
Reisebrev 16Tilbake
til reisebrev
Ekspedisjon Dancing
Lobster
Februar 2002.
Klokka er 11 på kvelden,
det er fullmåne og snart lavvatn. Med sjøen til livet vassar vi for å nå ut til kanten
av revet.
Utstyrt med vasstette lommelykter, harpun og striesekkar er vi
klare for fangst. Sjødyret vi er på jakt etter er lobster, og vi har no midt i
orkansesongen segla 240 mil hit for å fange den. Atollen vi befinner oss på er ca 250
meter brei og er den aller sørlegaste av dei i alt 300 øyene som tilhøyrer Fiji.
Fangstkompaniet består av Jostein, den danske geologen Karl og seks fijianarar. Her på
Tuvana i Colo er det ingen beskytta lagune eller mulighet for å ankre. Øyvind og den 62
år gamle danske "lobster ekspedisjonslederen", Peter, seglar diffor rundt ute
på havet og vil plukke oss opp neste dag.
Klokka tre om natta blir ei lang bordbønn lest på fijisk og
grilla lobster og fisk vert servert fra leirbålet. 70 lobster vart utbyttet etter 4
timers intens jakt. No gjenstår det berre å frakte dei levande tilbake til havnebyen
Suva.
DANSK INVASJON PÅ SKUTA.
Ein dag ut på nyåret, medan vi jobba på skuta, kom to danskar
køyrande i ein liten båt full i halvkvite ungar. "Vikings vikings" vart
det ropt og Naomi vart borda av 2 lystige karar. Danskane hadde vore på søndagsfisketur,
og såg med ein kjølebag full av øl, ikkje skuffa ut over at fisken ikkje beit. Karl var
ein 45 år gammal geolog som hadde hatt forskjellig arbeid på Fiji i 25 år. Peter var
ein 65 år gammal pionér som hadde dreve eit stort bygningsfirma på Papua New Guinea dei
siste 23 åra. Han kunne fortelle at han der ein dag hadde fått ein kniv i ryggen og
nesten blitt drepen då familien til kona hadde leigd folk for å ta livet av han. Sidan
voldshandingar og kriminaliteten hadde stege, valgte Peter etter denne episoden å selge
firmaet og flytte til Fiji med ungane. Han var no på desperat jakt etter å starte opp
med noko inntektsgjevande, og det var han og Karl som lokka oss ut på seglturen til dei
sørlegaste øyene på Fiji.
Dei hadde skaffa seg ein fijisk samarbeidsparter i Setoki som var
født på øyene der ned og difor kunne være kjentmann og i tillegg ordne med det
spesielle løyvet vi trengte for å segle dit. Planen var å fylle opp skuta med så masse
lobster vi kunne og frakte dei levande tilbake til Suva for salg. Om det verkeleg var så
mykje lobster der nede som Setoky hevda, ville Peter prøve og skaffe seg ein egna båt
for å ta nye turar ned dit seinare. Ekspedisjonen fekk det meir eller mindre humoristiske
navnet "Dancing Lobster"

Avtalen var at vi skulle halde båten, og at våre danske venner skulle kjøpe mat og
drikke. Vi skulle iverfall ikkje tørste ihjel. 11 kasser øl for ei veke.
(Øyvind og karl )
Fyllesjuk avreise.
Avreisedagen var ikkje formen den beste sidan vi natta i forvegen
hadde eit durabeleg farvelparty for Frode. Han har segla på Naomi heile vegen fra Norge
og såg seg no etter mange månaders utsetting desverre tvungen til å reise heim for å
arbeide. At hjernecellene fortsatt var litt bedøvd får ta skylda for at vi glømde å
fylle vanntankane om bord før avreise. Det gjorde forsåvidt ingenting sidan dynamoen
svikta og vi måtte segle tilbake til Suva neste dag for å få den reparert. Når vi med
nyreparert dynamo og fulle vantankar kom oss avgårde, var vi eit manskap mindre. Setokys
son hadde vore svert sjøsjuk og var glad han kunne mønstre av og sleppe å være med på
ein ny seglas.

Det var mykje
røvarhistorier og moro på turen. På Bildet: Øyvind, Karl, Setoky og Peter med lobster
på hovudet.
Turen sør-austover til den andre sørlegaste øya Ono I Lau
I gjekk svært tregt med straum og vind rett i mot. Sidan vi befant oss midt i
syklonsesongen lytta vi også til vérmeldingane så ofte vi kunne, for dei lave øyene i
sør er svært dårleg beskytta. Etter tre dagar fekk vi øya i syne, og kjentmann Setoki
begynte å leite etter det smale passet inn til lagunen.
No viste det seg at Setoki ikkje hadde vore tilbake til øya si, som
det ikkje finst detaljkart over, på 25 år. Når vi endeleg fant ein åpning var vi difor
svært spent.
Setoki fortalde att store båtar tidlegare ha gått inn passet som
skulle være minst 4-5 meter djupt. Det er mulig at store båter var mindre før, for når
Naomi surfa inn åpningen med vinden i ryggen viste ekkoloddet at vi berre hadde 30 cm
under kjølen.
Alle landsbyane på Fiji har svært mange skikkar og tradisjonar som
ein må følge. Når vi gjekk i land for å ete middag på øya var vi difor oppdressa i
Sulu, som er Fiji sin nasjonale klesdrakt. (Sulu er eit fargerikt plagg som ein snurrar
rundt livet, som eit langt skjørt). Etter middagen som følgeleg vart servert og eten
sittande på stråmatter, var tida inne for å gå til høvdingen på øya for a utføre
"Sevu Sevu". Dette obligatoriske ritualet går ut på å overlevere
"Kava" som er Fiji sin tradisjonsrike drikk, for så å legge fram sitt ærend
på øya. Kavapulveret som ein blander ut i vatn og drikk, ser ferdig utblanda ut som
gjær og vatn og det smakar ikkje stort betre. Det kjem av kavarotplanten og gjev ein
slags narkotisk avslappande rus når ein drikk nok av den. (Drikker ein for mykje klarer
ein verken å snakke eller gå.) Vi måtte sjølvsagt ta vår del av dei halve
kokkosnøttkoppane med kava før vi klarte å unnskylde oss tilbake til båten. -Vi sov
svært godt den natta.
Etter 2 dagar på Ono I Lau I gjekk turen sørover til den ubebudde
øya der den store lobsterfangsten skulle finne stad. På vegen dit var vi ikkje mindre en
11 mann ombord sidan vi hadde lånt med oss dei 6 beste lobster jegarane fra Ono I Lau I.
Når vi kom fram til øya vart vi litt skuffa sidan det ikkje var mulig å ankre, slik som
fijianarane hadde hevda. Fordi fijianerane hadde teke feil om ankringsforhalda og ankring
ikkje var mulig vart det berre ei natts fangst som vi kunne ta med oss tilbake mot Suva.
Problemet var at vi også måtte frakte lobsteren levande tilbake. Vi dusja dei i
saltvatten kvar andre time og skjerma dei mot sola så godt vi kunne. For å gjere ei lang
historie kort så døydde lobsteren ein etter ein og vi åt lobster til frokost middag og
kvelds. På tilbake vegen gjekk vi også fullstendig tomme for vatn om bord, sidan vi
trudde vi hadde rikeleg, og hadde sløsa mykje. Karl var den som fekk føle vannmangelen
hardast på kroppen. Han var fyllesjuk, og hadde i tilleg fått ein korallinfeksjon så vi
måtte gje han antibiotika. Han ville gjerne ha vatn å skylle ned tablettane med, men
måtte i staden ta til takke med halvvarm øl. For øl hadde vi rikeleg av. Heldigvis
hadde Setoky teke med seg 10 kokkosnøtter, så vi hadde litt avveksling til alkoholen.
Peter lo så han holdt på å forkomme og mobba Karl når han kraup ut på dekk med
bøtter og spann for å prøve å få nokre dråpar vatn ut av ei lita regnbyge. "You
are not a real Viking, ha ha."
"Dancing lobster" ekspedisjonen gjekk med økonomisk
dundrande underskudd, men opplevelsesmessig går den inn i hukommelsen som ein stor
suksess.

Fijianerane var dyktige på å fange
lopster. Tid for mat etter kveldens og nattas fangst.

Klare til å forlat øya. I følge Fijianerane var det 30 år sidan det hadde vore ein
kvit man på denne øya. |