Øygruppa består av over 300 øyer som ligg ca 1400 mil øst
for Australia. Dei 2 store øyene heiter Vitu Levu i sør, og Vanu Levu i nord. Øyene har
svært forskjellig utforming og har også ganske store klimatike forskjellar. Øst for dei
2 hovedøyene er det ca 100 øyer som tilhører Lau gruppa. Dette er svært
tradisjonelle øyer, som seglbåter formelt ikkje har lov å stoppe på uten å først å
ha skriftleg løyve fra en av dei to hovedøyene. Vest for dei 2 store øyene ligg 2
øygrupper som er rekna som det største seglparadiset på Fiji. (Mamanucas og Yasawas )
Det fine er at siden desse øyene ligg i le for den sørøstlige passatvinden, kan
ein segle rundt på over 100 øyer på nermast flatt hav. Dette er også den tørraste
delen av Fiji-øyne. På den nordelgaste øya Vanu Levu er klimaet fuktigare, men den
plassen det regner mest, er i hovedstaqden Suva, som ligg på sørsida av Vitu Levu.
Lokalbefolkninga består av ein svært mixsa nasjonal
sammensetning. Dei 2 majorietetane består av ca 444 000 fijianere og ca 33999 indiere. I
tillegg finst der kinesere, japanesere og kvite mennesker. Landets økonomi er dårleg,
men på dei frodige Fiji-øyene er det ingen som sulter ihjel. Sukkerplatasjane er den
største industrivirksomheten. I tillegg til fiske og anna småindustri, er turistnæringa
veksande.

EIT NYTT LAND Å UTFORSKE.
Det var ikkje mykje vi visste om Fiji når vi gjorde landhogg her
den 6. Desember 2001. Dei fleste andre langturseglerane hadde då segla fra Tonga til New
Zealand for orkansesongen. På New Zealand venta det heile 700 båter, så der ville det
bli trangt om plassen. Vi var allerede seint ute på året og hadde difor i utgangspunktet
plan om a ligge att i den relativt trygge havna på Tonga. At vi valgte å segle vidare
til Fiji viste seg å vere eit lykketreff på fleire måter.
Berre ein mnd. etter at vi ankom Fiji og låg utanfor Suva Yacht
Club på sørsida av Vitu Levu, som er den største av Fiji øyene, bygde ein orkan seg
opp i nord. Den såg først ut til å ville treffe Fiji, men bøygde seinare av og satte
kursen rett mot Tonga. Orkanen traff med full styrke, og i den samme havna som vi oppholdt
oss ein mnd. tidlegare gjekk 10 seglbåter ned og vinden vart på det sterkaste målt til
heile 160 knop.
KULTUR OG STATSKUPP
Vi likte oss godt med ein gong vi ankom Fiji. I havnebyen Suva som
har over 140 000 innbyggere vart den første tida brukt til å utforske ein ny kultur,
kombinert med diverse båtreparasjonar. På Fiji som er det største skulesenteret for
Stillehavet er det ein svært miksa nasjonalsk sammensetning. For utenom fijianerane er
ein stor del av befolkningen indarar, som vart bragt til landet for å få fart på
næringslivet. Det er i seg sjølv to svært motsettande folkegrupper. Fijianerane har den
typiske stillehavskulturen i blodet, og lever fra dag til dag, utan å stresse. Indarane
derimot, er gode arbeidarar og dyktige forretningsfolk og har lagt under seg ein masse
bedrifter. Når ein inder 2 år før vi kom, vart valgt inn som ny statsleiar, var det ein
del fijierar som meinte at dei var i ferd med å miste kontrollen over landet.
Parlamentsbygninga vart storma med væpna styrker og eit statskupp gjennomført med
uroligheter og skyting som strekte seg over 9 mnd. Etter kuppet vart landets økonomi
fullstendig knust. Verst var det for turistnæringa siden folk vart skremt fra å besøke
Fiji. No er landet i ferd med å bygge seg opp att, og mange utenlandske investorer
hovedsaklig fra New Zealand, Australia og Amerika nyttar sjansen til å gå inn i landet
og investere i forskjellige foretak. Arbeidskrafta er no svært rimeleg og einaste kravet
er at ein har ein fijisk samarbeidspartner.
INDISK-FIJISK JULEFEIRING
Etter at vi ankom Fiji forlot Tine og tyskeren Ernst Naomi og reiste
til New Zealand. Vi var no berre den gamle trioen att, Jule- og nyttårsfeiringa vart
ganske så annerledes en året før i karibien då vi var i lag med andre skandinavarar og
i tillegg fekk juleribbe sendt ned fra Norge. Julafta vart denne gongen feira heime i
hagen med familien til ein indisk souvernirselgar. Ali, som nokre veker i forvegen hadde
lurt oss og solgt oss alt for dyre souvernirar, ville no være grei mot oss, eller kanskje
prøve å lure oss igjen. I alle fall vart vi inviterte på tradisjonsrik fijisk mat som
blei pakka i palmeblad og stekt på oppvarma steiner under ei "torvtue". På
fijisk kalles denne formen å lage mat på for "lovo". Sjølv om maten smakte
godt og vi hadde det bra, var det ikkje å nekte på at vi akkurat då heller kunne tenkt
oss å sitte rundt eit norsk julebord og "knaske" saueribbe.
Suva by var den andre storbyen vi besøkte i Stillehavet. I forhold
til Papeete på Tahiti var Fiji som paradis å rekne. Det skuldast fleire ting. Folket på
Fiji er svært vennlege og snakker også engelsk. I tillegg er prisnivået akseptabelt.
For 10 kr kunne vi no kjøpe oss middag på byen, som vi måtte ha betalt 50 kr for på
Tahiti. Kino, raskt Internett og ein mix av alt og alle.
Fiji var den perfekte plass for oss etter å ha cruisa gjennom det
relativt rolege østleg Stillehav.
