banner ver8



Frå Galapagos´storslåtte natur til ope hav

Tilbake til reisebrev

Av Jostein Eimhjellen.

I forrige reisebrev frå Naomi og mannskap låg Galapagos i horisonten. Du får no lese korleis opphaldet der utvikla seg, og ta del i opplevingar på det 3000 mil og 22 dagers lange havstrekket vidare til Marquesasøyane i Fransk Polynesia. Her følger femte reisebrev fra Naomi på eventyrleg jordomsegling

 

Galapagos.

Etter ein fredfull seglas på 5 døgn frå Manta i Ecuador, fekk vi endeleg dei fantastiske Galpagos-øyene for baugen. I ein fin soloppgang vart den austlegaste øya San Cristobal passert. Litt seinere kom Cicker Rock til syne. Cicker Rock er ei klippe som majestetisk skyt 160 meter rett opp av sjøen og er delt på midten. I brytningane ved klippa og opp på berga såg vi sjøløver, foran baugen svømte delfinar og i lufta regjerte fuglar av ymse slag. Det var klart at vi no var gjestar i dyra og fuglane sitt naturskjønne rike.

På veg inn mot øya Santa Cruz, som er Galapagos sitt turistsenter oppdaga vi at vi ikkje var aleine i paradis. Det fyrste som møtte oss var ein Ecuadorsk militærbåt med helikopter på dekk. Den kontrollerte tydelegvis båttrafikken til og frå nasjonalparken Galapagos. Vi helste på "militært vis" og fortsatte innover i Academy Bay, som er den einaste beskytta ankringsplassen på øya. Inne på bukta var det liv og røre. Eit 20-tals charterbåtar av forskjellige størrelsar og fasongar låg oppankra, eller var på veg til og frå med nye turister. Vi klarte likevel å finne oss ein plass, og fekk dumpa "jernet" på 5 meter. Det er alltid ein spennande følelse når ein kjem inn til ein ny plass. - Kva vil vi oppleve her? - Kva vil morgondagen bringe? Vi vart sittande å fundere over dette, medan den obligatoriske ankerdrammen vart inntatt og sola gjekk i havet.

"Spansk" Innklarering

I Manta i Ecuador hadde vi ikkje hatt "tid" til å klarere inn i landet. Det var difor på høg tid å gjere dette no (spesielt med marinen som nærmaste nabo). Neste dag vart difor fyrste stopp Custom- og Imigration kontora. Vi tok ein "spansk" ein, og forklarte til dei uniformerte at vi hadde segla direkte frå Panama, men hadde vore "svært" uheldige med vinden og brukt "uhorveleg "lang tid. (I passa våre var vi nemlig utstempla fra Panama for 7 veker sidan) Forklaringa vart godkjent, og etter ein halv time var alt i orden og vi kunne forlate kontoret med flotte "stamps" i passa. Stampsa kosta oss 30 dollar, men no kunne vi omsider opphalde oss på Ecuadorsk grunn på lovleg vis.

Pengekrise.

Etter nokre dagar fekk vi eit økonomisk problem på Galapagos. Problemet var at det ikkje var mogeleg å få ut pengar med Visakort. Utan pengar var vi ikkje mykje verdt, så telefonen gjekk med ein gong heim til Lise Førde, som er filialleiar for Flora-Bremanger Sparebank i Svelgen. Tidsforskjellen var litt større enn vi var klar over, faktisk 8 timar. Vi vart difor litt sjokkert når ho kunne fortelle at klokka var 24.00 heime. - Joda, ho skulle ordne ein transaksjon, men det ville ta 5 dagar til vi hadde pengane - sidan det var fredagskveld! - Oppsann!

No var vi desverre heilt blakke, og attpåtil på ein fredag. Det var då vi fant ut at passa våre fungerte utmerka som "kredittkort". Dei påfølgande dagane vart difor dei tre passa våre levert inn som garanti på strategiske plassar. Eit pass vart levert inn på det lokale discoteket "Panga". Pass nummer to havna på internettkafeen, og det tredje havna hos tannlegen, då Frode etter mykje tannpine såg seg nøydd til å trekke 2 visdomsjekslar. (Det var berre synd vi ikkje var fleire ombord, då hadde vi prioritert eit pass på supermarkedet også.)

Frode hos tannlegen.

Frode sitt tannlegebesøk var ei oppleving i seg sjølv. Vi lagde faktisk ein liten video-dokumentar av heile "gildet". Når tannklinikken var lokalisert kunne vi tydeleg høyre ein motor som dura og gjekk innanfor. At det vart brukt kraftig "skyts", det fekk vi sjå når vi kom inn. På golvet stod ein vanleg garasjekompressor med godt dimensjonerte trykkslangar. Kun eit lite forheng skilde venterommet frå sjølve "pinestolen" og "verktøybenken" til tannlegen. Frode fekk ta plass umiddelbart og prøvde så godt han kunne å forklare problemet på spansk. -"No problemo" sa tannlegen og starta kompressoren og gjorde seg klar til trekking. Frode kryssa fingrane og håpa at tannlegen ikkje hadde misforstått. (Ville jo vore litt "kjedeleg" om han skulle få trekt feil tenner) Sjølve trekkinga var unnagjort på ein drøy time, med innlagt pause for sliping av bor. Frode var så bedøvd av den kraftige bedøvelsen han fekk, at han gjekk i svime lenge etterpå. Han kunne likevel konstatere at dei rette tenna var trekt og at tannverken var borte. Video-dokumentaren som vart laga vart også ganske bra. Den synleggjorde ivertfall at atmosfæren ved tannlege Eriksen sin klinikk i Svelgen er som reine "himmelrike" i forhold til Ecuadorske klinikkar med grovare "skyts"

Tid for å sjå oss omkring.

I dagane som fulgte fekk vi gjort oss meir kjent i det koslege miljøet på Santa Cruz. Turen gjekk ein dag for å sjå på kjempeskilpaddene som Galapagos er kjent for. Dei gigantiske skilpaddene som kan overleve opp til eit år utan mat og drikke, vart nesten utrydda på slutten av 1800-talet. På den tida var dei ettertrakta levande provoiant for kvalskipa som det då var mange av i Stillehavet. Det vart gjort eit stort innhogg i bestanden og kun nokre få overlevde denne perioden. På Galapagos driv dei no oppdrett av skilpadder for å sikre og bygge opp att stammen.

Å sjå dei store "gampesteiane" på 180 kg bevege seg rundt var eit artigt syn.

Det var ikkje snakk om stress der i gården, og Øyvind fant fort ut at den rolege tilværelsen måtte vere årsaka til at dei kunne bli så gamle som 200 år.

Dei store iguanane eller øglene som også lever på Galapagos såg vi også mange av. Dei var omtrent overalt kor ein gjekk, til og med midt på fortauga i gatene i landsbyen låg dei uforstyrra og sola seg. Den største vi såg var nesten ein meter lang og hadde stamplass på fisketorget midt i sentrum.

Gratis Sightseeing.

Vi var også heldige og fekk vere med på gratis guida turar i fjellet på Santa Cruz. Årsaka var at vi vart kjent med den ecuadorske 22-årige engelsktalande turistguide-læraren Veronica. (Fin var ho og!!) Ho arangerte kvar søndag klasseturar til forskjellige plassar på øya med dei 20 elevane sine, og vi fekk då muligheten til å være med. Elevane fekk på denne måten praktisere den begrensa engelsken sin og vi fekk sjå oss omkring og samtidig lære oss meir spansk. (Ganske så genialt).

Vi vart i det heile svært godt mottekne i det beskjedne miljøet på Santa Cruz som har 3000 innbyggarar. Folk var svært hyggelege og imøtekommande spesielt når vi fortalte at vi var norske og hadde segla hit i ein liten seglbåt. Dei fleste turistane som besøker øya er amerikanarar som bur ombord i charterbåtane som fraktar dei rundt om på øyane.

Etter det vi forstod var ikkje turistsesongen i gang for fullt, det var i alle fall lite turistar å sjå i gatene og på discoteket på laurdagskveldane. Vi vart difor lett gjenkjent, så når vi forlot Santa Cruz etter 4 begivenhetsrike veker, var det få som ikkje var klar over kven dei 3 "galne" vikingane fra Norge var.

Sjølv om vi begynte å få dårleg tid, med tanke på orkansesongen i Stillehavet, tok vi oss tid til 1 vekes stopp på den vestlegaste øya Isla Isabella som vi ankom etter ein liten seglas på 40 sjømil.

Planen var å ta turen opp i fjellet for å sjå på ein aktiv vulkan, som hadde utbrudd berre for nokre få år sidan. Grunna transportproblem måtte vi til slutt gje opp vulkanekspedisjonen, men det var likevel mykje fint å sjå på øya. Her var ein mykje rolegare plass enn på Santa Crusz og utanfor den idylliske landsbyen Willamil, låg vi for oss sjølv med berre to lokale fiskebåtar som naboar. Vi vart igjen fascinert av det unike dyrelivet og den spesielle vulkansk utforma naturen. Kvar morgon når vi tok vårt saltvannsbad vart vi fort omringa av nysgjerrige og leikande sjøløver som tydleg var interessrt i kva for "rare" skapningar som var på besøk. Tok vi ein tur med gummijolla, kom dei hoppande bak oss og leika seg i kjølvatnet.

Pingvinar var det og på øya. Dei var så tamme at vi kunne ta på dei der dei klønete vugga ikring på berga eller "tryna" i sjøen.

Humboltstraumen.

Grunnen til at tildømes pingvinane finn seg godt tilrette på Galapagos kjem av den kalde Humboltstraumen. Den kjem fra ishavet i sør, opp gjennom kysten av Sør-Amerika og bøyer av her ved ekvator før den fortsetter vestover. Den kalde sjøtemperaturen er grunnen til at ein finn dyr her på Galapagos som ein elles berre finn i arktiske strøk. For 2-3 år sidan gjorde El Niño fenomenet til at sjøtemperaturen steig kraftig og mange sjøløver og pingvinar omkom. Framtidige klimaforandringar og stor auke i turismen er difor faktorar som vil virke inn på det unike dyrelivets eksistens. Korleis dette vil gå vil berre framtida vise.

Øde Hav.

Etter tilsaman 5 veker på Galapagos-øyane var vi no ferdig oppsyka til å gje oss i kast med dei 3000 mila mot Marquesas-øyene. Forbindelsen med den danske radioamatøren og "verprofeten" Karsten i Panama vart oppretta, så på 16546 Mhz fekk vi no høyre nyheiter frå andre skandinaviske båtar som var langt framom oss i løypa. Kvelden før avgang høyrde vi at det svenske ekteparet på båten Onyks, som vi hadde hilst på tidlegere, snart var komne fram til Marquesas. Dei hadde vore svært uheldige med veret og hatt vind varierande frå ingenting og heilt opp i 60 knop. (full storm) Autoplioten og vindroret var blitt øydelagt i uveret, så dei måtte styre for hand og hadde på slutten berre segla om dagen og låg for drivanker om natta for å prøve å sove litt. Dei var forståleleg nok difor svert lykkelege over snart å være framme etter over 30 døgn i sjøen.

Vi på Naomi segler som kjent på "lykke og fromme " og såg difor ingen grunn til å rekne med samme vindforhold og problem som "søta bror". - Dette skulle vise seg å bli riktig.

Overfarten klarte vi på 21 døgn utan andre problem enn at vi dei siste dagane var "sjukeleg" klare for landkjenning. Vi fekk verken storm eller stille, og autopiloten som vi kaller "Jesus" holdt ein stø kurs både dag og natt. Til sine tider vart det faktisk innført "sovande nattevakt" då vi rekna sjansen for å møte eller komme på kollisjonskurs med andre båtar som minimale. Sjansen for å komme på kollisjonskurs med eit anna skip som også hadde innført "sovande nattevakt" rekna vi som endå mindre. - Så vi sov godt.

Kvar kveld hadde vi kontakt med Karsten som gav oss vermelding og maila posisjonar og meldingar til Allan heime i Svelgen. Vi fekk såleis ein dag melding tilbake om at det var den årlege rockweek-end heime i Bremanger. For ein gang skyld følte vi at vi var litt "malplassert" der vi sat fleire tusen mil ut på havet på den andre sida av jorda, i eit lite "nøtteskall" medan det var liv og røre heime.

Storfisken.

Fiske det gjorde vi heile vegen, og det vart ein dag satt ny Naomi-rekord då det beit ein Blue Marlin (sverdfisk) på kroken. Fisken som vi etter mykje slit fekk om bord målte 170 cm fra sverd til spor og smakte svært bra. Vi fekk i tillegg både tunfisk, kingfish og gullmakrell og med nybakte brød og rundstykker annankvar dag levde vi ingen nød i matvegen. Etter kvart som vekene gjekk og dei fleste store verdenproblem som krig og religion var ferdig debattert og tildels "løyst", begynte "filosofane" etterkvart å sjå etter land. Gleden var difor ubeskriveleg når vi ein morgon fekk dei taggete og ville fjellformasjonane til øya Fatu Hiva i syne.

At det var ein stor opplevelse å komme i beskytta farvatn etter 3 veker med liten boltreplass, og ope hav på alle kanter er ikkje å nekte for. Vi ligger i skrivande stund oppankra som einaste seglbåt utanfor ein liten landsby med 300 inbyggjarar og ser fram til å komme oss i land og sjå nærmare på dette trollske eventyrlandskapet. Når Fatu Hiva og dei andre Marquesas-øyane er ferdig utforska, vil ferden gå vidare dei 900 mila mot storbyliv på Tahiti, med mellomstopp på nokre av dei i alt 75 Tuamotos-atollane som ligger midt i mellom. Med relativt korte seglstrekk i mange månader framover, ser vi lyst på det meste og er no svært spente på kva begivenheiter Stillehavetsøyane vil gje oss.

Vi vil til slutt helse heim til kjente og ukjente med ønsker om ein fin haust, god hjortejakt og ingen baksmell på skatten.

Helsing gutta på 11 grader sør.


Modus Media

Vest Intenett

Interfoto















T-shirt Mania