
Reisebrev 21Tilbake
til reisebrev
Reisebrev Fiji - Salmon
øyene
Med nytt manskap på nye eventyr.
Planar og reiserute har blitt endra mange gonger sidan Naomi
segla frå Svelgen i august 1999. Etter at vi kom til Fiji øyene og det
opprinnelege mannskapet måtte reise heim, har Naomi her fungert som eit flytande
backpakermotell. Etter snart 2 år på denne øygruppa forsetter no seglasen vidare. Med
ny besetning har vi no segla 580 mil, og befinner oss på ei øygruppe som heiter Vanuatu.
Den vidare reiseruta går først mot dei avsidesliggande Solomon øyene, deretter opp til
dei lite besøkte atollane i Mikroensia. Her skal jula feirast, før vi lader
"saltbørsene" og seglar gjennom Filipinene til Borneo, Singapore og opp
Malaccastredet til Thailand. Ruta vi har valgt er lite brukt, og det er med spenning og
eventyrlyst vi no har lagt i veg på denne 6500 mil lange etappen.
Farvel til Fiji
Det var mykje som måtte orndast før vi kunne forlate dei siviliserte Fiji-øyene. I 3
månader hadde Naomi stått trygt på land medan eg var heime i Svelgen på eit alt for
kort arbeids- og feriebesøk. På kort tid skulle no alt gjerast klar for vidare
havsegling. Båten hadde allereie opphaldt seg ein månad for lenge i landet, men sidan eg
venta på mannskap frå Norge, fekk eg (under bordet som vanleg) forlenga dette med
ytterlegare 3 veker. Den 29 september kunne vi offisielt utklarere, men før vi segla ut i
opent hav tok vi eit siste cruise opp gjennom den fine øygruppa. Etter fleire veker med
båtreperasjonar og proviantering var det ein god kjensle å no kunne slappe av med sol,
segling og gjerne ei kald pils.
Mannskapet
Om bord i Naomi er vi fortida ei svært tilfeldig samansett besetning. Mannskapet består
av. Marianne og Solaug, bette frå Stavanger-området, Hans Jacob frå Tønsberg og meg
sjølv. Marianne si tidlegare seglarerfaring bestod av 3 veker innaskjærs segling på
Naomi. Dette var for 6 månadar sidan då ho var innom Fiji på veg heim etter ein lang
ferie som backpacker. Ho skal no vere om bord til vi kommer fram til Filipinene i februar.
Solaug tok kontakt etter som eg søkte etter meir mannskap på nettsidene her . Ho har
reist mykje tidlegare, men aldri vore i seglbåt før. Kor lenge ho skal vere med er i
skrivande stund uvisst.
Hans Jacob, som er Harley Daividson entusiast og hobbymekanikar møtte vi når han
saman med to kameratar kryssa Atlanteren i motorsegaren Valhall i 2000. I fjor haust kom
han ut i skikkeleg ruskevèr når han var med og segla ei 34 fot Colin Archer skøyte fra
USA til Norge via Grønland og Island. Utanfor sør av Grønland kom dei ut i ein storm
med vind over 65 knop. Både båt og mannskap fekk mykje juling før dei la til kai på
Island. Ein mann vart skylt over bord i 10-15 meter høg sjø, men sikkerheitslina berga
han.
Isfjell slepper vi heldigvis å bekymre oss for her nede i Stillehavet. Meir
utfordrande blir det å sjå korleis vi alle klarer å leve så tett saman. Få kjenner
kvarandre fra før, og vi har valgt ei rute der vi til tider vil vere svært isolert frå
andre. Korleis dette vil gå gjenstår å sjå.
Livet om bord:
Når vi segler på ope hav og vèret er bra, deler vi natta opp i vakter for å sjå
etter andre båtar
Så lenge det ikkje bles for mykje styrer den nye autopiloten. Med 4 personar om bord
sitter vi 2 timer på vakt i gongen. På dagtid går tida med å lage matlaging, lesing og
avslapping. Kokkejobben går på omgang, og vi baker brød omtrent kvar andre dag.
Vasstankane på Naomi er på 350 liter, og om vi er usikre på vasskvaliteten i neste
hamn, må vi spare. Morgondusjen blir difor erstatta med å henge i eit tau på slep bak
båten. Naomi med sine 38 fot har heller ikkje allverdas med boltreplass.
Sjølve cockpiten fungerer som stue, og blir ein lei av mas og gnål, så er fordekket
regulert til eit slags freda park- og rekreasjonsområde. Seglas på ope hav kan av og til
vere litt kjedeleg, men i grunn går dagane ganske fort, og før ein veit ordet av det,
har ein landkjenning att.
Kulturjakt på Vanuatu Øyene .
Etter ein 4 dagars drømmeseglas med 10- 15 knops vind i ryggen, fekk vi dei austlegaste
av dei i alt 80 øyene som tilhører Vanuatu i syne. Øyene her er langt mindre siviliset
enn på Fiji, og den tradisjonelle kulturen er betre bevart. Befolkninga var også her
kannibalar, og praktiserte dette heit fram til misjonærane fekk lært dei betre matvaner
så seint som på 1900- talet. Før den tid var det vanleg skikk å kunne overrekke sin
nabolandsby ein fot eller ein arm klar til tilberedning. Mange av misjonærane som ikkje
vart grilla og spist døyde gjerne av sjukdomar som til dømes malaria, og det tok difor
lang tid å kristne lokalbefolkninga
Det lokale språket heiter pitcin-engelsk og er svert morosamt og fantasifullt oppbygd
Att for eksempel "mixmaster belong to Jesus" betyr helikopter burde
med litt godvilje være forståleg nok.
Vulkanar, overtru og treskjæring.
Vanuatu øyene er grønne og frodige med mange fine fossefall og kulpar.
Øyene har også mange aktive vulkanar som er lett tilgjengelege. På øya Tana var vi på
kvelden oppe på toppen og såg ned i eit 400 meter djupt "Helvete" Det gnistra
og buldra og vi kan forstå at lokalbefolkninga har stor respekt for dette naturfenomenet.
På enkelte øyer forbyr dei innfødde som er svert overtruiske å la folk gå opp til
vulkanen utanom på visse tider av året.. Om ein trosser dette forbodet er dei redde for
at vulkanen vil utrykke sin forbannelse ved å svartlegge åkrar og plantasjar med
å oske og støv.
Dei fastbuande er svært dyktige treskjerarar, og på øya Anbryn er dette ein viktig
del av kuturarven. Dei imponerande tam tam trommene som blir lagd, er alt frå 1
til 6 meter høge. Det er ikkje kven som helst som har løyve til å utføre desse
kunststykka. Første bod er å fange ein vill gris og drepe den med ei spesiell griseklubbe.
Grisen må så gjevast i gave til ein av den eldre garde som då tek på seg oppgåva som
læremeister. Læretida er lang, og ein har dei første åra berre løyve til å lage dei
minste treskjæringane.
Provisoriske reperasjoner.
Etter 3 kulturelle veker på Vanuatu befinner har vi no kome til ein søvnig liten
småby som ligg langt nord i øygruppa. Proviantlageret blir no fyllt opp, og vi har gjort
litt nødvendig reparasjonsarbeid på skuta. Etter mange år med salt og sol begynner
segla å bli i svært dårleg forfatning. På ein dag med litt vind, revna storseglet i
to, og vi har no måtte ta i bruk reserveseglet som også er over 20 år gammalt. Etter at
vi også fant mange skader på stag og vant i riggen, er det heit klart at det er på høg
tid med fullstendig utskifting. På den lokale jernvareforretninga fekk vi kjøpt ein wire
som vi provisorisk har forsterka akterstaget med. Skikkelege deler finst ikkje her, og vi
har heller ikkje tid til å vente på deler frå andre plassar sidan syklonsesongen er i
emning. Vi håper difor at segl og rigg vil halde saman til vi ankommer meir prisvennlege
Filipinene ein gong i februar.
Mot Salmon -øyene
Turen går om få dager vidare nordover til nokre avsidesliggande øyer, før vi
krysser over mot dei lite besøkte Solomon-øyene. På desse øyene finst dei beste
treskjærarane i Stillehavet, og vi har fyllt opp skuta med alt frå såpe til T-skjorter
som vi skal prøve å bytte til oss dei fine suvenirane med.
Sidan det på Solomon øyene har vore borgarkrig dei siste 5 åra, og dei også har den
største tettleiken av malaria i verda, har turismen aldri fått innpass. Med den avgrensa
informasjon vi har fått, blir det no spennande å sjå korleis forhalda verkeleg er.
Dei fleste seglbåtane her på Vanautu setter no kurs mot Australia eller New Zeeland
for syklonsesongen. Forutan oss sjølv er det likevel nokre amerikanske seglarar som har
tenkt seg same veg .
Vi vurderer no om vi skal segle i kjølvatnet av "The star sprangeled Banner"
og la dei ta seg av eventuelle militære konfrontasjonar. Lille Noreg kan så komme bak og
i kjent stil bistå med fredsmekling. Sjølvsagt har Naomi "kjernefysiske"
våpen om bord, men desse er kunn egna til å drepe malariamygg.
Om vi ikkje går tom for myggspray på Solomon-øyene, vil neste reisebrev fra Naomi
komme fra Chuuk atoll i Mikronesia.
Vi vil nytte høvet til å ønske Firdaposten sine lesarar, samt familie og venner ei
riktig god jul og eit godt nytt år.
Alt vel med Naomi og mannskap.
|