banner ver8



Reisebrev 12

Tilbake til reisebrev

 

Tahiti - Morea, Fransk Polynesia.

K2.jpg (22175 bytes)
Frode på veg inn til Papeete havn.- Blir de fest i kveld mon tru?

 

-  Tilbake til sivilisasjonen

Forventningane til Papeete var blanda. Papeete er ein turistby, men navnet Tahiti har likevel ei eksotisk tiltrekningskraft. Ein ting var " bombe klart": Vi var no etter månader med rolig tider tilbake til sivilisasjonen. Overgangen fra atollane i Tuamotos var enorm. Det var lang tid sidan vi hadde vore i ein storby, og vi såg oss om fleire gonger før vi "turte" oss over dei traffikerte gatene.

Vi fekk kaiplass ved havnepromenaden midt i byen. Barer og restauranter låg difor berre eit steinkast unna. Svært så praktisk, men ein økonomisk katastrofal utfordring for lommeboka. (I Fransk Polynesia er prisnivået høgre enn i Norge) Når vi brukte Visa-korta, stod "svart røyken" til alle kanter. Når også "Svartnegeren" på Custom kontoret forlangte at vi måtte betale det såkalte "blå Båndet", var det like før vi ringte Kirkens Nødhjelp. (Det "Blå Båndet" er eit depositum som seglar fra alle land som ikkje er medlem i EU må betale.) Vi måtte derfor ut med heile 12 000 kroner per person. Dette som ein garanti for at dei har pengar til å få oss ut av landet om nødvendig. Depositumet ville vi først få att når vi forlot Fransk Polynesia.

Telefonen gjekk difor til vår tolmodige banksjef heime i Svelgen. – Kan vi kjøre vår "raserte" felleskonto på minus? Det ordna seg heldigvis denne gongen også.

 

K3.jpg (23426 bytes)
Naomi såg konstant ut som eit anleggsområde. Med mykje gjester var
det vanskleg å gjere noko vetig arbeid på båten.

 

Fest kombinert med båtreparering . – Går det bra då?

Etter ei "fuktig" helg i Papeete, reiste Øyvind heim for å delta i bryllup. I tillegg til bryllupstalen, hadde han også med seg ei lang huskeliste på saker og ting som han måtte ha med seg tilbake. (– Han måtte "faen" ikkje tru han kunne feriere på den måten, uten at vi fekk litt goder vi også. Vi Menn, norsk fårepølse. Mills ekte majones osv.)

Tilbake i Papete havn gjorde Jostein og Frode desperate forsøk på å kombinere fest og moro med båtarbeid. Skal love att dette er ein vanskeleg og tidkrevande jobb. Til dømes gjekk det heile 3 veker berre for å få på 2 strøk olje på trelistene i cockpiten. Frode som var lanternereparatør, hadde også problemer med å finne den rette dagen for å bli heist opp i toppen av masta. Til denne arbeidsoperasjonen var planlegginga høgt prioritert. Truleg vart det brukt 500 timar i forstudie og prosjektering . Att Frode hadde ein god arbeidsplan var nok grunnen til at det berre tok han utrulege 2 timar å få arbeidet fysisk utført.

- Om kvelden vart det "lysfest ".

K1.jpg (21542 bytes)
Kaia og båteigar Dario fra Maranata. – Å prøve å prate ein fornuftg samtale med klovnen Dario var som oftast fullstendig nyttelaust.- Ikkje eit vetig ord der i gården. Bilde fra eit av grillpartya på Maranata.
 

 

-Kaia på Kaia og Maranata

Sidan vi låg midt i byen var det mange turister som kom bortom og slo av ein prat. Ein dag kom der også ei norsk stemme fra kaikanten. Det var 18 år gamle Kaia. Ho var nett kommen til Papeete for å jobbe som au pair hos ein fransk familie. Ho sette tydeleg minst like stor pris på norsk selskap som oss sjølv. Ho hadde bil disponibel, så vi fekk oss difor ein del kjøreturar rundt omkring på øya.

I Papeete havn vart vi også kjent med ein del andre langturseglarar. Manskapet på den Jygoslaviske båten Maranata kom vi fort i kontakt med. På Maranata var det konstant liv og røre. Båteigar Dario og veninna Sonja, var lut lei problemer i heimlandet. Med ein spansk "Galen" vindsurf-freak som innleigd kaptein, skulle no verden erobrast med fest og moro. Når Maranata la seg longside oss, starta dei det som skulle vise seg å bli to veker med fortvilelse og depresjoner for dei "streite" franskmennene, på båtane rundt oss. På Maranata var der rikeleg med trommer og rytmeinstrument. Desse vart flittig brukt under utallige grillparty, der latinske og spanske rytmer vart spilt på stereoen. Forbipasserande turister vart invitert om bord, og grillpartya varte ofte til seine nattetimar. Båteiger Dario meinte det viktigaste på ein seglbåt var ein god stereo og motor. På 6 mnd hadde han kjørt over 1000 timer for motor.

K4.jpg (20589 bytes)
Peter Pan

Svensk 72 åring på verdenseglas i ein 6.5 meter lang Kanut.

Den minste langturbåten som kom inn til Papeete havn, tilhørte den svenske 72 åringen Nils Gøran. "Peter Pan" var på ingen måte ein vanleg farkost å krysse store verdenshav med. Båtforma som kallast Kanut var bygd etter form som ein kano. Den var ikkje meir en 6.5 meter lang og berre 1.8 meter på det breiaste. Skroget var kun 6 millimeter tjukt, og er bygd opp av tynn finer som er limt saman med epoxy lim. Det mest spesielle med båten var likevel at den hadde verken stag eller vant. Den 8 meter høge stormasta og den 5 meter høge mesanen sto rett opp utan noko form for stag eller avstivning. Motoren bestod av ein 2 hk utanbordsmotor som virkar av og til. På seglasen Galapagos til Marquesas-øyene hadde Nils Gøran brukt 35 dager. På vegen brakk stormasta, og han holdt også på å miste kjølen. Å høyre hans beretning om si 11 år lange eventyrferd, var ganske så interessant. (Vi vil legge ut heile historia med bilder på nettsida)

 

OK- No blir det kultur.

Grunna masse turisme og fransk innflytelse er det ikkje mykje att av den typiske stillehavskulturen å finne på Tahiti. Riktig nok gjekk fortsatt jentene eller "vahinene" med blomster bak øret, og dei lokale kunne fortsatt prate sitt opprinnelige polynesiske morsmål. Det er nok likevel berre eit tidsspørsmål før dei gamle tradisjonane vil forsvinne. Vi lærte oss likevel raskt nokre enkle men svert viktige huskereglar på Tahiti. Hadde ei "vahine" blomsten bak høgre øret var ho gift, hadde ho blomsteren bak venstre øret da var ho fri og frank! OK- Ferdig med kultur.

K5.jpg (15290 bytes)
Ølbrikke fra Tahiti

Når vi etter 1 mänads opphald pä Tahiti omsider kom oss avgarde fra Papeete, hadde Naomi eit solid mannskap ombord. Øyvind var tilbake og vi hadde også fått 19 år gamle Tine innflygd fra Oslo.

I tillegg mønstra vi på Pelle, ein 28 år gammal sportsmann som ville segle med oss nokre veker. Tine som hadde kontakta oss ettersom vi hadde søkt meir mannskap via www.naomi2000.com, skulle segle med oss på ubestemt tid. Tine er var ein stor Vålerenga supporter og medlem i klanen. Med 5 cd plater med supporter musikk, vart vi nesten heilfrelste Vålerenga supportere vi også. Den første seglasen med forsterka mannskap vart likevel ikkje så lang. Berre 6 timer tok det å krysse over til Naboøya Morea.

Korleis det gjekk der, kan du lese i neste reisebrev.