|
|
![]() |
|
|
||
|
|
|
|
|||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
|
|
|
|
|||
|
|
|
|
|||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
|
|
|
|
|||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
Reisebrev Fra Loggbok: Bahia De Manta Galapagos 576 nautiske mil. 29/5 3/6-2001 Tirsdag 29/5 Vind og antibiotika Kl 08,00 i dag tidleg klarte vi å forlate Manta. Etter ein mnd i fiskerbyen er det i grunn litt fint å komme på sjøen att, og slappe av etter ei hektisk tid i land med mykje liv og røre. Uansett Latinamerika er ikkje lett å gløyme, vi er no på veg tilbake. Har "berre" nokre hav å krysse før vi er framme i Brasil. Ops Ops! husk 1 steg i gongen Er litt uheldig med vinden i dag, som vanlig kjem den fra sør. Galapagos ligg rett sør for Ekvator, som vi no har 55 mil nord for oss. Vi har vinden fra vest-sør-vest men mangler 10 grader på å kunne krysse rett mot målet, og havner difor litt for langt nord. Om ikkje vinden dreier meir sørleg det første døgnet må vi til å ta ein kryss sørover for å sleppe å havne nord for Ekvator. Skipsdoktor Frode satte idag heile besetningen, inkludert seg sjølv på ein 5 dagers antibiotika kur. Vi hadde dei siste dagane "hosta og harka" litt så han meinte bestemt att ei rensing av systemet var fornuftig for å fjerne virus fra Equador og gjere oss friske og opplagde til å innta Galapagos. Ein skal altid stole på legen sin, men vi vart likavell litt betenkte, når doktoren vart sittande lenge å gruble, med hendene i medisinskrinet. Var Grumadoks 500 mg tabelettane smertestillande eller antibiotika? Vi kunne tydeleg sjå att Doktoren som hadde vore på medisin handel i Manta var litt i tvil. Medikamentane var innkjøp på spansk med den faren for misforståelsar som det kan innebære og når vi i tillegg visste at i Equador kan kven som helst starte apotek uten den minste kunnskap om det dei selger og att doktoren i tillegg hadde fortalt oss att han hadde fått tak i så kraftige smertestillande, att vi ville flate ut med ein tabelett, ja då?! Doktoren såg ikkje ut til å bry seg så mykje over vår skepsis, og begynte å planlegge doseringa, -Skal vi sjå! 2 for dagen blir sikkert bra, eller kansje 3. Følelsen av å bli brukt som forskningsdyr, for doktorens nyinnkjøpte medikamenter var til stede. Vi valgte likevell å halde kjeft og følge legens råd om tabeletter og dosering. I skrivande stund har Øyvind sove 10 timer i strekk, Han våkner verken av musikk eller ved bruk av kakerlakkspray. (Legen nekter for att det har noko med medisineringa å gjere)
Onsdag 30/5 Sløv dag Krysser fortsatt mot Galapagos med samme vindretning og styrke som i går. (ca 15 knop ) Har ikkje flytta oss meir enn ca 166 nm på 38 timer. Den dårlege farten kjem av at båten er grodd i vanlinja, tungt nedlest og at vi krysser så hardt vi kan opp i vinden for å hindre å havne for langt nord. Det er blitt betydeleg kaldare i været på grunn av Humboltstrømmen som kjem fra Sydpolen og opp langs Sør-Amerika. Ved Ekvator bøyer den vestover og feier over Galapagos. Så snart vi tar fatt på havstrekket mot Marquesas vil vi finne passaten og komme i stabil varme att. Har testa haglene og pistolen vi kjøpte i Manta, våpena virker bra, det " gnistrar" faktisk så mykke ut av løpa att vi og kan bruke dei som alternative nødbluss. Ellers sover vi og sløver mest mulig. Det kalde veret og sjøsprøyt gjer det
koslegast og opphalde seg nede i salongen. Autopiloten styrer, så det er berre å stikke
hode opp ein gang i blant, for å sjå etter båter. Øyvind stekte tunfiskkaker til
middag i dag, etter ei oppskrift vi fekk fra eit svensk seglarpar på båten Nomi som vi
møtte på Trinidad. Vi var spent på resultatet då vi har ca 120 bokser tunfisk om bord
(maten smakte bra og det var bra.- God natt!). Torsdag 31/5 Enda ein sløv dag Krysser fortsatt mot Galapagos med vindretning vest-sør-vest 10 knop, vi gjer omlag 5 knop og har igjen 326,3 nm til Galapagos. I dag hadde vi Josteins ostemacaroni med stekte poteter, skinke og div
grønnsaker, det smakte faktisk fortreffelig. Frode lagde små nusselige lapper til
kaffien etterpå. Ellers så går det i usakelige og saklige diskusjoner om alt mellom
himmel og jord. Vi snakka også med svenske Sylvia (som driv det nordiske ssb nettet), ho
synest det var stas og lurte på kor vi hadde tatt vegen. Vi hadde ikkje gjett lyd ifrå
oss på over ein månad, så vi hadde mykje og fortelle. Vi fekk blant anna opplyst att
S/Y Medusa og S/Y Serenade (Norske), var komt vel fram til Marquesas. Mens vi fortsatt
låg og rota på veg til Galapagos (bedre seint enn aldri). Fredag 1/6 Hår trim. I dag har vinden dreia litt og kjem meir ifra sør, men det hjelper lite då vinden har dabba av. I skrivande stund gjer vi omlag 4 knop, og har 207 nm att til Galapagos. I dag har Øyvind klipt Frode og Frode har klipt Øyvind, dei har også trimma skjegget i forskjellige fasonger, Frode påstår att han har frisørblod i seg, han var meget fornøgd med seg sjølv etter hårklippen til Øyvind. Dei har til og med trimma håret under armane, Jostein vurderer å gjere det samme. Vi håper på at vinden skal ta seg opp, slik at vi kan komme oss til Galapagos og springe omkapp med skilpaddene fortast mulig. Den godt forbereda middagen i dag skulle egentlig vere kjøttkaker, men etter mange rare forsøk endte Frode opp med sprengt kjøttfarsgryte i peppersaus. Fekk kontakt med "Serenade" over radioen, og dei kunne tipse oss om fleire
gode ankringsplassar på Galapagos. Lørdag 2/6 Chevice I dag kl 1500 har vi posisjon 88.34o vest 00.34o sør, logg utseilt 8646 nm, vind sør ca 8 knop, fart 4,5 knop, barometer 1003 mmHg, temp 26o C, kompasskurs 271, 101,4 nm att til Galapagos nermare bestemt øya Santa Cruz, der vi truleg skal sjekke inn. I dag har vi krangla litt om strømforbruken i S/Y Naomi, krangelen gjekk ut på om kva som var viktigast av bruken av PC eller bruken av diesel, vi vart til slutt einige. Ellers så har vi laga ein matrett i dag som kalles chevice, det er ei oppskrift vi snappa opp i Equador og er meget velsmakende. Ingrediensene er vatn, sitron, eddik, salsa picante, løk og tunfisk, det er også vanleg og ha slik som tomater, salat og agurk men slikt er vanskelig å oppbevare over lang tid i ein seglbåt. Ein kan også bruke andre ting en tunfisk slik som reker, krabbe og lignende. Ein blandar så dette sammen og smaker til mengda sitron, eddik, salsaen og eventuelt andre ting ein ville finne på og putte i retten. Som tilbehør er det svert vanleg og bruke banan chips som ein knekker opp i skåla etter kvar enkelt persons ønske (man kan sikkert bruke vanlig potet chips). Fordelen med denne retten er att eddiken og sitronen fungerer som konserverings middel og maten kan holde seg fersk i fleire dager.. Etter middag hadde vi skytrening med dei nyinkjøpte haglene våre, målet var ei tom
vannkanne som vi slepte etter båten, treffsikkerheten var heller dårleg. Søndag 3/6 Endeleg land i sikte Posisjon 90.18o vest 00.44o sør ( Academy Bay, Santa Cruz, Galapagos.) Sørlig vind ca 10 knop, barometer 1002 mmHg, Temp 25 grader. I dag tidleg kl 06.00 lokal tid mista vi vinden etter å ha pasert den Østlegaste øya som heiter San Cristobal. Vi gjorde eit mislykka forsøk på å starte motoren då vi "selvfølgeleg var tomme for straum på startbatteriet. Igjen var det den "forbanna" vendebryteren som vi hadde gløymt. (Krig, Faen og all elendighet på jord.! Det var berre å legge seg til å drive og vente på att sola gav oss straum via solcellepanelea. KL 12.00 fekk vi start på "dyret" og kunne fortsette mot øya Santa Cruz som er den mest siviliserte av Galapagos øyene. Etter 4 timar motorkjøyring har vi no ankomme Academy Bay her på Santa Cruz. Dreggen er "planta" og ankerdrammen komt på bordet. Santa Cruz er etter det vi kan sjå fra vår noverende posisjon ein kosleg plass, og vi akter å bruke dei nermaste vekene til å finne nermere ut av det meste her på Galapagos. Neste reisebrev fra oss vil "forhåpentleg " vis komme fra Marquesas. Du vil då kunne lese kva vi foretok oss her i "Skillpadde land", samt korleis den 3000 mil lange seglasen fram til Marquesas-øyene har virka inn på "sjela". Kan i allefall love at vi vil vere glade når vi ser land etter 3-6 veker på sjøen. Til venner og kjente heime i Norge vil vi ønske ein god og harmonisk sommer. Ta vare på dykk sjølv og oppfør dykk skapeleg. Alt vel med oss gutta på tur.
Nokon seier att : Live slow and sail fast.
|