grader C. Utseilt siste døgn: 142nm. Gjenstående Marquesas (Fatu Hiva): 1591nm.

Stjerner, UFO, relgion og moral.

I kveld har vi hatt ein såkalt etisk " spørretime" ombord i Naomi.

Diskusjonen starta ved att vi vart sittande å studere stjernene på himmelen. Der oppe var det mykje rot og det var heilt klart att alt ikkje var som det skulle vere. Veststjerna fant vi etter mykje strev i øst. Dei fleste av "alle" dei andre stjernene vi kjenner stod også "malplasert". Kven som kan ha "flytta" og "kødda" med stjernene har vi ikkje det minste peiling på. Vi fant fort ut att det i det heile var mykje mellom himmel og jord vi ikkje hadde peiling på. Såleis kom diskusjonen inn på UfO og relgion. Diskusjonen vart tilslutt så intens att det NYE TESTAMENTET måtte studerast for å få ting på rett plass. Frode meiner bestemt att vi stammer frå apene. No var det ikkje det att vi var så heilt uenig med han (likheten kan gjo til sine tider vere svert slåande både i tanke og oppførsel).

Etter å ha studert litt i bibelen og friska opp i dei 10 bud, vart vi sån nokonlunde einige, og kom til følgande konklusjon.

Det kan godt vere att vi stammer fra apene, mykje kan tyde på det.

Likevell må ein vel tru att eit eller anna for oss uverkleg og ujordisk/gudleg fenomen har vore opphavet til det som skapte det første liv. Frode som er kjemiker meiner att starten til den levande organismen kjem fra ein bakterie-mikrobe som har videreutvika seg (eks: Ost som mygglar = nytt liv).

Uansett- bibelen har mange gode historier og dei 10 bud er gode levereglar, sjølv om det til tider kan vere svert vanskeleg å følge dei til punkt å prikke.

Ein ting er ivertfall sikker, det er ingen ting i verden som har skapt så mykje "krig og elendighet" som tru og relgion. Det kan nok difor lønne seg å ha eit avslappa forhald til heile den etiske problematikken. Øyvind svergar til Kardemomme by lova: Du skal ikkje plage andre du skal vere snill å grei, og forøvreg kan du gjere kva du vil (eller noko sånt). Med desse vise ord vart diskusjonen avrunda og vi kunne snakke om meir kvardakslege ting (det blei ingen krig på S/Y Naomi i kveld, det er bra for det er "sabla" langt til land).

Hadde problemer med kortbølgeradioen i kveld. Vi kunne høyre Karsten i Pannama klart og tydeleg, men han hørte ikkje oss. Iriterande sidan vi hørte han sei att han hadde ei melding til oss, får håpe på betre forhald i morgon.

Middagen i dag var Skinke-karbonader med poteter, løk, pasta og peppersaus som tilbehør. Vi lever med andre ord ingen nød om bord når det gjeld maten. Temmeraturen stiger merkbart etterkvart som vi flytter oss vestover. Og dagane sklir av garde sakte men sikkert. Men " splitte mine bramsegl" vi har langt att.

God Natt.

Dag 11. Torsdag 26/7-01.

Vår posisjon kl 00.00 UTC: 112.03 Vest 07.05 Sør. Kompasskurs: 257 grader.

Vind: øst sør/øst 15 knopp. Barometer: 1012mb. Temp: 27 grader C.

Utseilt siste døgn: ca 142nm. Gjenstående til Marquesas (Fatu Hiva): 1591nm.

Avstandspiken og – 1500 mil att

Hamburger-frokosten i dag var total eigenprodusert. Den var bygd opp på følgande måte: Nybakte fine hamburgerbrø.Sinke-karbonadene som var lagd av I stk hermetiset skinke boks. Skinka vart oppraspa og blanda i egg ,mjøl og vatten. Stekt ilag med løk vart dette "svere" greier. Hamburgerane vart spist med "andakt" for dette var den siste skinkeboksen om bord.

Fekk ikkje kontakt med Karsten i dag heller. Vi høyrte han og andre båter bra, men ingen kunne hørte oss. (Svert iriterande) Karsten kalte på oss fleire ganger og vi BRØLTE tilbake. -Ingenting hørt fra Naomi- kom det frå Pannama kvar gong. Hørte og att Karsten var i samtale med Florø-båten "Fortuna" med Atle Oppheim som skipper. Oppheim og CO som vi møtte på Trinidad låg no like ved Grønland. Etter det vi forstod var ikkje verusiktene dei beste med norleg kuling for morgendagen.

(Like etter att Karsten var ferdig på radioen for kvelden, fant vi den pinlege feilen til fåre "umulige" sende forhald. Radioen hadde med ein feil blitt stilt på "splitt", som betyr att ein sender på ein annan frekvens enn den vi lytter på Sån går det når ein bokstavleg talt er radio -amatørar. I morgon skal det nok bli fart på radioen att, får vi tru.

I rein glede eller frustrasjon av att vi hadde funne feilen samt det faktum att vi "berre" hadde 1500 mil att, sette vi på " Avstandspiken" på CD- spilleren.

Denne plata som berre blir brukt ved spesielle eller ekstreme situasjoner om bord er eit gammaldans band frå svelgen som kaler seg "Buskspel Karane" forøvreg heile bygdas stolthet.

No er klokka 24.oo lokal Naomi tid, så det er vell på tide å gå i køya.Vi har det svert bra, men begynner etterkvart å sjå fram til å komme fram. Det har til no nermast våre forbud mot å snakke for mykkje om Marquesas og landkjenning.

No er vi alså halvegs og nermar oss for kvar dag. Men ein ting må vere "klinkande" klart.- FRI OG BEVARE MEG VELL vi har langt att.

God Natt

 
Dag 12 Fredag 27//-01.

Vår posisjon kl 00.00 UTC: 114.45 Vest 07.24 Sør. Kompasskurs: 258 grader.

Vind: Øst sør/øst 15 knopp. Barometer: 1012mb. Temp: 27 grader C.

Utseilt siste døgn: 163nm. Gjenstående til Marquesas (Fatu Hiva): 1430nm.

Det minker på vatnet.

På Galapagos var vatenet svert dårleg. Alt drikke-vaten måtte difor kjøpast.

Når den siste provianteringa vart gjort, var vi begynt å bli rimleg tomme for dollar.

Med eit høkt prisnivå vart det difor ei begrensa innhandling.Vi kjøpte 1 sekk poteter, 1 sekk løk,. 3 brett egg og 60 stk 4 dunkar med vaten..Det vi ikkje tok med i beregninga var att vi vart liggande 2 veker på Galapagos etter att innhandlinga fant sted. I dag tok vi ei oppteling og fant fort ut att det har minka "kraftig" på vatenet..Utrekninga som vi tok no i kveld tilsa att om vi klarer å halde 6 knopp i snitt, vil vi vere framme på 10 døgn.

Klarer vi å bruke litt mindre vatten enn vi har gjort til no, vil det halde akuratt.

No er det på ingen måte krise om bord. I nød reserve har vi ei kasse med "utgått" jus. samt 1 kasse pils, 2 kasse vodka og 4 flasker ginn. Vi ser difor på ingen måte mørkt på situasjonen. På Marquesas er vatenet i vertfall gratis. Om ikkje får vi håpe dei tar Visa kort.( Det gjor dei ikkje på Galapagos.)

Fekk i kveld endeleg forbindelse med Karsten i Pannama. Han kunne medele via Allan att det var eit par som Frode kjenner som var inntressert i å besøke oss på Tonga.

Vi fekk og overbrakt ein helsing til Florø båten "Fortuna" som no var komt fram til Grønland. Her med oss er det blitt så varmt i veiret, att vi kan sitte kunn i sjårts på dekk om natta. Sikkert ein stor forsjell fra Grønland, brrrr.

Ellers er det blitt meir stjerneklart, og "skvolsjane" begynner det å minke på.

Med andre ord, berre velstand. Vi soler oss på dekk, skriver litt, hører musikk og "pjasker" på med forsjellige sysler. Vermeldinga for i morgon er 20 knopp vind og det treng vi for-.

Ein ting må vere klinkande klart. "Gud beire meg" vi har langt att.

God Natt.

Dag 13 Lørdag 28/7-01. 

Vår posisjon kl 00.00 UTC: 117.06 vest 07.45 Sør. Kompasskurs: 255 gader. Vind: øst/sør/øst 20 knopp. Barometer: 1012mb Temp: 27 grader C.
Utseilt siste døgn: 145nm. Gjenstående til Marquesas (Fatu Hiva): 1288nm.

 

Ein vanleg dag om bord.

Vaktsystem for augeblikket:

Jostein frå 21.00 – 24.00.

Øyvind frå 24.00 - 03.00.

Frode fra 03.00 – 06.00.

Jostein fra 06.00- 09.00.

Frå 09.00 til 21.00 er såkalt alle si vakt. Då er vi som regel oppe alle, eller ivertfall nokon. Jostein har 2 vakter fordi fra 06.00 til 09.00 er "go " vakta døgnmessig sett.

Fra 21.00 – 22/23. 00 er som regel alle oppe uansett.

Når vi er på vakt skriver vi, eller ligger og slumrer. Andre båter har vi omtrent slutta og sjå etter. Blåser det mykkje må vi passe litt på "jesus" (Autopiloten) Sliter den for tungt seier den av og til " pip, pip, pip". Då har den kobla seg ut, og vi må sette han i arbeid på nytt. ( Det er helst når vi får ein "squals" ( regnbyge med mykkje vind att dette kan sje) Åleine på dekk nattestid bruker vi altid sikerhetsline. Dette for sin eigen sikkerhet og i respekt for dei som ligger og prøver å sove. MARERITTET ville jo vere om nokon skulle ramle på sjøen. (Då er det små sjangser, i vertfall om dei andre sover).

Dagen begynner ikkje på alvor før i 12.tida. Då begynner vi å føle oss skapleg våkne. Frokost, kaffi, ei bøtte med sjøvatten over hode, soling og literatur. Litt trimm på dekk og musikk. (mykje musikk), slik går dagen.

Klokka 17.00 er det dagens første radiotid, dette er eit av høgdepunkta for dagen. Karsten gjev oss då vermelding og rapporterer om nye meldingar/mailar frå Allan. Vi får og høyre nytt frå andre skandinaviske båter som befinner seg i stillehavet eller andre plasser på kloden.

Dette er ein grei måte å skaffe seg informasjon om øyane vi skal til o.l.

Middagen er som regel klokka 18 -19 00, den lager vi kvar sin dag.( Sån ca.)

Kl 19.00 er det ny radiotid. Om vi har hatt dårlege lytte og sendeforhald før på kvelden prøver vi att no. Det hender ofte att vi må få samtalen med Karsten relay’a via ein annan båt, om vi har dårlege forhald.( i dag vart samtalen relay’a via den norske båten "Megadreame" som befinner seg sør for Tahiti.)

Om kvelden er det gjerne brødbaking, som vi også bytter på å bake. Vi har "slete " litt med å få brøa til å heve seg slik dei skal, men gjekk i går over til ein ny type gjer. Det gjore "susen" Brøa heva seg så mykkje att vi nesten vart "skremt"

På kvelden er det og tid for tyl-preik på dekk , gjerne i lag med ein kopp Kaffi eller Kakao.

Før ein veit ord av det er klokka blitt 22.00. Då går gjerne Frode og Øyvind i Køya, mens Jostein venter til kl 24.00

I dag var ein heilt typisk "slik går dagen dag" Vi nermer oss marquesas sakte og sikkert .Men ein ting er heilt klart."Krig og Faen og all elendighet på jord" vi har fortsatt langt att til land.. God Natt .

Dag 14 Søndag 29/7-01.

Vår posisjon kl 00.00 UTC: 119.38 Vest 08.36 Sør. Kompasskurs: 256 grader. Vind: Øst/Sør/Øst 15 knopp. Barometer: 1013mb Temp: 28 grader C.
Utseilt siste døgn: 155nm Gjenstående til Marquesas (Fatu Hiva):1136nm.

Endelg ein svær fisk

Sidan vi starta fra Galapagos har vi ikkje hat fiskelykka på vår side.

Vi har kunn fått ein liten durado og det er no over ei veke sidan. Det er mangen fiskar som har bete på. men dei har klart å slite seg laus kanske fort. ( luringane)

I dag hadde vi derimot lykken på vår side. Att det var ein stor fisk som beit på forstod vi fort. Problemet er att når vi segler i 7-8 knopp bli det vanskeleg å dra den inn. Vi sette difor motoren i revers for å bremse litt. Å ta ned segla vart for mykkje "slit". Vi lurte litt på om vi skulle skyte den med harpunen, når vi fikk "beistet" opp bak båten,men det vart med tanken. I iveren etter å få opp den store Duradoen klarte vi etter eit mislykka kleppe forsåk å miste nettopp kleppen på sjøen. No er vi i den heldige situasjonen att vi har" flyndregreip" om bord. Den vart tatt i brukt og fisken kom til slutt heilberga om bord. Frode som er fiskemiddag spesialist driv i dette augeblikk og steiker durado filear til middag. Vi kjem antagleg vis til å forspise oss. For den 20 kilos duradoen må etast i dag. I morgon er den ødlakt av varmen.

Ellers går alt sin vante gang. Det neste store augeblikk om borvil bli når vi i morgon kjem under 1000 nautiske gjenståande til Marquesas. Men vi er fulstendig klar over att dei siste 1000 mila vil gå seinare og seinare.

Utan att vi snakker så mykkje om det så er vi eterkvart "utruleg" motivert til å innta sivilisasjonen att.Men ein ting må fortsatt vere heilt klart. Det er ingen grunn til å sjå lyst på situvasjonen for vi har fortsat "svinaktig" langt til land.

 

(Pesimisten lenge leve)

Dag 15 Mandag 30/7-01.

Vår posisjon kl 00.00 UTC: 122.07 Vest 08.36 Sør. Kompasskurs: 261 grader. Vind: Øst/Sør/Øst 15 knopp. Barometer: 1013mb. Temp: 28 grader C.
Utseilt siste døgn: 154 nm. Gjestående til Marquesas (Fatu Hiva): 985nm.

1000 mil att (Hurra)

I dag tippa GPS endeleg ned til eit 3 sifra tal på gjenståande distanse.999mil virka med ein gong mykkje kortare enn 1000.. Held vinden seg vil vi klare resten av turen

på under ei veke. Vi er alle klar over att denne veka vil gå svert seint. For å få tida til å gå vaska vi og rydda litt i båten i dag. Vi klarte på denne måten å ta "livet av heile 2 timar. (Duverden) Eller er det sol og fint ver så vi får grilla oss temleg bra

Tvilsom stekt fisk til middag ( Fisken frå i går )

Dag 16 Tirsdag 31/7-01.

Vår posisjon kl 00.00 UTC: 124.37 Vest 08.46 Sør. Kompasskurs: 256 grader. Vind: Øst/Sør/Øst 17 knopp. Barometer: 1013mb Temp:28 grader C.
Utseilt siste døgn: 151nm. Gjenstående til Marquesas (Fatu Hiva): 837nm.

Kjempefisken-

BLUE MARLIN 1.75 meter

I dag fekk vi verkeleg fisk på kroken. Att det var ein svering forstod vi med ein gong."monsteret" raste avgåre med nesten all snåre vi har på den store hav-fiskestanga vår.Stanga bøgde seg faretruande og vi var redde den ville knekke.For ein gong skyld vart forseglet tatt inn for å få ned farten litt.Av samme grunn sette vi motoren i revers. Når vi eterkvart fekk dratt fisken opp bak båten, såg vi att det ikkje var ein hai, som vi først trudde, men ein Blue Marlin.

Uten klepp, ladda vi harpunen og gjorde klar "flyndregreipa". Når fisken var harpunert og "ferdig greipa" klarte vi å dra den ombord. -Gjett om det vart sverdfisk file til middag. ( Fisken var 1.75 meter fra sverd til spor.Dette er utan tvil ny Naomi rekord)

Etter midaggen vart det video-sasjen. der vi såg diverse tidlegare filming frå Galapagos.

Vi treng all den underhaldning og glede vi kan klare å frammskaffe .Tida går nemleg svert seint no når vi verkeleg begynner å nerme oss.

Vi ser alle fram til å kunne bevege oss utan og gå som ein "idiot" og sleppe å halde oss fast når vi skal flytte oss litt. For ikkje å snakke om kor mykkje mindre banning det blir når ein skal lage mat/kaffi o.l.

 

"Svarte gamleheste-Erik i den innerste svartåka granskogen". NO VIL VI I LAND; OG DET ER FAEN IKKJE KØDD HELLER.

GOD JUL !

Dag 17 Onsdag 1/8-01.

Vår posisjon kl 00.01 UTC: 127.22 Vest 09.00 Sør. Kompasskurs: 259 grader. Vind: Øst/Sør/Øst 20 knopp. Barometer:1013mb. Temp: 28 grader C.
Utseilt siste 25 timer: 164nm. Gjenstående Marquesas (Fatu Hiva): 673nm.

Straumlaus forbannelse.

I går kveld skulle vi prøve og kose oss med å sjå video og ete stekt sverdfisk til kvelds

For å få start på TV-en måtte vi starte motoren.For å få start på motoren måtte vendebryteren som skiller mellom start bateri og forbruksbateri vriast på.Den var då sett i mittstille slik att den tar strøm frå begge baterisetta. Denne bryteren vart "selfølgeleg " glømt å skru tilbake. ( Det er ikkje første gongen denne tabben har blitt gjort) Ut på natta når pila viste att det var på tide å kjøre motor for å ladde litt straum til "Jesus". var det selfølgeleg forlite straum til å starte.-HURRA! Då var det berre ein ting å gjere. nemleg å slå av alt som trekker straum og styre manuelt. Frode fekk den verste "driten" då det på hans vakt regna ut av "gamle-erik. Vinden tok seg også opp og dreia fra øst til sør-øst. Bølgene vart difor rotete og det vart temleg høge skavlar. Ein del "rasmusar" havna opp i båten og gjorde Frode meir våt og forbanna. Att det også av alle ting skulle vere overskya til langt ut på dagen i dag, gjorde ikkje saken beire. Det tok difor svert lang tid før vi fekk sol nok på solselle-panela til å starte motoren I heile dag har sjøen vore heilt "idiot". Båten danser runt med bølgene og vi banner og strompler om kring." Jesus liker seg heller ikkje og skriker stadig om hjelp.

I morgon skulle bølge høgda bli det samme 10-12 fot. Vi håper dei klarer å bli litt meir einige om kva veg dei skall rule. Hat og forbanellse og lite søvn.Men paradis nermer seg for kvar dag. I dette minut t: 633 mil att.

633mil : fart 6.5 knopp= 97.3 timar. Om 97.3 timer skal vi vere temmleg ner. Kjem vi i vindstilla no ,då hopper vi antagleg vis på sjøen . GOD NATT.

 

Dag 18 Torsdag 2/8-01.

Vår posisjon kl 00.00 UTC: 129.52 Vest 09.23 Sør. Kompasskurs: 259 grader. Vind: Øst/Sør/Øst 15-20 knopp. Barometer: 1014mb. Temp: 28 grader C.
Utseilt siste 23 timer: 155nm. Gjenstående Marquesas (Fatu Hiva): 523nm.

Øyvind si huskeliste og "berre" 500 mil att-

Øyvid skal som tidlegare nemt heim til Norge i Bryllup til 2 av sine brødre.

Den 4 september reiser han fra Tahiti og blir vekke i 14 dager.Mens vi låg på Galapagos kom vi ikkje på så mykkje vi mangler om bord. Dette har endra seg no etter nokre veker på sjøen. Etter huskelista/ handlelista å døme, ser det ikkje ut til å bli den heilt store ferien.

Her er eit lite utrag fra lista som blir lenger for kvar dag: 3 liter benar olje. Verdensatlas. CD-rom leksikon. Siste seglas og seglmagasinet. Div musikk. Lokalavisa firdaposten. Sove medisin . Sjokolade. Spekekjøtt. Fransk- norsk Ordbok. Div literatur Indonesia og stillehavet. Dataspill. Jegermaister. Norsk mat . Nytt norsk Flagg Reparere Digital kamra. Reparere VHF. Om mulig kjøpe brukt slepegenerator m.m. GOD TUR.

Ellers har vi no pasert 500 mil gjeståande, og det er ein god følelse. Sjøen er fortsatt "Idiot" og kjem fra alle kanter. Dette fører til mykkje banning under mat laging og til litt søvnproblemer.Tiltider følest det som vi befinner oss inni ein dårleg balanser tørketrommell

Det som er positift med denne rullinga er att vi kjem til å bli endå meir lyklege, når vi ein dag kjem fram om 3-4 dager.Vi har vell eigentleg ingen grunn til å klage, men vi har svert lyst i land no. Slik att det er sakt. OVER OG UT FRA NAOMI.

Dag 19 Fredag 3/8-01.

Vår posisjon kl 00.00 UTC: 132.17 Vest 09.45 Sør. Kompasskurs: 256 grader. Vind: Øst/Sør/øst 15 knopp. Barometer: 1016mb. Temp: 27 grader C.
Utseilt siste døgn: 150nm. Gjenstående Marquesas (Fatu Hiva): 378nm.

Har vi lyst i land no ?

Oppe i hodet til kvar av oss "surrar " for det meste ein tanke. Den går ut på å få dagane til å gå fort, så vi kan komme oss i land, helst no. Kalkulatoren ligger konstant på kartboret og er stadig i bruk for å beregne ankomst-titspunktet.

Vi er milt sakt "drit" klar for å komme oss i andre omgivelsar. No var vi forbrett på att sån ville det bli når vi nerma oss, så alt er forsovitt normalt.

Det som har vore irriterande dei siste dagane er att båten har rulla "forjevligt"

i dei ubehaglege bølgene på 10 –12 fot. I morgon skulle det vist bli beire i følge verprofeten vår. Det er bra. I dag gjekk Frode si frokost suppe i

vasken,askebegeret i dørken o.s.v. Ein veit ikkje om ein skal le , banne eller grine. Nei, det er berre ein ting å gjere, nemleg å drømme seg eit par dager fram mens ein venter. flotte fjell og daler fulle av damer. sol og sommer her vi kommer.

Vi vil i land. Vil vi i land? Ser du land? Kor lankgt er det att? Er det fine damer der.

Kva skal vi gjere på. Tenk ligge rolig i ei bukt. Gå i dei unike fjella. Kansje geitejakt med "gunnane " våre. geitebiff til middag. Kansje svinesteik. Skal vi tatuere oss. Er det lankt att. Kor lenge har eg sove. geitejakt. Damer med blomster i håret,Kansje:

Fransk ordbok. Fransk åpning. Morgen bad i fossefall Land i sikte- Var vist ein drøm.

Ellers har dagen vore stille og fredleg, med vi har "litt" lyst i land . –Berre så det er nemt.

Dag 20 Lørdag 4/8-01.

Vår posisjon kl 00.00 UTC: 134.38 Vest 09.59 Sør. Kompasskurs: 256 grader. Vind: Øst/Sør/Øst 13 knopp. Barometer: 1015mb. Temp: 28 grader C.
Utseilt siste døgn: 144nm. Gjenstående til Marquesas (Fatu Hiva): 238nm.

Tikk- Takk-Tikk- Takk-

Om bord i Naomi har vi tre forsjellige klokker og klooeslett å sjå på alt etter behov. På GPS- en har vi Utc tid, på veggen eller skottet, på fint sjøman språk har vi norsk og itillrg lokal Naomi tid . Lokal Naomi tid eller Lokaltida der vi befinner oss, har blitt flytta 6 timer sidan galapagos for å komme fram til rett Marqesas tid, og tilpasse oss solpgang og nedgang. Felles for alle klokken er att dei går akkuratt like seint eller fort. For tiden går dei svert seint.men det er berre å vere tolmodig og vente mens dei gjobber. Om Ca 36 timer eller 2160 minutter vil vi vere framme.DVS 129600 sekunder. Tikk.takk .tikk. takk. tikk . takk. Fekk foresten ein tunafisk på fiskestanga i dag. Hadde frå før hørt att denne typen tuna skulle smake gott rå. Det stemte godt. Tikk. takk. tikk. takk tikk. takk. tikk. takk. tikk. takk tikk takk.tikk. TAKK .GOD NATT

Dag 21 Søndag 5/8-01.

Vår posisjon kl 00.00 UTC: 136.58 Vest 10.24 Sør. Kompasskurs: 258 grader. Vind: Øst 15 knopp. Barometer: 1015mb. Temp: 27 grader C.
Utseilt siste døgn: 141 nm. Gjenstående Marquesas (Fatu Hiva): 99 nm.

Berre opløpssida att-

I dag har vore ein fin dag sidan vi no veit att vi vil vere frame i morgon formiddag. Båten ruller og vi banner som vanleg når middagen skal lagast o.s.v. men det gjer likevell ingen ting .Det kunne sikkert vore melt storm utan att vi hadde brydd oss.for no er vi snart framme og det er det som er viktig. Det hele kan nok litt røfleg samenliknast med den følelsen ein maratonn løper har når han kjem inn på stadioen og berre har ei runde att etter 40 km. Det einaste vi mangler er publikum og vonde bein. I morgon går vi uansett i mål . Hipp hipp Hurra. Planen når vi kjem fram er å få oss ein god ferskvansdusje i eit av dei flotte fossefalla. Det er på tide for vi har verken bade eller dusja i ferskvatten på 6 veker. Fekk ein ny fisk i kveld på ca 10 kg. I dag var det ein Baracuda som også lot seg lure av den svert så efektive røde blekspruten imitasjonen som vi har fiska med i det siste. ( I morgon blir det stekt Barakuda til frokost, så då får vi greie på korleis denne fisketypen smaker.) I MORGON- JABBADABBA DU LAND OHOY

Dag 22 Mandag 6/8-01.

Vår posisjon kl 22.00 UTC: 139.39 Vest 10.27 Sør. Kompasskurs: @ .
Vind: Sør/Øst/Nord/Vest 15 knopp. Barometer: 1015mb. Temp: 27 grader C.
Utseilt siste døgn: ca 116 nm. Gjenstående Marquesas (Fatu Hiva): 0 nm.

Vi ankom Baie de Vierges (Fatu Hiva) etter ca 21 døgn i sjøen. Turen frå Galapagos har gått problemfritt, god sending og godt veir.

Ankringsforholda her er ikkje dei beste, dårleg anker feste og kraftige fallvindar som kjem ifrå alle kantar. Så vi har valgt og legge ut to dreggar frå bauen og eit frå sida og ei trosse i land frå hekken som er festa i ein palme. Vi valgte å legge båten på sør sida og langt inn i bukta. No er det ankerdram så vi får håpe vi sitter.

"Glede, glede for faen i helvete, for gud i himmelen, og for alle mennesker på jord. Eg vil gje halve livet mitt for att alle menesker i landet mitt kan få sjå det vi ser her denne morgenen.

Dette skreiv den Danske seglaren Trols kløvdal når dei ankom Nuku- Hiva under ein solopgang i 1978. No ville ikkje vi gjett halve livet vårt for att Alle skal sjå det samme som vi. Det har vi nemleg ikkje tid til, og det ville nok itilleg blitt svert trankt om plassen. Men att det er ein fantastisk følelse å vere framme etter 22 dager på sjøen. Det hersker det liten tvil om. Overgangen fra å oppalde seg i eit "nøtteskall" med kun åpe hav i horisonten er formidabel. No mens vi ligg her i ei beskytta vik, med flotte fjell og fossefall innanfor, er dei 3 tildels lange vekene på sjøen gløymt. Vi ser no fram til å komme oss i land og sjå nermare på Marquesas øyene og vidare cruze fra øy til øy i Franskpolenesia . Men husk! Ein ting om gangen. Først den oblgatoriske ankerdrammen. Den går nok rett i "fletta".

Og sist men ikkje minst den lille skvetten over ripa, for den berømte "Kong Neptun"- Han skal jo ha sitt for god behandling.

Vi vil no segle runt her på marquesas-øyene i ca 1.5 veke. Vidare går turen dei 900 mila mot Tahiti med melomstopp på 2-3 av tuamotu atollane. På Tuamotu skal vi mellom anna innom Rairoa, som var den atollen som Thor Heirdal stranda med Kon-tiki for "forsvunnen" tid sidan.

På tahiti må vi vere framme seinast den 03.07 så Øyvind rekker flyet sitt heim til Norge og Brylup. Itilleg venter vi nytt manskap då Tine frå Oslo mønstrer på der.

Vi vil ønske alle heime ein god haust og hjortejakt med peppersaus og greiier.

 

Neste reisebrev frå oss vil komme frå Tahiti