banner ver8



Jostein sin søknad om utsatt militærtjeneste

Tilbake til reisebrev

 

*********************************************************

Dette er saken!

Jostein var inkalt til militertjeneste med oppmøtedato den 15.1 2001.Den påbegynte verdens erobringa med s/y Naomi har gjort frammøte vanskeleg / uaktuelt. Han sendte difor eit brev til dei" uniformerte" i god tru om at alt ville ordne seg. Som dykk kan lese nedafor gjekk det ikkje så bra. Jostein er no svert taknemmleg om nokon veit om ein ny angrepsvinkel på problemet, og tar imot mailar med takk.

*********************************************************

 

Til vernepliktsforvaltningen Vestlandet
5000 Bergen

 

Fra Jostein Eimhjellen

S/Y Naomi (Karibien)                                                                                         15.2.2001

 

AVTENING AV FØRSTEGONGSTENESTEN

Eg er inkalt til førstegongsteneste i januar 2001. Eg beklager så mykje att dykk ikkje har fått beskjed på eit tidlegare tidspunkt, men eg reiste/flytta i sommer frå Norge og bur no i seglbåten min. Sammen med tre andre eventyrlystene er eg på langferdstur med S/Y Naomi, ein havseglar på 38 fot. Vi starta i Norge og er i skrivande stund komen til Karibien, før ferden går vidare til Brasil, runt Sør-Amerika og ut i stillehavet. Intensjonen er å finne ei sydhavsøy der eg kan komme i kontakt med lokalbefolkningen og freista ein levemåte i pakt med den polenesiske kultur og lifsstil.

Går alt etter planen vil eg søke om permanent opphaldstilatelse og busette meg i stillehavet. Med ein alder på 26 år føler eg att eg ikkje kan vente lenger om eg skal klare og omstille meg til ein ny kultur og levemåte.

Eg burde selvfølgeleg ha avtjent verneplikta forlengst, det hadde heilt sikkert vore inresant og lererikt. Mangel på tid og finansproblem er grunnen til att eg dei siste åra har søkt om utsettelse, og fått medhald i det. I dag har eg 2.6 milioner kr i lån, som i seg sjølv er grunn god nok for å "rømme" landet. Eg synest sjølv det er litt skameleg og reise heimafrå,utan å ha avtjent verneplikta i heimlandet mitt. Det meiner far min og men slik har det bare blitt.

Etter den undersøkelsen som vart gjort før avreise, er eg pliktig til å avtene verneplikta når eg er busatt i Norge. Eg er no under flytting til eit nytt land, og vil difor falle utanfor systemet, om eg har blitt forklart regelverket rett. Eg beklager som sakt att dykk ikkje har fåt beskjed før no, men håper alikevell att alt no kan orne seg, på ein fin måte. Ein eventuell bekreftelse på det, kan dykk sende til min mor.

Adresse til mor:

Jorun Eimhjellen
6723 Svelgen

Skulle eg mot all formodning ha tolka regelverket feil, er eg komen i ein uheldig situasjon, da eg ikkje har lyst til å ha noko uoppgjort med fedrelandet. Eg håper i eit slikt tilfelle att dykk kan sjå meg i nåde, og la meg fortsette ferden mot målet, drømmen og eit sunt og harmonisk liv i samspel med naturen.

Eg veit att det norske forsvar, som meg sjølv har økonomiske problem, og difor har vanskar med å finne plass til alle som skal inn til førstegongsteneste. Med mitt fraverende er eg eit problem mindre. Når det er det beste for dykk, og "ikkje minst" for meg sjølv, er det slik eg ser det ingen grunn til å endre på situasjonen.

vedlegg / bekreftelse:

Som bekreftelse på att det eg skriv i dette brev er sant,sender eg med eit bilde av S/Y Naomi med manskapet og meg sjølv i nystrøken Admiraluniform med øya Isla Margarita i bakgrunnen-.PS bildet er teke før avreise til karnivall på Trinidad.

Sender og med litt bestikkelser i form av "bolivar"som er den valuttaen vi bruker her.

Beste Helsing

Jostein Eimhjellen


Modus Media

Vest Intenett

Interfoto















T-shirt Mania