|
|
![]() |
|
|
||
|
|
|
|
|||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
|
|
|
|
|||
|
|
|
|
|||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
|
|
|
|
|||
|
|
|
||||
|
|
|
||||
Reisebrev 14 Reisebrev Morea - Huahine Bora Bora ![]() Bora Bora blir hevda å være ei av verdens vakraste øyer. Morea ( Fransk Polynesia) Etter å ha ligget i Papete i over ein måned, var likevel ikkje den første seglasen så lang. Berre 6 timer tok det å krysse over til naboøya Morea. Her fekk vi ruskeæer for første gong i Stillehavet. Medan vi låg godt forankra I Cooks bay, blåste det over 40 knop og regnet kom i bøtter og spann. I 4-5 dager regna det nesten konstant. Vi gjorde likevel det beste ut av situasjonen, og leigde oss blant anna bil, og kjørde rundt øya. På frodige Morea vokser det bananer og appelsiner fritt om kring. Når vi spurte ein lokal "moreaaner" om vi kunnen plukke med oss nokre bananklaser, såg han berre dumt på oss. "Selvføgeleg var det berre å ta bananer.
Øyvind, Frode og Tine etter bananslang på Morea. Etter nokre dager kom også Maranata seglande inn på bukta. Der er det alltid god stemning, uansett vær og vind. På kvelden vart det som vanleg grillparty og med inviterte gjester var vi 6 nasjoner om bord. Svensk, norsk, jugoslavisk, israelsk, amerikansk og tahitisk. Dette var samstundes som flystyrt-attentata i Amerika. Når ein skrudde på SSB-radioen og fekk inn nyhetsendingar forstod vi fort att heile verden snakka om samme sak. ( Flycrash, attentat, bomber og granater.) På Morea verka heile tragedia svært fjern. - Aldri for gammal Pa Morea møtte vi pa 75 år gamle Francis Cowan som i 1956 var med og segla ein katamaran i tre fra Tahiti til Cile i Sør-Amerika. Ekspedisjonen som gjekk imot Passatvinden tok 200 dager og poenget var å motbevise Tor Heyerdahl sine teorier om at stillehavsøyene ikkje kunne ha blitt befolka av mennesker fra vest. Han hadde no under bygging ein liknande farkost, og ville ta ein tilsvarande tur i gjen. - Eg må gjere det no før eg blir for gammal, sa den spreke 75 åringen. Francis hadde snakka med Ragnar Torseth når han var på Tahiti med Saga Siglar for ca 15 år sidan. Det som fascinerte han var at rorsystemet på Saga Siglar var eksaktlig det samme som vart brukt på katamaranen som var bygd etter 100 år gamle stillehavstradisjoner. Kanskje vikingane verkleg nådde så langt som til det sørlege Stillehavet.
Siglar som han fekk av Ragnar Torseth. Sportsmann Pelle med bilde av Francis' katamaran Etter nokre regnfylte dager, kom endeleg sola tilbake. Plassen om bord vart då dobbelt så stor, sidan vi igjen kunne ta i bruk cockpiten og dekket. Det er i dårleg vær ein verkeleg forstår kor tett ein bur sammen. Etter som godværet kom tilbake, var det og på tide å segle videre. Vi hadde forsatt 2000 mil att til Tonga, som var den første mulige plassen vi kunne tilbringe orkansesongen. Etter som orkansesongen etter boka starter i november, begynte vi å få litt dårleg tid. Værprofetane hadde også spådd at orkanane kunne komme tidlegare enn normalt dette året. I Fransk Polynesia er det og ein del orkansikre plasser, om ein berre har pengar nok til å vere der. Vi hadde allerede brukt rikleg med penger og var dessuten klare for å sjå meir av Stillehavet. Naomi og Maranata fortsatte difor blant dei siste båtane på veg vestover. Bora Bora Med sol og fint vær, vart tankar om regn og orkan fort gløymt. Sammen med Maranta besøkte vi sydhavsparadiset Huahine før vi til
ein vakker soloppgang kunne segle inn i lagunen til Bora Bora som blir hevda å vere
verdens vakraste øy. Etter nokre dager tok Tine fjellturen opp på øyas høgste punkt,
som er på ca 600 meter over havet. Det var i utgangspunktet meininga ho skulle ha
selskap, men vi andre var sterkt redusert etter eit besøk på "Bloody Mary
Bar". Skipsdoktor Frode tok fort ansvar, og sjukemeldte alle med hodepine. Bloody
Mary Bar er ein svert eksklusiv og kjent bar på Bora Bora. Ingen kjendiser forlater øya,
utan å besøke baren og få signert namneskilta på utsidan. Etter ei drøy veke i paradisiske omgivelser på Bora Bora, sa vi farvel til Pelle Sportsmann og Fransk Polynesia, og la ut på dei 540nm vidare til Rarotonga som ligg under dei sørlige Cook øyene. Korleis denne seglasen og møte med befolkinga der gjekk, kan du lese i neste reisebrev.
|
||