Reisebrev 17

Tilbake til reisebrev

S/Y NAOMI CRUISE               (mars – juni 2002)

Etter at Ekspedisjon Dancing Lobster var vel overstått, var vi etter 3.5 mnd i Suva etterkvart klare for å komme oss vidare. Vi hadde i Suva blitt kjend med ein finsk aleinseglande motormekanikar, som tok på seg ymse reparasjonsoppdrag for andre seglarar. Timo hadde gjeve oss ein god pris på ein liten overhaling av Perkinsen i Naomi. Så når vi omsider kom oss avgårde, var båten i svært bra stand. Med nyoverhalt motor, reparerte segl og etterlengta sol- og regnskjermar til cockpiten ville vi no prøve oss i charterbransjen for å få påfyll i vår svært så bunnskrapte skipskasse. Vi sette difor kurs mot vestsida av Vitu Levu, som er den største turistplassen på Fiji.

På vegen beit ein riktig storfisk på fiskesnøret. Sverdfisken, av typen Blue Marlin, som vi til slutt fekk om bord i gummijolla var ca 2.7 meter lang og tung som ein stein. Utan klepp vurderte vi faktisk å skyte "monsteret" med ei av dei 12-kalibra haglene vi kjøpte i Equador. Vi fekk aldri smakt på fisken sjølv sidan vi gav den vekk til ein liten landsby på øya Beqa I. Dei vel 100 innbyggjarane sette stor pris på gaven sidan dei der skulle halde begravelse for ei død kone. Fisken vart rekna for vår "sevu seuv" (Ankomstgåve) og vi vart også høgtidleg invitert til seremonien som skulle starte tidleg neste morning.

Bilde 1 Fisk.JPG (87077 bytes)
Sverdfisken på 2,7 meter kunne mette mang en person.

Party Time

I Suva var det lite turistar og backpackere å treffe. Overgangen til vestsida av Fiji var difor stor. På dei 2 store øygruppene Mamanukas og Yasawas finst der minst 50 resorts av forskjellige størrelser og prisklasser. I tillegg er det øde øyer, og tradisjonelle landsbyar. Felles for dei ca 100 øyene er at ein kan segle på nermast flatt hav, sidan ein er beskytta for den søraustlege passatvinden

Etter at vi ankom dette omradet, forstod vi ikkje kvifor vi hadde vore så lenge i regnfulle Suva. Det er ikkje å nekte for at vi var litt småkongar, når vi kunne ankre opp utanfor resorta, og fortelle andre skandinavarar at vi hadde segla frå Norge til Fiji. Den største partyøya heiter Beachcomber og er ei lita rund øy på ca 200 meter i diameter. Vi var blitt tipsa om denne øya av kapteinen på Måløy båten Vestørn, som var der 5 år i forvegen. "Of course i remember Vestørn and the crazy captain Maxi" sa den eldste bartenderen på Øya smilande. Og så vart det gratis rom og cola. – På beachcomber er det levande musikk og bula dans kvar kveld. Å bu på øya koster ca 250 kr natta. Er du i eigen båt kostar det ingen ting å gå i land, så lenge du legger att litt pengar i baren. – Og akkurat det klarte vi som regel ganske så bra.

bilde2 musket cowe..JPG (32545 bytes)
Etter at vi traff 5 norske studenter vart Naomi godt bemanna. Her er vi på øya Malolo Lailai.

På øyene traff vi mange som ville være med å segle på Naomi . Med norsk flagg i masta og på gommijolla vart det mykje nordmenn som tok kontakt og var med på tur. Øyne ligg med berre få mils avstand, og med forsterka mannskap, segla vi fra det eine sydhavsparadiset til det neste. Den øde øya Monoriki var kjempefin for grillparties. Etter ei hard natt på Beachcomber, var det avslappande å sitte rundt bålet på ei øde øy med stjerneklår himmel. (Monoriki er den øya som filmen Cast Away med Tom Hanks vart spelt inn på.)

bilde3 orsman beay in yaswas .jpg (112062 bytes)
Utanfor ei av dei fine strendene i Yasawas-øygruppa. Jostein prøver vindsurfebrettet som var innkjøpt av helsemessige grunner.

Vi vart aldri rike av vår vesle chartervirsomhet. Vi var nok for snille på prisen, men likevel hadde vi mykje moro. Tida gjekk også svært fort. 17 mai vart feira på Beachcomber i lag med andre nordmenn . Etter 17. mai feiring tok vi Naomi på land i Vuda Point marina. Det var på tide med ny bunnsmurning og vi hadde også ein lekkasje på roret som det var på høg tid å få orden på. Etter i veke på land vart det meir Naomi cruise, og slik gjekk dagane. Vi begynte etterkvart å tenke meir på videre seglplanar. Håpet var å komme i kontakt med mennesker på Fiji, som var interessert i å være med vidare.

Vi kunne ganske enkelt fått mannskap gjennom www.naomi2000.com, men om vi kunne treffe folk på Fiji, så ville det være betre enn å få ukjente mennesker ned fra Norge. Problemet på Fiji var at vi møtte helst på Backpackere som hadde lite penger, og som allerede hadde ein retur flybilett ut av landet. Håpet var å treffe på 2 "søkk rike" damer som kunne bidra med å halde Naomi økonomisk og moralsk flytande. Utan eit seriøst mannskap, var det lite aktuelt å forsette mot Indonesia. Vi to gjenværande på Naomi har kjent kvarandre sidan barnehagen, og kjemien og samarbeidet var heilt på topp. – Problemet var at Øyvind begynte å bli tom for pengar, og det var usikkert kor tid han måtte reise heim. Om kapteinen skulle bli aleine om bord, så var Fiji og Stillehavet, ein mykje betre plass enn Filipinene. Planen når vi segla heimafrå var å bruke 2 år jorda rundt. Vi visste alle at det var ein hard tidsplan, som ville bli vanskeleg å halde, og at planer og idear ville endre seg udervegs. For kapteinen begynte tanken om å roe ned og bruke lenger tid i Stillehavet å bli fristande. Om ein skulle gjere segling til ein livsstil, og overleve med betalande mannskap, så ville Stillehavet være ein god plass sidan det her er mulig å finne mannskap. Fiji er okså ein fantastisk plass med svert varierte muligheter.

--- Slik gjekk dagane. – Vi likte oss på Fiji.

bilde4 solnedgang..JPG (77140 bytes)
Sonedgang i Vuda point marina.

 



logo_smd7.jpg (13833 bytes)



annonse_dahl.gif (7434 bytes)

annonse_stat.gif (10301 bytes)

Modus Media

Vest Intenett



T-shirt Mania

Interfoto><BR><BR>
<IMG SRC=