Reisebrev 17

Tilbake til reisebrev

600 MIL FOR EIT STEMPEL I PASSET.

         -og så i arrest…

" - Din båt er under arrest. - Du har ikkje løyve til å gå i land eller forlate skuta." Blodtrykket til den tidlegare så smilande immigrasjonsoffiseren har stege "katastrofalt". Passa blir inndregne og siktelsen er brot på dei fleste reglar i forhald til visum og inn- og utklarering av landet. Eit forsøk på å blidgjere den uniformerte ved å overrekke fleire pakker av Fiji sin nasjonaldrikk "Kava" hjelper ikkje. Det han vil ha er ei skriftleg forklaring. - Og den bør vere god.


FORKLARING

Den 3. juni utklarerte vi med Naomi for Vanuatu øygruppa som ligg 600 mil vest for Fiji. Vi hadde då cruisa rundt på Fijiøyene i 6 mnd. og turistvisuma våre var utgått. Til tross for at vi var utklarert, oppholdt vi oss likevel illegalt på Fiji. Vi hadde ferdig kopierte kart og planen var at ferden skulle fortsette mot Solomon-øyene, Micronesia og Fillipinene. Problemet var at vi trengte meir mannskap for å dele på utgiftene. Skipskassa var bunnskrapt og Øyvind var difor begynt å vurdere om han måtte reise heim for å jobbe. Medan Øyvind venta på svar på finansiering, og vi var i E-mail kontakt med interesserte mannskap gjekk tida. I grunn hadde vi også god tid, sidan beste tida for å gå opp nord for Ekvator var i desember når syclonseongen begynner i det sydlige Stillehav.

Medan vi talde småpengar og hadde håpa at vi hadde ein rik onkel i Amerika tok vi for første gong på 2 år på oss "eit vetig stykke lønna arbeid". I ein marina vart vi kjent med ein 76 år gammal svenske som var eigar av ein 44 fot stor seglbåt. Arne var ramma av minst "3. grads Alzheimer" og trengte hjelp til både å reparere og segle båten til Middelhavet. Medan vi jobba og tjente litt pengar på forskjellige reparasjonsoppdrag begynte tanken om å segle med svensken til Middelhavet å bli meir interessant. Betaling for jobben og gratis mat var i grunn eit svært fristande tilbod. -


600 MIL FOR EIT STEMPEL I PASSET.

Når Øyvind kranglar seg gjennom tollen på flyplassen for å fly heim til Norge, var Naomi på veg mot den franskeigde øya Fortuna som ligg nord for Fiji Formålet med seglasen var å få eit stempel i passet og få orden på skipspapira så vi kunne komme lovleg tilbake til Fiji og innklarere i landet på nytt. Planen var vidare å sette Naomi på land og hjelpe "Søta bror" med seglasen til Middelhavet. Etter å ha snakka med ein seglar som hadde vore på Fortuna tidlegare fekk vi vite at på denne øya tok dei ikkje skipspapir og formalitetar så alvorleg .

Dette var nettopp den rette øya for Naomi å besøke . Når Øyvind flydde heim fra Fiji, stod han fortsatt oppført som mannskap på Naomi. Problemet var at sidan vi allereie var utklartert fra landet, kunne vi ikkje gå til custom og endre på skipspapira eller inklarere nytt manskap som reglane krev. Øyvind fekk bråk på flyplassen sidan dei då kunne sjå i passet at han hadde vore over 1 mnd. illegalt i landet. Det er likevel begrensa kva dei kan gjere, når flyet står klart til avgang.
Å vere kaptein på ei mannskapslaus skute var uansett lover å regler ein uhaldbar situasjon. Dette ordna seg når den 19 år gamle backpackeren Shelley frå Holland ville være med på seglasen.
Ho hadde passa på båten og hunden til ein Amerikansk 50 år gammal militæroffiser i ein mnd, og var svært glad for komme seg vekk fra skrikande ordrer og over til Naomi som har eit vesentlig meir udisiplinert miljø.


PÅ VEG NORDOVER

Seglasen gjekk i første omgang i øy-hopping nordover i Fiji øy-gruppa. Øyene og naturen er fantastisk, men ein må vere svært forsiktig sidan her er meir undervannsrev enn kanskje nokon annan plass i verda. Sidan øyene er vulkanske har det i område rundt Fiji kome opp nye rev som ikkje er avmerka på kartet. For å minske risikoen segler ein difor berre på dagen når ein har sola midt på himmelen og kan sjå reva i tide. Marerittet ville være om Naomi skulle havne oppå eit av dei skarpe korallreva. Etter at båtforsikringa steig med 100 % og kasko på båten kom over 30 000 kr i året, fornya vi ikkje forsikringa når den gjekk ut for eit år sidan. I tilleg til eigen risiko er manglande båtforsikring ein god motivator for å halde god utkikk. Det er uansett ein uvant følelse å for første gong ikkje ha med erfarent mannskap som kjente Naomi fra før og viste kva som skulle gjerast. Det gjekk likevel greit, og Shelley lærte fort korleis det meste fungerte.


Etter at autopiloten vart øydelagd vart det med berre 2 personer mange timer ved rattet. - Shelley styrer og maskoten Snupi holder utkikk.

- Dritt vær.
Etter å ha segla frå øy til øy nordover i 1 veke, ankom vi den frodige øya Taveuni. På desse nordlegaste av av Fiji-øyene er det ikkje så mange båtar eller turistar som besøker. Det var difor meir interessant å sjå seg omkring, sidan lokalbefolkninga lever meir på tradisjonelt vis. Taveuni var siste stopp før den 200 mil lange overfarten mot øygruppa Vales og Fortuna, og vi slappa av nokre dager her, medan vi venta på betre vermelding. Denne seglasen som gjekk på kryss mot passatvinden var ikkje særleg koseleg. Når vi starta om morningen var veret bra, men allereie fyrste kvelden byrja det å regne og vinden tok seg opp. Med 3 rev i storseglet og berre ein liten flik ute på forseglet, segla vi så hardt opp mot vinden vi kunne. Regnet hølja ned, så vi holdt oss innandørs og stakk berre hovudet ut luka for om mulig å kunne sjå andre båtar. Omtrent halvvegs fekk "Jesus" (autopiloten) totalhavari. Med å justere på segla klarte vi likevel å halde båten på kurs utan å måtte sitte ved rattet og styre manuelt. Etter 2 døgn med lite søvn fekk vi omsider øya inn på radaren tidleg om morningen. I den einaste mulige ankringsplassen på øya låg den 55 år gamle finske soloseglaren Timo og tok i mot oss. Timo som er motormekanikar og alt muligmann, hadde vi hatt mykje kontakt med på Fiji. Han hadde for 11 år sidan vore busett og jobba i Sverige og hadde tapt 50 tusen kroner under bankkrisa som då rådde i landet. Det siste han gjorde før han segla var å låne samme beløp uten å ha til hensikt å betale tilbake. No livnærte han seg med å reparere motorar og forskjellig gjere mekanisk arbeid for andre seglarar. Når han vart for gammal til å segle var planen å slå seg til ro på ei øy i Stillehavet. Han ville då starte ein liten heimebrentfabrikk og selge heimebrent. Som finne viste han selvfølgeleg korleis konsistensen skulle være.


Shelly og Timo ved ankringsplassen på Fortuna.


FORTUNA

Øya Fortuna er det få seglbåtar som besøker sidan der berre fins ein mulig ankringsplass. Den små bukta gjev god beskyttelse for passatvinden, men skulle vinden snu over til sør eller vest må ein være rask og forlate øya. Grunna dei usikre ankringsforhalda fekk vi lov å inn- og utklarere samtidig.
Futuna er franskeigd og prisnivået er minst 3 gongar høgre enn Fiji. Sidan banken berre besøkte øya ein gong i månaden fekk vi (heldigvis) ikkje veksla penger og kjøpt stort. Turisme finnast ikkje og lokalbefolkninga var difor svært vennlige og gjestfrie. Problemet var å kommunisere, sidan ingen snakka engelsk, og våre franskkunnskaper begrensa seg til "bonjour" og "sava". På Custom kontoret var det gjerne like greit at komunikasjonen var dårelg, sidan Naomi sine skipspapir var fullstendig feilaktige. At Øyvind fortsatt stod som mannskap og Shelley ikkje stod der i heile tatt vart ikkje bemerka.

Ein dag medan vi var på øya kom eit stort containerskip for å levere varer til Øya. Når dei ankom om kvelden og prøvde over radioen å få kontakt med Fortuna Port Control, braut vi inn på radioen sidan Fortuna port control låg og sov. Vi hjelpte dei med fortøyning og fekk neste dag belønning for det. Vi vart invitert på ein kjempegod middag om bord, og kapteinen gav oss etterpå løyve til å forsyne oss fritt fra båten sitt proviantlager.
Etter ei hyggeleg veke på Fortuna sa vi farvel til Timo som segla vidare til Western Samoa.
Sjølv satte vi kursen tilbake til Fiji. No med nye korrekte uklareringspapir og ikkje minst stempel i passet.


TILBAKE MOT FIJI

På tilbake vegen hadde vi vinden i ryggen, og med øydelagt autopilot var det umulig å få båten til å gå rett veg uten å handstyre. Sjølv om det er trøytsamt å handstyre i timesvis kunne vi ikkje klage sidan finværet var tilbake. Shelley som aldri hadde segla før var glad ho no også fekk oppleve korleis havkryssingar kan være når sola skinner og sjøen er roleg.


Etter å ha handstyrt båten i 2 døgn var det fantastisk å ankre opp i den fine vika på øya Rambi på Fiji.


Tilbake på Fiji-øyene ankom vi først den vesle øya Rambi. Lokalbefolkninga på øya er ikkje Fijianere, men stammer fra Kiribati-øygruppa som ligg 500 mil nord om Fiji. Unguten som berre vart kalt "mama" var svert vennleg og spanderte ein alkoholhaldig drikk som blir kalt "doddy". Dette er ein drikk som blir tappa ut av eit kutt i palmetrea, og som etter at den har stått og gjæra seg i nokre dager, gjev ca 10 % alkohol. (Den gjæra seg også etter at vi drakk den, noko som vi merka i magen i etterkant.)


Mama tok oss med opp på ein fjelltopp for å sjå gravkammeret til ein gammal høvding på Øya. Toppen vart tidlegare brukt som utkikkspost for å varsle om inntrengarar. Hadde vi kome 100 år tidlegare hadde vi sikkert blitt grilla og oppetne. Mama forklarte oss beroligande: "- Eg kan ikkje drepe dykk, for eg trur på Gud."


Etter 4 dager på Rambi tok vi turen vidare og besøte det danske og nederlanske seglarparet Jyte og Arold. Dei bur i båten sin, men kjøpte for 11 år sida eit idyllisk landområde og har no ein liten farm med tilsaman 15 forskjellige typar frukttre, samt hest og kyr.


UNDER ARREST

Etter i veke på dei fijianske øyene var det på høg tid å segle til småbyen Savu Savu for å klarere inn i landet att. Innklareringa gjekk i første omgang fint og Naomi fekk som nyankomen båt løyve til å være eit år i landet. Problemet var at den unge immigrasjonsoffiseren såg svært nøye gjennom Shelley sitt pass. Når han kunne sjå at ho hadde vore ute av landet, utan å først ha vorte utklarert fra Fiji, starta problema som vi hadde håpt vi skulle sleppe. Custom ringte til havnekontoret som eg og Øyvind hadde utklarert frå. Då fant dei Øyvind i skipspapira. "Kor var han.? " At han var heime i Noreg vart ikkje trudd før vi fekk skriftleg stadfesting fra lensmannskontoret i Svelgen. Etter 2 veker med brev skriving og avhøyr, kom ein etterforskar frå Custom med fly frå hovudstaden Suva for å granske saka.

Indieren var svært morsk, men var heldigvis mulig å forhandle med. I følge regelverket var minimumsbota 20 000 kr, eller importskatt av båten sin verdi. Etter 3 dager med intense forhandlinger der eg nesten hadde solgt Shelley til indieren kom vi til ein konklusjon. Indieren førte våre ugjerningar under ein paragraf der bota berre var 8000 kr til Custom og 600 kr i lomma til indieren. Heile saka verka i grunn som eit pokerspel og det er vanskeleg å vete kven som var lurt, sidan ein ikkje veit kor korrupt systemet kan være.
Om kvelden etter 26 dager i arrest i Savu Savu holdt vi avskjedsparty med folk vi var blitt kjent med, og kunne omsider feire at vi formelt var innklarert i landet att.

Svert forsinka vart no kursen sett mot marinanen der den gamle svensken venta på oss.


Avmønstra navigatør Allan Dyrstad si marineuniform (med nokre ekstra
innsydde striper), har vore prøvd av mange på turen. Ein gut vi vart kjent
med utgjer seg her for å vere Custum Officer i Savu Savu. - "You are free".

 

 



logo_smd7.jpg (13833 bytes)



annonse_dahl.gif (7434 bytes)

annonse_stat.gif (10301 bytes)

Modus Media

Vest Intenett



T-shirt Mania

Interfoto><BR><BR>
<IMG SRC=