|
|
![]() |
|
|
||
|
|
|
|
|||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
|
|
|
|
|||
|
|
|
|
|||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
|
|
|
|
|||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
Reisebrev 6 Reisebrev frå Isla Margarita til Bahia Manta, Equador 25/3-2001 Avreise frå Isla Margarita:Etter ei hektisk veke med proviantering, stuing og kopiering av kart, var det på høg tid å komme seg vidare vestover. Vi hadde sendt ein mail til Frode om at vi ville være i Colon mellom den 6 og 8/4-2001og håpte han "fekk tid" til å lese den.. Vi kom oss ikkje avgårde frå Porlamar før kl 16.30 på grunn av problem med å få fyllt diesel. Til slutt måtte vi avgårde med taxi og kanner for å fylle på ein bensinstasjon. Håpet var at vi kunne få ein rask seglas dei 175 nm til Isla Los Roques slik at vi kunne komme fram i dagslys dagen etter. "Maxi" på Vestørn blåste i hornet så det "gjoma" i heile bukta i Porlamar. Naomi sette kursen vestover og Venezuela var historie for denne gang.Vi var no godt nedlessa med proviant og hadde i tillegg med oss 120 kopikart for Stillehavet, Sør-Afrika og Brasil (Vi fekk kopiere det vi ville av kart frå "Maxi", som hadde lånt originalkarta, som Florøbåten Svanhild brukte på si jordomsegling. Dei samme karta er såleis med på å hjelpe vestlandsbåt nommer tre runt jorda.) NB! Isla Margarita har sansynlegvis det billigaste drivstoffet i verda 1 liter diesel koster rundt 60 øre og det samma for lav oktan (89) bensin. 95 oktan bensin meiner vi låg rundt 70 øre literen. Det var ein fryd og fylle diesel her, berre synd vi ikke har større diseltank enn 150 liter. 26/3-2001 Isla Los Roques:Vi ankom Los Roques ca kl 2300 etter ein fin seglas med 20 knops vind. Etter litt poblemer med å finne feste for ankeret, kunne vi gå og legge oss ca kl 0100. Neste morgon 27/3-2001, tok Jostein og Kellfrid seg ein tur med dinga (gummi jolla) i land, og besteig ein "høg fjelltopp" på ca 100 meter. På toppen stod det eit gamalt fyrhus, og ved sidan av hadde nokon plasert eit benkpress apperat. Muligheten var difor tilstede for å få maksimalt med trim ut av fjellturen . Seinare på dagen flytta vi Naomi til ein fin atoll.Vi bada og snorkla på reva, før vi tok turen innom den lokale strandbaren for å avkjøle oss med ei kald "cerveza".. Los Roques er ein utruleg fin plass med klart vatn, kvite strender og rikeleg med rev som beskytter og gjev fine ankringsmuligheter. Vi begynte og få dårleg med tid for kryssing av Stillehavet, så stoppa vest mot Colon ville bli litt kortere enn ønskeleg. Samme dag letta vi difor anker ca kl 1800 for og komme ut i opent farvatn før det vart mørkt, kursen vart satt mot Curacao som låg ca 120 sjømil unna. Det var fin seglvind (ca 20 knopp) så vi håpte å kunne nå fram til Curacao før det vart mørkt neste dag. -Naomi er tungt nedlest, men går som eit lokomotiv gjennom sjøen og gjer til tider opp i 8-9 knop. 28/3-2001 Curacao (i dei Nederlanske Antillene).Vi ankom Willemstad på Curacao omtrent som planlagt rundt kl 1630 tiltross for att vi måtte redde gummijolla vår fra den visse fortapelse. Vi slepte jolla, og feste i gummien gjekk opp i liminga, slik att vår "dingi" plutselig var på frifot. Etter litt styr og stell, fann vi jolla igjen og fekk ho heist trygt ombord i Naomi. Willemstad hadde ei skyvebru som vi måtte gjennom for å komme inn i havneanlegget. Havneanlegget var ein 100 meter brei passasje med langsgåande brygger på begge sider. Problemet var all skipstrafikken som gjekk gjennom kanalen. Store cruiseskip og lastebåtar lagde bølger som gjorde livet surt for små båtar ved kai. Vi gjekk difor ut att gjennom skyvebrua og stampa oss 2 timer østover lang kysten av øya til ein ankringsplass vi vart anbefalt som heiter Spanish Waters. Det er ein lagune med ein passasje inn så smalt som eit nålauge, så det var ikkje heilt enkelt og ta seg inn der i stup mørket. Her låg det mange andre båtar, blant anna ein båt fra Sør-Afrika med navnet S/Y Out Of Afrika som vi stifta bekjentskap med på Trinidad. Vi hadde ein liten sammenkomst her på Naomi med mykje godt i koppen. Før vi forlot Curacao investerte Jostein i nytt fotokamera, og Øyvind kjøpte seg videokamera. (Elektronikk var nemlig ganske rimeleg) På veg mot Aruba 31/3-2001 Bestemte vi oss for og segle dei 75nm til Aruba. Planen var oprinneleg å gå direkte frå Curacao til San Blas øyene i Panama. Stormvarsel utanfor Colombiakysten var grunnen til att vi ville vente på Aruba i håp om bedre værutsikter. Vi starta frå Curacao rundt kl 1800 og håpte på at det ville vere lyst når vi kom fram til Aruba dagen etter. På vegen bakte Kellfrid "kanel i svingane", det er ikkje kvardags kost ombord i Naomi, og resultatet smakte fortreffelig. Kellfrid har hatt ein svert god debut som langturseglar. Ho baker i alt slags ver, og tar nattevakter åleine med eit smil. 1/4-2001 Aruba (i dei Nederlanske Antillene)."Den uheldige Engelskmann" Vi ankom Aruba ca kl 0900 etter ein fin seglas frå Curacao og fann fort ei brygge å legge til ved. Alle var trøtte etter seglasen så vi gjekk i køyene, og stod ikke opp før i 12 tida.Vi kom fort i snakk med ein uheldig engelsk seglar som hadde knekt masta i kollisjon med ein diger lastebåt. Kollisjonen hadde skjedd 300 mil fra kysten i dårleg ver. Lastebåten hadde berre fortsett, og kom ikke til asistanse før det vart ropt MAYDAY over radioen. Masta som holt på å slå hull i skroget, vart heist ombord i lastebåten før engelskmannen vart overlatt til seg sjølv. Og med øydelagt ror hadde han klart å komme seg inn mot kysten før han gjekk tom for diesel. Etter å ha sent opp nødraketter, fekk han til slutt hjelp av ein passerande båt. Engelskmannen som ikkje hadde forsikring på båten, fekk tatt navnet på båten og såg at den var Malta-registrert, men undersøkelsar har ikkje ført fram, så han var i ein fortvila situasjon. Vi var interessert i vermeldinga, så då der låg eit digert nederlansk cruiseskip i havna, var vi snare med og ta kontakt for og prøve og "presse" dei for opplysningar. Vermeldinga var grei dei nest 48 timane.( kun 20-30 knops vind,) Vi bestemte oss difor for å sette kursen mot San Blas øyene samme dag. Etter ein middag på den koselige resturanten på bryggekanten, dusjing i ferskvatn, klesvask, fylling av vanntanker samt 1 stk hårklipp av Jostein, var vi klare til avgang Fra Aruba til San Blas er det ein distanse på 603nm. Vi håpte å kunne klare turen på rundt 4 døgn. 2/4-2001 På veg mot San Blas.Så langt har vi hatt ein fin seglas, sol og fint vær men til tider litt lite vind. Kl er 1900 og vinden har tatt seg opp, så no går vi med omlag 6 knop i snitt. I dag har vi bada på slep etter båten, sola oss og høyrt på musikk. Jostein har nettopp slått Øyvind i sjakk. Allan sitter i cockpiten og spelar gitar mens Kellfrid syng. 4/4-2001 På veg mot San Blas.Vi har no 149 nm att til San Blas øyene. I natt blåste det ganske bra, vinden var til tider opp i 30 knop i kasta, så vi drog inn litt på forseglet og tok 2 rev i strorseglet. Autopiloten hadde litt problemer med og holde båten på kurs når sjøen kom inn på skrå akterfra. Fekk eit par rasmuser i cockpiten, og Jostein synest det ikkje var noko serlig med salt vatn i kaffikoppen. Vinden og sjøen roa seg utpå dagen, men har friskna opp att no i kveld .. 6-8/4-2001 San Blas øyene (Panama).Forsmak på stillehavskultur Vi ankom San Blas øyene,som består av totalt 365 atoller ca 01.00 i natt. Vi hadde mot slutten hatt mindre fart en ønskeleg og kom difor ikkje inn mellom dei lave atollane, som er omkransa av skumle korallrev før det vart mørkt. Vi har ikkje papirkart over området, men med c-map på laptopen, radar, ekkolodd og ein mann på baugen, med nattkikkert, følte vi oss likavel rimeleg trygge. Men vi valgte og halde oss på djupt vatn, i le av rev og øyer og vente på att det lysna med oppankring. Vi hadde ikkje fått ut ankeret neste morgen før dei første Kunaindianerane kom i sine trekanoer for å selge "molas", som er applikasjonskunst i mange lag.(Molas er ein del av indianerane si nasjonaldrakt) Eit besøk i landsbyane som dekte heile atoller, på gjerne 200 meter i diameter, var ei interessant oppleving. Stråhyttene stod tettpakka, og det var fort gjort å gå feil og havne inn i gangen til ein og annan indianerfamilie når ein trakka rundt i dei smale gatene. konklusjon -Det må bli lite med privatliv når ein bur så tettpakka som i desse indianerlandsbyane. Ein må nok også vere forsiktig med å preike "drit" om naboen. Kan begynne å forstå kvifor indianerane, (slik vi kjenner dei fra film og "Sølvpilen"), av og til såg seg tvungen til å gå til krig mot andre indianerstammer, eller hogge hodet av ein kvit cowboy. -Ein plass må sjølv ein indianer få ut litt normal kvardagsfrustrasjon.. Hotell Porvenir Den første kvelden på San Blas tok vi ein tur innom "baren" på hotell Porvenir. (Porvenir er namnet på den mest siveliserte øya, som til å med har eiga landingsbane for småfly.) I baren møtte vi 2 backpackere fra Israel. Moti og Ori hadde betalt 250 dollar kvar for ein flybilett Panama City San Blas tur/retur. Hotell Porvenir hadde leigd ut dei 4 romma sine under tak, men hadde fortsatt ledig hengekøye plass mellom palmane. Moti og Ori fekk seg nokre ufrivillige kalddusjer nattestid, når enkelte tropiske regnbyger feide over øya. Robinson Crusoe Neste dag segla vi over til Lemon Cays, naboatollane til Porvenir. Vi droppa jernet på 3 meter og hadde fine atoller rundt oss på alle kanter. Dei fleste av atollane.var ubefolka, så ein kom fort i " Robinson Crusoe-stemning" når ein sprang "idiot" i ring på stranda.eller klatra i palmane på jakt etter kokosnøtter. Når sola gjekk ned svømte vi ut til båten og kokte langusta til middag (langustaen hadde vi bytta til oss for 5 liter bensin.) Når vi trøtte etter dagens begivenheter gjekk i køyene, sovna vi fort inn i "drømmeland "med bølgeskvulp og palmesus som bakgrunnsmusikk. Siste dag på SanBlas tok Jostein og Kellfrid ein ekspedisjon ut til ein liten atoll med gummijolla. På den lille atollen budde det ein familie som var svert vennlege, Dei gav faren i huset (stråhytta) ei pils og tok med sønnen på harpunfiske på revene, Den 16 år gamle gutten var ein akrobat under vann og dykka ned til 10 meter og fekk 4 fiskar totalt.( Jostein dykka til 4 meter og fekk 0 fisker totalt.) 9/4-2001 Porto Belo og Colon- På jakt etter gull på historisk grunn Vi ankom Porto Belo ca kl 1100 etter å ha forlatt San Blas øyene ca kl 0100 natta før. Porto Belo (den vakre havn) ligger 20 nm øst for Colon, som er den største havnebyen i Panama på karibia sida. Porto Belo var ein svært viktig havn for Spania på 16-1700 tallet. Skattane som blei stjelt i Peru blei frakta via Panama City med muldyr til Porto Belo, for så og bli skipa til Spania av den Spanske Armada. Så derfor blei Porto Belo eit ettertrakta mål for sjørøvere. På begynnelsen av 1700-tallet blei det bygd fleire store steinfort for å beskytte havna. I 1744 blei ruta til den spanske armada lagt via Kapp Horn, sannsynlegvis for og unngå piratvirksomheta i karibien. Ein spasertur rundt i det som var igjen av festningane var som og gå 300 år tilbake i tid. Jostein lette febrilsk etter gull utan hell, Øyvind testa dei gamle vaktpostane, mens Allan dreiv med historiske undersøkelser. -Den siste seglas! Vi hadde ikkje tid til meir en ein 3 timers stopp i Porto Belo. Avtalen med Frode var att vi skulle møte han i Colon den 6-8/4 så vi var allereie ein dag forsinka.Vi letta anker og satte kursen mot Colon som låg 20 nm unna. Sidan dette var den siste seglasen i karibien for denne gong ville vi avslutte med stil. Vi tok difor ut reva i storseglet, og forlenga spinnakerbommen slik att vi fekk køyre full genua. I den gode vinden gjorde vi 7-8 knop og var framme i Colon i god tid før det vart mørkt. Dette var siste seglasen for Kellfrid og Allan på Naomi for denne gong. Kellfrid som har segla med oss i tre og ei halv veke, skal backpakke 1 måned i Latinamerika før ho setter kursen heim til Norge og arbeid. Allan har etter lengre tids vurdering bestemt seg for å mønstre av i Colon. Dei lange segstrekka i stillehavet med destro mindre landligge samt eit pengeforbruk som har vore større enn ønskeleg, er hovedgrunnane for at han ville reise heim no.. Avskjeds- og velkomstfest Dei 20 nm til Colon var unna på under 3 timar. Vel framme gjekk vi inn og la oss ved Panama Yacht Club, som vi hadde fått anbefalt av andre norske båtar via kortbølgeradioen. Utan internettilgang hadde vi ikkje fått meldt fra om forsinkelsen vår til Frode, vi viste difor ikkje om han hadde vert og leita etter oss. Ca 3 timer etter ankomst satt vi i baren i marinaen og tok ei pils, - kven andre enn Frode kom "ramlande" inn. -Snakk om timing. Han hadde nett komt til Colon med taxi fra flyplassen i Panama City ( mailen om vår ankomstdato i Colon hadde han ikkje lest ----"bombe"). Det som skulle vere ein avsjedsfest for Allan og Kellfrid, vart i tilleg ein velkomstfest for Frode, som hadde mykje å fortelle fra sitt opphold i Venezuela og Colombia. Festen utvikla seg til ein minneverdig begivenhet som var ei verdig avslutning på Naomi sitt opphald i karibien for denne gong. **************************** Referat vil nok komme ein gong 10-14/4-2001 Fra Colon til Balboa - Papirmølle Det var mykje papir som måtte fyllast ut, for kanalen og den obligatoriske custom og imigrasjon mølla. Jostein og taxiagentmann Carlos "dura" rundt i tilsammen 8 timar før papirflytarane var fornøgd. Vi måtte og ut med 500 $ for å gå igjenom kanalen + 800 $ i depositum som vi får att dersom alt går bra gjennom slusene. - Avmønstring Tirsdag den 10.4 var tida komen til å seie farvel til Kellfrid som i første omgang tok fly til Venezuela. Tidleg neste morgonen var det Allan sin tur. Han reiste med taxi til flyplassen i Panama City, og hadde ein 45 timers reise foran seg før han ville vere tilbake i Svelgen. Etter å ha sagt farvel, og ønskt lykke til med kanalen og stillehavet ("-ha ein rask og farlig seglas") stod der 3 mann att på kaia. Jostein, Frode og Øyvind var klare(?) for Stillehavet. Transit Torsdag 12/4-2001 fekk vi beskjed om att vi skulle få transit for Panamakanalen neste dag Langfredag 13, om det betyr lykke eller ulykke skulle vi tidsnok få vite. Vi provianterte meir og gjorde Naomi klar for slusene. Med 5 bildekk på kvar side av båten som fendera og 4 18mm trosser på 40 meter skulle vi vere bra forberedt. For å få gå igjennom kanalen måtte vi ha 1 stk rormann, 4 stk linehandlera. Og ein los som skulle dirigere oss gjenom kanalen. Vi mangla 2 personar for å følge reglane, men det skulle vise seg og ordne seg ganske fort. Ein sør-afrikansk backpacker med navnet David Alford og ein lokal "helt" fra Panama med tilnavnet Tony Montana (oppkalt etter ein mafiaboss). David ville berre vere med av interessa for kanalen og for opplevelsen. Tony hadde jobba i kanalen som linehandlar for mange år sidan, så vi betalte han 20 $ pr dag, grunna lang erfaring. Naomi gjennom Panamakanalen Langfredag den 13 Fredag den 13. burde ein gjere minst mulig, men vi skal gjennom kanalen og må stå tidleg opp. Når frokosten intas i halv sju tida er vi i rute, og gleder oss til å ta fatt på kanalen, tiltross for den uheldige datoen for transiten. Når vi ein halv time seinare prøver å starte motoren, uten hell, faller optimismen for "storhendinga" eit par hakk. Det viser seg at begge batterisetta er fulstendig nedtappa pga ein forgløymt fryseboks. -"Hurra"-dette skal ikkje gå an foran en så viktig begivenhet. Vi må være ved kanalinnløpet kl 8:00 og det tar 30-45 min og komme seg dit, så vi begynner å få svert dårleg med tid. Vi vasker av solcellepanela, prøver å ringe en taxi (for å låne batt.) og spring som "galne" rundt i marinaen for å finne våkne folk med et batteri til låns. I tilleg mangler vi eine linehandleren vår, då "Tony Montana" ikkje har dukka opp. Stressfaktoren stiger opp mot det maksimale og vi begynner å lure på om fredag den 13. verkeleg skal bringe ulykke med seg. Etter mykje om og menn får vi til slutt lånt en 10 amp batterilader og får ganske fort start på "dyret". I siste sekund kommer også "Tony Montana" springande og beklagar forsovelsen. Hipp,Hipp,Hurra ! Naomi "durer" avgåre mot kanalinnløpet for full "musikk" i håp om att forsinkelsen vår ikkje vil skape problem. Over radioen får vi beskjed om å gå til sone B1-. Kor er sone B1 ? I vertfall nermare slusene tenker vi, og "durar" vidare, med AC/DC på full "guffe". Her vi er no er er det verken sluser, kaier eller loser å sjå. Når vi kommer lenger inn, henvender vi oss til loskaia og venter der til vi får beskjed om å gå lenger ut og vente. Transiten er utsatt til kl 1100. Vi gjorde likavel ein feil når vi gjekk inn mot slusene. Vi skulle ha venta på losen lenger ute. Losen kunne gje oss den "glad meldinga "at denne feilen ville koste oss 300 $, som var obligatorisk straff for å gå inn i kanalinnløpet uten los. Hipp,Hipp,Hurra...(beløpet ville bli trekt fra deposiumet som vi har betalt, men siste ord er endå ikkje sagt, håper vi. ) - Pannekakerøre Når vi i tolv tida endeleg kan gå mot slusene er vi fortøyd saman med ein tysk seglbåt. "Krigen er gløymt". der vi entrer kanalen som ein stor katamaran med 2 motorer. Vi legg oss midt i slusene bak eit stort lasteskip, og har to liner fra kvar båt i land. Slusepasseringa går veldig bra. På veg opp slusene får vi faktisk "tid" til å lese reglementet for transiten, noko vi angrer på når vi får sjå kor mykje reglar vi har å ta hensyn til. I regelverket står der mellom anna "Losen har krav på lunsj, kaldt drikke og skjerming mot sola." Lunsj er ingen problem då vi har litt pannekakerøre att fra vår seine frokost. Jostein steiker difor pannekaker til losen på veg opp sluse nr 2. Etter sluse nr 3 er vi klare for å entre Lake Gatun, innsjøen som fungerer som kanal mellom dei to slusepartia, opp fra Atlanteren og ned i Stillehavet, eller omvendt, eller -" same same, but difflent" som "Maxi" på Vestørn brukte å sei når han skulle bestille mat på resturanter. Naomi i krokodille land Vi kjører motor nokre timar innover Lake Gatun før vi vert henvist til ein ankringsplass for natta. Om kvelden må vi "selfølgelig"feire att vi er halvegs i kanalen, og etter ein del ankerdrammer er bading i innsjøen i lag med krokodiller, slanger, og anna rask ikkje lenger noke problem. (-Det ein ikkje veit har ein ikkje vondt av. -Det ein ikkje ser går sikkert bra.) Ut på natta får Frode og David lyst til å lage ny musikkvidio til AC/DC sin kjente song "Hard is the rock" Øyvind er regisør og filmansvarleg. ( Når vi seinare ser over filminspillinga, er det klart at Frode, Daivid og regisøren bør trene litt meir, men innsatsen er det ingenting å sei på.) 14-17/4-2001 Balboa (Panama)14/4-2001 Ein ny dag ? "Snork", "snork", slanger, skillpadder, damer, damer, frosk og damer. Vi sover godt ombord når losen entrer skuta om morningen. Det tar litt tid før vi kjem ut av "drømmeland"og forstår att ein ny dag er i emning. Etter å ha" summa" oss litt, får vi etterkvart hilst på den nye losen vår som heiter Alex. Alex er ein smilande og blid fyr som tar vårt lite tilstedeverende med eit smil. Etter ein kopp kaffi eller to, våkner vi, og gjer oss klare til avgang. Vi starter motoren, drar opp ankeret.og setter kursen mot slusene. I dag skal Naomi i salt sjøvant att . -Stillhavet venter ,-jabba dabba du! - Stillehavs debut. Slusene ned er endå enklare enn opp så kl 1400 kan vi passere Brigde of America som binder sammen Nord og Sør-Amerika og segle i Stillehavet for første gong i vårt liv. Vi Cruiser litt rundt på jakt etter ein god marina, der vi kan legge oss ved ei kai, då vi endå har litt proviantering og bunkring att. Vi finner ingen marina med kaiplass og setter etter nokre timar kursen tibake til Balboa Yacht Club, som ligg like ved kanalutløpet. På veg tilbake mens "Jesus" (autopiloten) styrer båten og vi alle ligger og "slumrer" rundt om kring, klarer vi å gå på ein sandbank. Åysann !. Etter å ha bakka oss laus held vi oss "nokonlunde" våkne" til vi kjem fram og får "kjora" oss fast til dei utlagde moringane i Yacht Cluben. Når kvelden kjem mønstrer David av etter att vi har lovd å besøke han i Sør-Afrika når den tid kjem. David skulle reise vidare med fly tideleg neste morning, så han ville legge seg inn på eit hotell nær flyplassen. Vi andre skal ikkje ut og fly så vi tar taxi til Panama City for å feire påska og kanalfarten med ein bedre middag. Det viser seg desverre at vi er litt seint ute og må nøye oss med fastfood og ein" KRAFTIG " tur på byen. "Siberia" - Ein Russisk Ekspedisjonsbåt. Ved Balboa Yacht Club låg der ca 50 andre seglbåtar som enten har gått igjenom kanalen eller som venta på transitt. Ein av båtane vi straks fekk auge på var seglbåten Siberia frå Russland. Siberia er ein 40 fots sjølbygd seglbåt som kaptein og eigar Sergey Shcherbakov har brukt 10 år på å bygge. Den 48 år gamle Sergey har bygd båten heime i Omsk i Russland og frakta den den raskaste vegen til sjøen. Den raskaste vegen til havet var på 2700 nm ned elva Ob. Siberia havna då heilt nord i Russland som var utgangspunktet for ekspedisjonen/jordomseglinga. Siberia segla videre frå elvemuningen til Cape Chelyuskin og videre dei 4000 nm til Beringstredet. Fra Beringstredet gjekk turen til Kodiak øya i Alaska og frå Kodiak til Galapagos. Planen deira var og segle rundt Kapp Horn men dei låg 2 månader etter skjema så dei valgte transitt i Panama kanalen og ut i det karibiske hav. Sergey og resten av manskapet låg no i Balboa og venta på å få sleppe gjenom kanalen så dei kunne fortsette turen nordover og heim til Russland. Her i Balboa syng og fisker dei ombord i Siberia til langt på natt.Vi har mistanke om att Sergey sansynleg vis har fått sponsa eit parti Russisk Vodka for sin Siberia 2001 ekspedisjon. Siberia vil pasere norskekysten i sommer, så det er berre å vaske ørene og halde god utkikk for dei som vil sjå den Russiske Ekspedisjonen. S/Y Fyllesjuk Søndag den 15/4 vart det ikkje gjort stort ombord i S/Y Fyllesjuk. Vi diskuterte kun reiseruta framover og fann ut at vi ville reise til Salinas i Equador før vi satte kursen mot Galapagos. Vi håper at Equador er billigere enn Panama så vi kan bunkre meir der. Enkelte meiner at Panama er plassen å bunkre for Stillehavet dette meiner vi er reine galskapen. Både Venezuela og Colombia er under halve prisen av Panama, Equador veit vi ikkje enda, gjenstår og sjå. -Mens vi venter på! Tirsdag17/4 Vi hadde i dag planer om å "klare" å segle fra denne plassen. Vi hadde i første omgang tenkt oss ut til Isla Las Perlas (perleøyene) som ligger 50 nm sør-vest for Balboa. Planen gjekk i vasken, då vi ikkje fekk fylle diesel grunna vasking av dieseltankane i marinaen i Balboa. Så vi vill stå tidleg opp i morgon og fylle diesel og prøve og nå fram til Perleøyene før det vert mørkt i morgon kveld.. Her i Balboa har vi fått god tid til å forstå at vi har brukt for mykje pengar. Etter å ha studert kontoutskrifter fra kontoane våre, ser vi raskt att dei nærmast "skriker" etter hjelp. Vi har venta på at eit "under" skal skje for å rette opp i elendigheta. Mens vi venta på at underet skal intreffe, har vi brukt dei siste dagane til meir proviantering og bunnskraping av bankkontoar. Tilsaman har vi tatt ut 1500 $ og veksla dei i 1 $ sedlar for bruk i Stillehavet. Vi grubler og filosoferer fortiden mykje over kva Stillhavet har og by på. Kartet over Stillehavet blir studert, og vi prøver å finne fram til alternative seglruter utenom den typiske melkeruta, som alle andre seglar. Ein ting er sikkert det er eit stort hav, med mange øyer og atoller. Naomi er snart på veg, "Pasific watch out"! 18-25/4-2001 Fra Panama til Equador. - 18/4-Endeleg avreiseVi stod opp kl 07.00 i dag tideleg for å fylle diesel og komme oss avgårde.Selfølgelig var det ikkje mulig å få fylle diesel før kl 10.00. Forsinkelsen ville medføre att vi ville ankomme "Perleøyene "i mørket. Klokka er no 16.00 og vi har 33 nm att til Isla San Jose (Perleøyene) som vi har høyrt skal vere ein fin plass. Har kjørt motor i 5 timar grunna fulstendig vindstille Vi har no fått litt "trekk i ryggen" og gjer 3-4 knopp med spridde segl. Det er "drepande" varmt og Øyvind har målt temperaturen til 42 grader celcius, med det nye multimetere vårt. Frode har starta fiskeriet sitt att, men med foreløpig dårleg resultat. Det er uansett flott å vere på havet igjen etter å ha "rotna vekk" i havna i Balboa. 19/4-2001 Isla San Jose (Perleøyene) "Playa Grande" som etter navnet og kartet å dømme, skulle vere ei stor strand. Vi fekk aldri godt feste for ankeret, men etter det 3. forsøket gav vi "faen" og gjekk og la oss. Det var lite vind. og med G.P.S ankeralarmen på håpte vi på at nokon ville våkne om vi dregga. Når vi vokna opp kl 07.00 i dag tideleg, låg vi "utrulig nok" på samme plassen. Playa Grande viste med første øyekast lite teikn til liv bortsett fra oss sjølv og pelikanane som gjekk og åt småkrabber på stranda. Vi hadde nokre ekspedisjonar i land der vi fant ein veg og høyrte ein" masse" merklige lydar fra jungelen som kunne tyde på att der var større dyr der, borsett fra oss sjølve. Vi skal no ete ein god middag og slappa av litt,før vi satte kursen mot Equador i 5-6 tida. På veg mot Bahia De Manta Equador. - 20/4-2001 Vindstille. I går kveld når vi segla frå Perleøyene hadde vi god vind. I løpet av natta har det stilna meir og meir og i tolvtida i dag døydde vinden heilt vekk.. Vi holdt på og tørne av segl som blafra, og ein båt som rulla. Så det var ein glede å kunne starte motoren og bevege seg i rett retnin med 6 knops fart i staden for 1,5 knop. Etter 6 timar motorkøyring har vinden komt tilbake. No gjer vi 5,5 knop med segl. Vi får håpe vinden vil halde seg. Det er litt tidleg å bruke opp dieselen når vi har 450 nm att til Equador. 21/4-2001 Bedre vind Lørdag kl 2300 Vi har no ca 395 nm att til Bahia De Manta som er første stopp i Equador og kjem til og krysse ekvator før vi kjem fram. Korleis vi skal markere "storhendinga" er enda ikkje bestemt. Vinden har holdt seg stabil fra i går og vi gjer 5-6 knop. 22/4-2001 Pirater? Vi må krysse vestkysten av Colombia for å komme til Equador. I dag tidleg mens Frode var på vakt befant vi oss ca 100 nm fra kysten av dette korrupte landet. Brått får Frode auge på ein liten båt i horisonten. Båten som er ca 20 fot med utenbordsmotor beveger seg parrarelt med oss, men i motsatt retning. Etter å ha pasert oss med god avstand, snur båten og kjem rett mot oss med stor fart. Kva gjer ein liten båt på ca 20 fot 100 nm fra kysten? Med eit kart som viser ca 3000 meter djupt vatn på alle kantar er det tvilsomt att dei er på fisketur. Frode slår straks pirat "alarm"!!! Han vekker oss andre og på få skunder har vi gjort oss klar til å forsvare skuta. I cockpiten har vi stabla opp 10 stk nødraketter i forsjellige farger, 1stk harpun og 1 stk. flyndregreip. Båten med 3 personer nermer seg og vi er forberedt på det verste. -Forberedt! -Det er vel i grunn det vi ikkje er, der vi står med kvar sin rakett i handa. På 150 meters avstand stopper båten opp. Den fortsetter å følge etter oss ei stund, før den forsvinner like fort som den kom. Pirat-alarmen blir slått av for denne gong, og vi kan pakke ned att nødrakettane våre. . - Til ettertanke! Kva ville skje om Naomi verkeleg skulle bli angrepen av pirater? Vårt einaste håp ville vel vere at piratane ville le seg ihjel, når dei såg kva vi hadde og forsvare oss med. Mest sansynleg hadde båten vi såg i dag fredlege hensikter, men den hadde merkeleg oppførsel som fekk oss til og tvile, og når vi veit at piratfaren eksisterer i dette området. Det er ikkje meir en ein månad sidan at eit Svensk ektepar vart angrepen utanfor Venezuela kysten, skipperen vart skutt i ryggen og båten robba for alt av verdi. Skipperen vart frakta på sjukehus i Trinidad, og det siste vi høyrte var att alt gjekk bra med han.Vi har tenkt og kjøpe oss ei pumpehagle i Equador. Det kan vere litt betryggande å ha når vi veit vi skal innom områder med piratfare seinare på jordomseglinga. Mest sannsynleg blir hagla kun nytta til å skyte" forvokste kakerlakker "eller villgeiter på øyane i stillehavet. I Stillehavet eksistrer det ivertfall ikkje pirater. - 23/4-2001 Nobby smykker og Vindstille. Vi er fortiden plaga med lite vind. Vindmangelen gjer framdrifta mot Equador svært dårleg, så vi har difor sett oss nødt til å supplere med litt motorkøyring for å komme oss framover. Øyvind og Frode imponerte voldsomt i dag, dei har nemelig klart å finne seg ein tilsynelatande svert interesant hobby. "Nobby smykke-binding". Arbeidet går ut på og demontere gamle nobby smykker, og sette dei saman igjen etter eigen design og inspirasjon. Dei er svert opptatt med arbeidet sitt. Fiskarane som tidlegare i dag dreiv og trekke inn flytelina si, vart difor ikkje registrert før vi hadde kjøyrt over lina og blitt ropt til fra 5 meters avstand. Fiskarane var heldigvis i godlune, og tok vårt dårlege sjømannskap med eit smil. Vi gav dei ei øl på kvar og kjøpte ein Dorado(gullmakrel) på 10 kilo for 2 $.Etter denne "transaksjonen"var alle glade og fornøgde. Fiskarane hadde gjort ein god handel og Frode og Øyvind kunne falle tilbake til sine kunstverk uten fleire forstyrrelsar.. - 24/4-2001 Ekvatorkryssing I dag kl 12.30 kryssa Naomi streken som skiller nord fra sør. Vi var forberedt på at dette skulle vere ein stor begivenhet. Men vi såg liten eller ingen endring verken i sjøen eller på himmelen. Framdrifta mot Bahia De Manta går svært tregt så vi kjem ikkje fram før i morgon tidleg. - 25/4- Land i sikte Klokka 9.00 om morningen kan vi stå med kikkerten og speide etter "senoritas". Vi har endeleg fått Bahia De Manta i baugen etter "historiens" seinaste seglas, med lite vind og motstrøm. Det er altid ein stor begivenhet å komme inn til ein ny plass etter mange dager i sjøen, spesielt når ein ikkje har den minste aning om kva som venter ein. Om Bahia De Manta veit vi svert lite, men etter kikkerten å dømme ser det ut til å vere ein liten by. Om ein time vil vi vere framme, då gjenstår det berre å utforske kva Manta har å by på.
I nermaste framtid vil du få lese om korleis vi opplevde Equador Følg med i neste reisebrev fra oss gutta på tur
|