Reisebrev 19 Mot eit nytt år på Fiji 6 døgn tok seglturen fra Fiji til New Caledonia. Flyturen tilbake tok oss berre 2 timar. Fra New Caledonia stod valget om enten å fly heim til vinter og arbeid i Norge, eller tilbake til sol og sommer på Fiji. Til tross for at bankkontoen nærma seg frysepunktet vart fristelsen til å reise tilbake for stor. Den siste hektiske tida under arrest, og seglturen med den "gale" svensken, var på ingen måte den rette måten å forlate Stillehavet på. Det var no ein befrielse å sette Naomi tilbake i sitt rette element, og vere kaptein på eiga skute att. Med blått hav, kvite strender og palemsus, vart fort den siste turbulente tida gløymt. På Fiji var no båtsesongen over, og dei fleste seglarane hadde segla til New Zeeland eller andre plasser for syklonsesongen. På Øya Mololo Lailai som har fleire resorts og eigen Yacht club hadde det to måneder tidlegarte vore over 150 seglbåtar fra heile verda. No låg det berre 2-3 båter att. Ein av båtane som fortsatt låg for anker, var den norske båten Qveentalla med kaptein og båteigar Alf Tveit fra Gulen i Sogn. Gjennom SSB radioen hadde vi helde kontakt i lang tid, og vi rakk fram i tide til eit avskjedsparty. Også dei sette kurs mot New Zeeland. Gjennom SSB radioen vart det rapportert om ein svensk aleinesegler som mista båten når han i dårleg ver kolliderte med ein fraktebåt på veg til New Zeeland. Båten sank, men mannen vart heldigvis berga. På dette seglsrtekket kan dei fleste fortelle om kuling og storm. Seglarane rømmer unna sykonfaren på Fiji, men kjem i staden ut for problemer på grunn av det røffe veret mot New Zeeland. Realiteten er at det er meir båter som synk eller havarerer på grunn av det normalt dårelege veret, en båter som blir øydelagt av sykloner på Fiji.
Etter eit par avslappande veker, begynte vi å ta med oss backpakkere og reisande som ekstra betalande mannskap. Siden ein ikkje har arbeidstillatelse i landet, må ein være litt forsiktig så ikkje myndighetene hevder at ein driver chartervirksomhet. I følge regelverket fra custom har ein ikkje lov, til a ta på seg lønna arbeid. På den andre siden, så må jo ein båt ha lov til å ha manskap. Eit flygeblad vart difor hengt opp på internettkafear, rundt omkring. Dei fleste som har vært med på tur, har vært svært lykkelege over å komme om bord i ein seglbåt. Å segle fra øy til øy er også utvilsomt den beste måten å oppleve Fiji på. Besøk fra Norge. Den 15 oktober kom det også besøk fra Norge. Ragnhild Utvik Gjerde fra Oslo hadde sett at Naomi søkte manskap på www.naomi2000.com og rømte difor unna kulda for å få 2 måneder med sydhavssol på seinhausten. Ragnild hadde segla før og det var fint å få med nokon som hadde litt erfaring og kunne bidra med ting om bord. Dei fleste backpackerane som ein møter, har aldri vore i båt før, og ein kan av og til bli lei av repetere korleis ting fungerer om bord.Ei Engelsk jente som var med kom ein dag med eit spørsmål som vi begynte å lure på. Ho skulle prøve og styre båten medan vi motorsegla og lurte i den samanheng på kva ho eigentleg styrte når ho svingte på rattet. Segla eller båten?!
Den 1. desember reiste Shelly heim til Holland og ventande famile. Ho skulle eigentleg berre vere heimafra i 5 mnd, men hadde no vore vekke i over 1 år. Den 18 Desember reiste også Ragnild heim til Norske julefeiring og arbeid. Eg sjøv la båten i ein marina, og reiste til hovedstaden Suva og feira Jul med våre "Galne" gamle dansker venner. Året før hadde vi feira jula i hagen til ein indisk souvernirselgar. Med våre danske venner vart det no svinesteik, og litt meir nordisk preg på høgtida. Nyttårssyklonen. I romjula ringte telefonen, og eg hadde folk fra 4 forskjellige nasjonaliteter som ville segle samtidig. Ein polakk, to svensker, ein danske og ei norsk jente. Denne seglasen og den planlagte nyttårsfeiringa på Partyøya Beachcomber, måtte likevell desverre avlysast sidan syklonen "Erika" no hadde satt kurs mot Fiji. Denne syklonen som ei veke i forvegen hadde utvikla seg rett nord for Fiji gjekk først ein nordvestleg kurs og senteret traff ei av dei sørlegaste av Solomon øyene .På eit tidspunkt var den 1000 mil vekke, før den dreia i ein stor sirkel og bestemte seg for å sette kurs tilbake mot Fiji. På nyttårskvelden låg senteret av syklonenen berre 250 mil i vest, og folk var begynt å bli forberedt på at den kunne treffe øygruppa. Eg segla Naomi til den mest syklonsikre marinaen og i lag med andre seglarar og venner feira vi syklonen og det nye året medan vi venta på neste verrapport. Ein del seglarar hadde allerede ribba båtane for segl og utstyr, og gjort båtane klare til å ta imot "fienden". Heldigvis endra syklonen retning i løpet av natta, og sette kursen sør og døyde ut. Denne syklonen skal vere den kraftigaste syklonenen som er målt i Stillehavet. Vindstyrken var på over 190 knop med kastevinder opp til 220 knop. Den mislykka grisejakta.I mangel på fast mannskap tok eg for ei tid med meg den 22 år gamle Fijianeren John. Han hadde vi møtt i ein landsby i den nordlege Yasawasøygruppa, og vi vart kjent på ein litt spesiell måte. John hadde vore guide for oss, og var med oss og dykka i nokre fantastiske undervannsgrotter. Når vi tilbake i båten satt og drakk kaffi, ropte broren hans fra land, og ville ha med John for å fange ein vill gris. Eg tok med meg video kameraet, og ville filme grisejakta, som skulle foregå med harpunen som vi har i båten. John skulle skremme grisen til å komme ut fra krattet, medan broren skulle prove å skyte grisen fra den andre sida . Harpunenen er berre beregna for å skyte fisk, og er ikkje kraftig nok til å drepe ein fullvoksen gris. Grisen kom med eit i fullt sprang ut av krattet, og John sprang med grisen like bak. Grisen angreip og beit han kraftig i begge beina. Eg sjølv stod oppe i eit lite tre, og fikk heile grise dramaet på film. John hadde fått bitt av to kjøttbiter på kvar legg, og det såg ikkje særleg fint ut. Vi tok han difor med ut til båten bandasjerte han og gav han antibiotika. Neste dag måtte eg ta med meg vidokameraet til landsbyen, sidan dei 200 inbyggjarane vile sjå den mislykka grisejakta på film. Når dei såg filmen, og kunne høre at jonn skreik når grisen kom springande bak han, lo dei så dei holdt på å forkomme. Att John gjekk rundt med krykker og to store kjøttsår - det var ikkje så farleg.- Pytt pytt.
Syklonen som traff Fiji. Den 15 januar vart det gjennom radioen varsla om ein ny syklon som var på veg mot Fiji. Eg hadde då foruten John, eit heilnorsk manskap om bord. Espen, Terje og Kristine hadde studert i Australia i 3 år, og var no på veg heim, med ein innlagt feriestopp på Fiji. Vi hadde i ei veke cruisa rundt i den sørlege Mamanukas øygruppa, og var på veg nordover i Yasawas øygruppa, når vi fekk syklon varselet på radioen. Vermeldinga kjem ut 4 ganger for dagen på SSB radien, men dagen i forvegen, hadde vi gløymt oss vekk og ikkje lytta i det heil tatt. Sidan denne syklonen utvikla seg rett nord om Fiji, var det på høg tid vi fekk varselet. I stedet for den planlagte turen nordover, vart det istaden satt fulle segl tilbake dei 30 mila til marinaen.Vi ankom rett før det vart mørkt, og det var bra, sidan det begynte å blåse kraftig i mot på slutten, og vi ville fått ein strabasiøs tur, om vi hadde venta ein dag lenger. Syklonen hadde i grunn kurs mot den vestlege sida av Fiji som vi befinner oss. Heldigvis endra også denne syklonen retning, og traff istedet den nord-østlege delen av Fiji Det vart rapportert om mykje skader på øyene som vart hardast ramma. Ca 15 personer omkom i dagane etter at syklonen traff. 6 av dødsfalla var fiskarar som reiste ut for å fiske i småbåtar, før sjøen hadde lagt seg. Dei 9 andre omkom sidan ei elv gjekk over sine bredder, og vaska med hus på sjøen om natta. I marinaen som vi befant oss med Naomi, blåste det berre 30 knop. Det vart heller ikkje rapportert om seglbåter som var øydelagt. Etter nokre dager med regn og dritver kom sola og sommeren tilbake og vi kunne omsider segle den planlagte turen nordover. Lyden av vekkerklokka minner ein fort om arbeid og slit heime i Norge. No vart den teken i brukt for å huske vermeldinga . ![]() Espen og Jostein med Naomi Og øya Waya Lailai i bakrunnen
|
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
|