|
|
![]() |
|
|
||
|
|
|
|
|||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
|
|
|
|
|||
|
|
|
|
|||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
|
|
|
|
|||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
Reisebrev 7 Reisebrev Bahia De Manta 25/4-28/5-2001
Naomi og Venner i Bahia De Manta 1 Måned har gått sidan vi ankom denne fiskerbyen Baia De Manta. Etter reiseplanen vår skulle vi ha reist no.Vi skulle ha sprunge omkapp med skillpaddene på Galapagos for lenge sidan. Her i Manta skulle vi jo berre vere nokre dager, for så å segle 140 nm sør til Salinas og tilslutt avslutte med ein elvesafari som ville tatt oss 60 mil inn i landet. Ei veke skulle vi bruke i Equador, vi hadde jo ein orkansesong i Stillehavet å ta hensyn til. Kvifor er vi her endå? Har vi mista fullstendig sjølvdisiplinen? Ramla på fylla? Forelska oss? Skal virkeleg jordomseglinga stoppe her i ei møkkete fiskerihavn? vell, vell , vell,. Dette ser ikkje bra ut, men vi må vel likevell avgje ein raport. Og prøve å gje ei skapleg forklaring på situasjonens faktiske realiteter. Ein "Sjømann "går i land +? Når vi runda moloen som beskytter den store havna i Manta, forstod vi fort att her var det snakk om fisk. Fleire hundre store og små fiskebåtar låg oppankra eller leverte havets gull ved kaiene. Fiskerane vinka og ropte holla-holla vi vinka tilbake og ropte posible entrada vid velero? si,si, vart det ropt og peika rett fram gjennom ein vegg med fiskebåter. Etter å ha trokla oss mellom ein masse båter fekk vi sjå 2 master som stakk opp foran ein bygning som kunne vere ein yacht club. Vi droppa ankeret ved sidan av ein tysk seglbåt, og kom fort i snakk med eigerane som var eit langturseglar par i 50 års alderen. Günter og kona på S/Y Loop To, hadde vore her eit par veker, og kunne gje oss nyttig informasjon om forholda i byen. Å ligge utanfor yacht cluben kosta 5 dollar i døgnet, vi hadde då tilgang på gratis vatn samt eit stort svømmebaseng omtrent for oss sjølv. Området var svert godt bevokta med securityvakter med skarpladda hagler både i porten, inne på området og i ein båt rett ved sidan av oss 24 timer i døgnet.
-På byen Det vart eindel ankerdrammer med Günter, så imigration og custom vart i "første omgang" utsatt til neste dag. Etter 7 dager på sjøen, opparbeider det seg gradvis eit svært stort komunikasjonbehov. Vi gjekk difor på byen om kvelden og bestemte oss for å snakke med mest mulig forskjellige mennesker "samtidig". Vi havna inne på ein bar og kom fort i kontakt med bartender Tony, som var svert intresert i å preike då han nyleg hadde begynt på eit engelskkurs. På ein blandig av spansk og engelsk vart det planlagt ein sightseeing i byen neste dag, då Tony var den "heldige" eigar av ein gammal Opel Manta. Etter å ha trava runt på byen, vart vi langt på natt køyrt heim att på lasteplanet på ein pickup.Vi gjekk og la oss storfornøgd med å endeleg kunne treffe hygelege folk, som var interessert i kontakt utan det for auge å robbe oss for kontanter, som var tilfelle på dei fleste turistplassane i karibien. When i wayk up this morning, sukk, sukk Vi sov rimleg lenge neste dag og vart vekt av vår tyske venn som varsla att nokon stod på land og prøvde å få kontakt med oss.Vi fekk på oss nokre filler og gjorde oss klar til sightseeing i Manta med Tony og dama. Tony viste oss rundt om i byen sin som har ca 100000 inbyggerar. Ecuador er eit lite land som har store naturressursar i fiske og landbruk. Dårleg styring av landet. gjer at det er stor forskjell på fattig og rik. Det er mykje arbeidsledighet og Tony kunne fortelle att ei normal månedslønn låg på fra 150- 200 dollar. Manta by såg likevel svært oppegåande ut, og det var med første augekast lite tegn til slum. Syndeforlatning og våpenpriser Etter ein lang rundtur runt om i Manta lurte Tony på om vi ville ta ein tur innom den flotte kirka i nabolansbyen Monte Cristo. Vi takka ja til tilbudet då vi ikkje hadde vore på kirkebesøk på lang tid. Og såg det som viktig å ta eit oppgjer med opphopa synder over lang tid. Kirka var stor og fin, med mykje pryd, her var rikeleg med takhøgde så syndeforlatinga gjekk nokonlunde bra for samtlege
På veg tilbake til båten, var vi innom ei våpen "sjappe " for å sjekke priser på våpen. Vi hadde ikkje med oss kontanter men fekk gode indikasjoner på kva det ville koste oss å gjere arbeidet vanskeleg for eventuelle pirater. Equador produserte avsagde hagler som vi kunne få for omlag 2o dollar stk, mens importerte jakt våpen var mykje dyrare. (Det var sikkert greit at vi ikkje hadde penger med, så vi fekk litt betenkningstid.) Vel tilbake i båten vart det under ein kopp kaffi planlagt ein segltur med Tony og venner av han neste dag. ( Vi utsette likegodt insjekkinga i Equador endå ein dag.)
Skuleskipet Naomi Dagane har bokstavlig talt flydd avgårde her i Manta, vi har stortrivast i godt selskap med hygelege spansktalande mennesker. Fleire gonger har vi lessa båten full av folk og ankra opp utanfor den flotte stranda dei har her i byen. Naomi er blitt reine "At lera å simma" båten då det er forbausande få som kan denne "kunsten" fra før. Vi sliter litt med komunikasjonen då det meste foregår på spansk men vi snapper opp eit ord her og der, og drar fram ordboka om ting blir heilt på "tryne". Ein dag stod det tre (senortitas) studenter på kaia med Engelsk - Spansk skulebøker i hendene. Dei hadde hørt att det var komen tre engelsktalande seglarar til byen, og ville benytte sjansen til å praktisere og forbedre sine engelskunskaper. Vi holdt difor skule på dekk. Frode var rektor, Øyvind tok seg av det skriftlege og Jostein engelsk muntlig som han sjølv oppnådde karakteren LITE GODT i ved avsluttande eksamen ved Svelgen skule. Dei tre lærevillige studentane var så godt fornøgd med undervisninga at dei lurte på om vi hadde mulighet til å ta fleire undervisnings timar. (Vi satte difor opp ny time neste dag). Resturanteigar Jorge og kylling jakta I baren til Tony vart vi ein kveld kjent med restaurant eigar Jorge som var i 50 års alderen. Jorge som opprinneleg kom fra Bolivia og hadde budd nokre år i London prata bra engelsk, og dreiv no ein fin restaurant her i Manta. Det vart spøkt litt fram og tilbake, og diskusjonen kom tilslutt inn på dei norske samane, Frode forklarte att samane var litt forsjellige fra oss, og påstod mellom anna att dei hadde dårlegare hygiene. Jorge hevda etterkvart att vi behandla samane dårleg, og var ein smule rasistar. (Diskusjonen vart etter kvart temleg høglytt) Det artige var måten Frode og Øyvind nokre dagar seinare møtte att restauranteigaren på. Etter ei svert lang natt på byen fekk dei sjå nokre frittgåande høner i ein hage. Frode som fekk det for seg att han ville ha kylling til frokost tok opp jakta på dei nermaste. Mens han låg på kne under nokre busker, klar til å hive seg over ei lita høne, dukka brått ein kjent skikkelse opp bak han. Dont kill may chikken! ropte Jorge, kun iført morgenkåpa. Oppsann! bur du her! sa Frode. Eg trudde dette var villhøns! prøvde han seg unskyldande. Jorge som helst ville ha premiehønene sine i live, tok likevell jakta på morgenkvisten med godt humør. Han forstod nok att Frode og Øyvind måtte vere svert sultne, så han tok dei likegodt med på gratis frokost og etterfølgande omvisning i den eksklusive restauranten sin som låg like ved. (Frode fekk høyre att hønsejakt historia si kvar gong vi møtte att Jorge på byen. This fucking nasi-man tray to kill my chikken! sa han då spøkefult.)
Tid for våpen handel. Vi hadde på forhand planlagt å kjøpe oss ei pumpehagle i Equador. Prisane hadde vi alt sjekka og fant det fort økonomisk uaktuelt å kjøpe importerte pompehagler til 6-700 dollar. Inporterte våpen måtte ein dessutan ha lisens for å kjøpe, det slapp ein med våpen som var "Maid inn Manta". Prisen på desse våpena som ikkje lot seg betale med "visa" låg på ca 20 dollar pr stk. Sidan dette kun var 1 skudds våpen, og prisen var svert rimeleg fann vi fort ut att vi måtte ha 3 stk. Haglene var av samme merke som vakten i marinaen brukte, og såg ut som automatvåpen. På forespørselom vi ikkje kunne komme i problem med politi og myndighet om kjøpet vart oppdaga, hevda mannen bak disken att dette ikkje var noko problem. Det var likevel ikkje fritt for att det kribla litt i magen, der vi paserte den eine uniformerte etter den andre, med våpen og amunisjon dårleg innpakka over skuldra. Det føltest litt betryggande å komme seg inn i ein Taxi, vi hadde jo ikkje ein gong sjekka inn i landet.
( PS! Til Politimester Strandos heime i Svelgen, vil vi berre informere att han er hjertleg velkomen på besøk, så sant han har fredlege hensikter.Vi lover forøvrg på tru og ære å tilpasse oss dei Nordiske lover å reglar att, så snart vi nermer oss fedrelandet. ) Sign: Jostein Eimhjellen, Frode Ytrehus, Øyvind Myklebust,
Pablo Vi vart etterkvart godt kjent med dei mange Security vaktene i marinaen. Spesielt med Pablo som hadde ansvar for vaktholdet, av ein flott yacht som låg rett ved sidan av Naomi.Han hadde ein svert kjedeleg jobb, der han satt opp til 14 timar i strekk og venta på banditter som aldri dukka opp, nettopp fordi dei viste att båten var bevokta 24 timar i døgnet. Pablo var svert selskapssjuk og kom over til Naomi nesten kvar kveld for å slå av ein prat. Han hadde ikkje lov å forlate båten, men etter att det vart mørkt, tok han likevel sjansen på å ro over utan att nokon såg han. Pablo som var ein svert morsom og aktiv kar, klarte ein dag å lokke oss med på fotball trening. Treninga foregjekk på stranda, der securityvaktene hadde si ukentlege treningsøkt. Pablo syntest det var svere greier å kunne presentere 3 vikinger fra Norge, for sine 20 spansktalande kollegaer.
Pablo`s chica transport
Alex og Adriana. Øyvind og Frode var ute på byen i dei små natte timane, og fekk på veg tilbake til båten auge på ein liten bar ved eit gatehjørne. Dette var sannsynleg vis den einaste baren som var open på dette tidspunktet så dei nytta sjansen til å få seg ein siste pilsner. 21 år gamle Alex var den lykkelige eigaren av baren. Baren hadde han bygd sjølv. Han hadde enkelt og greit funne seg ei tomt, gravd ut tomta og bygd ein bar på ca 2 x 2 m. Baren var liten så han hadde plasert eit bord med stoler på fortauet. Adriana som var dama til Alex brukte å vere med han på jobb. Ho var 18 år, gravid, og skulle gifte seg med Alex. (Adriana er kanskje den finaste dama i Manta) Det endte med at vi vart sittande og prate med Alex og Adriana til kl 10 om morningen. Vi likte dei så godt att vi inviterte dei med på segltur neste dag. Nokre dager seinare vart vi med Alex heim på middag i heimen deira for og treffe foreldre, søsken og venner, det var tydlegvis stas og få besøk av "barske" Vikingoer frå Norge som Alex kalte oss.
Adriana viste sine kokekunster ombord Slik kan det gå Ein annan plass vi var mykkje innom var Bahia Beach, som var ein bar med matservering som låg like ved marinaen. Eigerane Mel og Karen fra Canada var egentlig på seiltur som oss. Dei hadde starta seglturen for nokre år sidan, men brukt for mykje penger i starten og difor kjøpt ein bar for å prøve å fylle opp att lommeboka. Baren var dekorert med flagg fra forskjellige land som dei hadde fått av reisande.Vi gav dei det gamle flagget vi hadde om bord i Naomi slik att Norge og kunne bli representert. På flagget skreiv vi følgende. Tank you for Good service and big hangovers. Planer er til for å endrast Dagane gjekk som sagt svert fort i fiskarbyen. Vi stortrivdest blant gode venner og venninner som tok oss med på forskjellige utflukter og inviterte oss med heim på fiskemiddager. Til tross for stor trivsel i Manta innsåg vi, att vi snart måtte sjå til å komme oss vidare vestover, skulle vi ha muligheten til å nå over Stillehavet før orkansesongen innhenta oss Planane vi hadde før ankomst, om å gå vidare sørover vart fort skrinlagt då vi brått opdaga att vi hadde vore i Manta i 3 veker. Vi fekk dessutan høyre att Salinas var ein turistplass med mykje høgare priser, og att den eksotiske elva vår hadde sterk straum og var full i "dritt", då den enda opp i ein storby. (Hadde vi hatt betre tid på oss hadde vi nok likevell reist sørover. Det hadde vore svert interessant å fått med seg heile vestkysten av sør-Amerika, men det får bli ein annan gong.)
Arbeidsveke. Vi begynte etterkvart å jobbe meir med diverse vedlikehald og forbedringar på båten samt innkjøp og proviantering for å bli klar til avgang. Om bord i båten skifta vi antenna på kortbølgeradioen for å halde betre kontakt med andre båter, forbedre lytteforhalda på dei norske utenlandsendingane og for å prøve å få kontakt med Rogaland radio og radioamatører heime i Norge. Andre prosjekt var oljing av treverk og bunkring av diesel og gass. Gass var eit stort problem, då det ikkje lot seg gjere å få fylt meir enn 1 av dei 3 flaskene vi hadde om bord pågrunn av forsjkellig system på koblingane. Frode som stressa rundt i fleire dager med "gassprosjektet", såg seg tilslutt nøtt til å kjøpe ei ny flaske. Vi har no 4 gassflasker om bord med 4 forsjellige koblingar. (Å skifte kobling kosta like mykje som ei ny flaske, så valget blei enkelt) Vi fekk og sydd oss ein regnsamler som kan bli god å ha i stillehavet og ellers der godt vatn er mangelvare. Ny oljetrykksalarm og ny sender til fjernkontroll-systemet til ankervinsjen blei og montert. ( Begge tinga var inkjøpt av Leif K Myklebust heime i svelgen, sendt til Tyskland forså å bli frakta ned hit av kona til vår tyske venn Günter som var på ein snarvesitt i heimlandet. Jostein såg seg og tilslutt tid til å lage nokre fleire hyller om bord. Etter at den lokale sagbruket var oppspora kunne han kose seg i fleire dager med litt godt gamaldags "snikkskalle" arbeid. (Teak var umulig å få tak i medan mahogny var svert billig)
Til Sverre Magne Dyrstad, Gjert Kåre Solheim og dei andre trelasthandlerane heime i svelgen har vi her ei viktig melding. Vil vi opplyse om att det kan la seg gjere å eksportere eit stort parti mahogny heim til Svelgen, til ein serdeles gunstig pris, då Jostein har oppretta gode kontakter er i Manta. Er dette av intresse er det viktig att dykk alle samlast til eit møte, og blir einige om mengde, og kven av dykk som skal vere kontaktperson. (Ser det og som ein fordel att alle bestiller like mykje, så ein ungår krangel og misunnelse). Skriver her ned nokre priseksempel pr meter: 1".8" plank: 50 cent, 2". 8" plank 1 dollar, 3". 8"plank 1dollar og 50 cent. P,S! Alle priser "svart" ferdig levert Manta utskipnings kai. Blir dere einige kan bestilling motakast omgåande fra vårt nystarta foretak her i Manta. Det er ein stor fordel om bestillingane blir skrevne på spansk så vår søte kontordame Bonita Bompi forstår, og kan levere bestillingen videre, til vår nyansatte sag og høvleriansvarleg Que Paso Bilbao. Bestillingen adreseres til: J.
Bestilling kan og motakast gjennom våre eigene mailadresser.
Vell ! kvar er vi? Siste Resten Dei siste dagane her i Manta har vi brukt til ytterlegare proviantering. Vi har fått god hjelp av venner og veninner som har bistått under provianteringa, og sett til att prisane har blitt holdt på eit lokalt nivå. På handllista stod mellomanna. 120 pakker pasta og 130 bokser tunfisk. .Vi måtte og ha meir kaffi , så med Tony som sjåfør tok vi like godt turen til den lokale kaffi fabrikken, for og prøve og forhandle oss fram ein god pris. Vi vart geleida inn på eit svert kontor der fint oppdressa selgerar la fram priser på forsjellige kaffi prøver. Kaffiprodusenten vart litt "paff ,"da vi kunne fortelle att vi budde i ein liten seglbåt fra Norge og kun var ute etter kaffi til eget bruk. (Det var tydleg att kaffi produsenten hadde sett for seg eit større salg.)
Klar til avgang Etter ein mnd i Manta uten å ha brukt ei krone på innklarering i landet, er vi i skrivande stund "utruleg nok " snart klare til avgang. I går hadde vi den siste avsjedsfesten med våre venner. Dei begynte å lure litt sidan vi holt avskjedsfest også for ei veke sidan. Alle spør kortid vi kjem att, vi seier att det er vanskeleg spørsmål og att vi iverfall må jorda rundt først. Uansett tida her i Manta, har vore svert begivenhetsrik, og vi vil ha mange gode minner å tenke tilbake på. Adios, hasta la vista
S/Y Naomi og manskap hilser alle kjente og kjære, og alle ukjente ifrå fjærn og nær ein god sommer.
Naomi på seiltur med gode venner
Carla blei etter kvart en veldig dyktig navigatør
Alt vel fra |