
Reisebrev 13
Tilbake
til reisebrev
- Reisebrev fra Cook
øyene, Rarotonga og Palmerston Atoll

Tine inntar kveldsmaten til ein
fargesprakande
solnedgang på veg mot Rarotonga.
Enkelte gangar er det ein god følelse å
legge ut på havet. Ein får då tid til å la inntrykk og opplevelser "ramle"
inn i kropp og sjel. Samtidig får ein god anledning til å lese i reisebøker og finne ut
mest mulig om neste stopp på reisa. På den 540 mil lange seglasen til Rarotonga segla vi
med Maranata innan rekkevidde på VHF radioen. På dagtid segla vi opp på sida av
kvarandre, og det var mykje skøy og moro. Øyvind fant ein dag ut at han var 27 år.
Sjølve feiringa vart av sikkerhetsmessige grunner utsatt til vi ville være vel framme i
havn. I bursdagspresang fekk han ein eigen designa reisesjekk til Rarotonga supermarked.
Han slapp også oppvask eller harde arbeidsoppgaver den dagen. Du skal vite at
Øyvind vart glad.
Dommedag, storm eller berre dritvær?
Ein ettermiddag omtrent halvvegs til Rarotonga begynte skyene og bli svartare og svartare
i horisonten. Ut på kvelden starta eit forrykande lyn og torever som vi aldri tidlegare
har sett makan til. Med manglande vermelding begynte vi å lure på om vi omsider skulle
komme ut for eit skikkeleg uvær. Det regna, lyna og tora ei heil natt, og sjølv om
sjøen vart svært rotete sidan vinden endra retning, uteblei stormen denne gangen også.
Til dags dato har vi enda ikkje komen ut for kraftigare vind enn vi hadde dei 3 første
dagane etter att vi forlot Norge med Naomi hausten 1999. Om det beskriver vårt hell,
eller understreker verforholda langs norskekysten skal vi la være og spekulere på. -
Nest dag klarna det opp att, og Rarotonga var berre 150 mil unna.

Øyvind og Frode prøver å få fram eit krampeaktig smil, medan regnet høljer ned og det
lyner og tordner om kring oss.
Rarotonga.
Kor kjem dykk frå? Kor lenge skal dykk være her? Vi hadde knapt
fått fortøyd ved kai, før dei første lokale tok imot oss, og ønskte oss velkomne til
Rarotonga. Vi merka her stor forskjell på atmosfæren i forhold til Fransk Polynesia.
Folk var utruleg vennlige og imøtekomande og i tillegg var prisnivået meir enn halvert.
Berre nokre dager etter ankomst, starta den årlege store mat og folke festivalen som
strekte seg over ei heil veke. Her vart det servert tradisjonsrik polynesisk mat,
kombinert med danseoppvisningar og underholdning. Den spanske kapteinen Alberto frå
Maranata vart stor kjendis på øya, då han etter å ha mengda seg med dansarane på
sena, vart spurd korleis han opplevde Rarotonga. "I love Rarotonga" ropte
Alberto i mikrofonen med sin spanske aksent, så det gjoma utover publikum. Dette vart
også vist på alle tv skjermer på øya sidan den lokale tv stasjonen var til stade.

Alberto prøver doen på
Palmerston Atoll.
Masters klanen på Palmerston.
Den gjestfrie mottakelsen på Cook øyene overskreid alle
forventningar, då vi etter ei vekes opphald på Rarotonga segla dei 270nm nord/vest for
å besøke Palmerston atoll.
På dette seglstrekket var mannskapslista påplussa med 2 nye
personar. Den eine av desse var ein 28 år gammal tysk backpacker som skulle segle vidare
med oss til Tonga i første omgang. Som charterleige betalte han 300 $, som vi brukte til
innkjøp av sårt trengte nye 12 volts batterier til skuta.
I tillegg tok vi oppdraget med å frakte 22 år gamle Less Masters,
og mengder med frossent kjøtt og forsyninger ut til Palmerston Atoll, som ikkje har
flyplass. Etter 2 dager i sjøen ankom vi Palmerston Atoll etter mørkets frembrudd. Uten
detaljkart var det godt å ha med Less, som kjente atollen sin som ein vanleg person
kjenner sin eigen hage. På 14 mil avstand fekk han auge på den lave atollen. Vi andre
som ikkje kunne sjå anna enn hav, hadde store mistanker om att han måtte ha ein ekstra
sans, eller rett og slett kunne lukte seg heim att til sin barndoms øy. Familien vart
kalt opp på radioen og folk kom ut gjennom det smale passet i småbåter med lommelykt,
og hjalp oss å navigere dei siste mila inn til ankringsplassen.
Takknemligheten for att vi hadde brakt Less og all provianten med
oss til Palmerston var overveldande, og det var sa vidt vi klarte å utsette
middagsinvitasjonen til neste dag.

Jostein og Øyvind med bestemor
Aka og vertsfamilien på Palmerston.
- Ein engelsk hingst
Palmerston Atoll er ein svært unik atoll i Stillehavet historisk
sett. Alle dei 50 personane som bur på Palmerston i dag er fordelt i 3 familier men har
likevel samme etternamn. Grunnen til det kjem av den Engelske William Matsters som slo seg
ned her i 1860. Med sin tre koner fra dei nordlege Cook øyene.
Gamle Marsterson var produktiv som ein hingst, og hans etterkvart 20
unger formerte seg fortere enn lemen. I dag er Masters klanen komen til 7. generasjon og
over 2000 mennesker som i tillegg til dei som bur på atollen i dag, er busatt i
Australia, New Zealand og Rarotonga.

William Masters la eit
solid grunnlag for å føre slekta vidare.
Det var nok også langt å ro til nærmaste kondomautomat på 1860 talet.
- Ein utruleg gjestfriheit
Når ein ny seglbåt ankommer Palmerston, nermast konkurrerer dei 3
familiane om ä bli første mann ut for å ønske velkommen og hjelpe til med ankring. Den
familien som er først ute med ein reperesentant, får deretter automatisk det vidare
omsorgsarbeidet for gjestane så lenge dei er på besøk ved atollen. Dette
omsorgsarbeidet går for uten om middag og matservering også ut på å bringe gjestane i
land og tilbake til båten om kvelden. Om ein vil kan ein følgeleg få sove i eit av husa
til familien, eller i hengekøyer under palmane. På Palmerston er det ikkje mulig og
ankre inne i sjølve lagunen, og for å ta seg gjennom den kraftige straumen i passet, må
ein ha ein lettbåt av ein viss størrelse og med kraftig motor. Vi havna selfølgeleg i
Less sin familie og vart så fantastisk oppvarta at det nesten vart pinleg. Til lunsj,
kaffe og middag vart det servert godsaker vi ikkje trudde kunne være mulig og frambringe
på ein stillehavsatoll. I bekmørke om kvelden var det som ein selfølge og bringe dei
som ville ut att til baten. Korleis dei klarte og finne den smale passasjen mellom alle
korallreva , vente på den rette bølga og køyre gjennom, medan bølgen braut meterhøge
få meter ved sidan av er ganske utruleg imponerande.

Teknologien inntar
Palmerston. Medan vi var der kom ein båt med
ein telefonkiosk som skulle monterast på øya.
Grunnen til at tilreisande seglarar blir
mottatt med ein så overveldande gjestfrihet, kjem i første omgang av at dei er glad i
besøk og dei etter tradisjonane veit å ta vare på sine gjester. Til gjengjeld håper
dei at seglarane som dei ser på som tekniske guruer kanskje kan hjelpe tilbake med å
reparere elektriske og mekaniske problemer av ulike slag. Vi på Naomi hadde jo allerede
gjort ein stor innsats med vårt frakteoppdrag. Men det er hyggeleg og kunne hjelpe, så
da vi forlot Palmerston hadde vi saman med mannskapet på Maranata reparert ein gammal
traktor, ein videospiller, eit aggregat og ein utenbordsmotor.
Ein får ikkje forlate øya før ein har skreve seg inn i dei 3
gjestebøkene på Palmerston (ei bok for kvar familie) I bøkene kunne vi finne
andre norske kjente båter som Trolldans, Sorgenfri. M.m.

Båteigar Dario fra
Maranata på veg gjennom passet for å komme
i land på Palmerston.
TV 2 PÅ BESØK
Avreisedagen fekk vi også Norsk / Svensk selskap på Palmerston. Besøket bestod av Jan
Palmer og eit filmteam fra TV 2 som var i ferd med å lage ein dokumentar om den 28 år
gamle Norske kapteinen på baten Masters Dream. Båten hadde etter det vi forstod vore ei
gave til folket på Palmerston fra ein rik privatperson fra Norge og det svenske
forsvaret. Når vi snakka med dei lokale på atollen forstod vi at det no var ein
familiekrangel som førte til at berre nokre få fekk glede av skuta. Den opprinnelege
planen var at båten som har heimehavn på Rarotonga skulle brukast til å frakte proviant
og forsyningar ut til atollen. (Dokumentaren skal om alt går etter planen visast på
norsk fjernsyn i Januar/ Februar)
. .
Så segler vi videre. Neste stopp Niue 390 nm.
|