banner ver8



Frå høgfjellet til karnevalsk ekstase

Tilbake til reisebrev

Venezuela og Fjellekspedisjon

22. januar sa vi farvel til Trinidad i første omgang, fann fram norsk-spansk ordbok og sette kursen for Isla Margarita som ligg utanfor og tilhøyrer Venezuela. Framleis segla vi saman med Engelen, Valhall og Aurora 3. Distansen på 140 nautiske mil vart tilbakelagt på under eit døgn, og allereie før vi hadde fått fast ankeret ved byen Porlamar slo dei latinske rytmane mot oss fra stranda. Overgangen var stor fra austlegare delar av Karibien, og fra no vart det cuatro cervezas, cuanta costa og por favor for alle pengane. Margarita er ei typisk ferieøy kor folk tek livet med ro og nyter sola og restaurantlivet. Vi slappa av nokre dagar her med kino, restaurant- og discobesøk, før vi la kursen sørover mot Puerto la Cruz på det venezuelske fastlandet. Puerto la Cruz skulle være utgangspunktet for den lenge planlagde Ekspedisjon Andes 2001.

Mannskapa på dei tidlegare nemnde båtane hadde over en periode, tildels i seine og festlege nattetimar planlagt denne ekspedisjonen til dei høgste fjelltoppane i Venezuela. Tilsaman 14 personar frå 4 ulike nasjonar tok den 18 timar lange bussturen opp til Merida som ligg på 1600 moh. Inspirasjonen til ekspedisjonen var komen frå ei berømt Donald Duck historie der dei var på leiting etter firkantfolket i Andesfjella. Planen var med andre ord å kombinere naturopplevelsar, trim og leiting etter firkantfolket. Det skulle bli lite med firkantfolk, men kanskje meir trim og natur enn dei fleste var førebudde på.

Ein guide og to sherpas stod klare om morgonen avreisedagen, og alle vart utstyrte med skikkeleg fjellutstyr, alt frå isbroddar til hjelmar og isøkser. Første dag av turen gjekk med Jeepar opp til 2000 meter og deretter til fots opp til første camp på 3000 meter. Desse 1000 meterane vart erobra på 5 timar og det var ein sliten gjeng som gjekk til sengs i telta første kvelden. Rimfrosten låg kvit på telta morgonen andre dagen, og det var tidleg frukost før ein gjorde seg klare for dei neste 1000 høgdemeterane. Den tynne lufta gjorde ein meir og meir kortpusta etter kvart som ein vann høgde. Det var med majestetiske omgivelsar med innsjøar, isbrear og stupbratte fjell gjengen fortsatte opp mot 4000 moh. Naturen var faktisk ikkje ulik den vi har heime i dei vestnorske høgfjella. Tredje dagen enda på Pico Humbolt på 4940 moh etter til tider nervepirrande klatring utan sikring. På denne etappen var det sju personar som starta og fem som nådde toppen. Jostein var einaste deltakar frå Naomi som besteig denne toppen. Turen gjekk ned igjen til basecamp på 4000 moh, og fjerde dagen var det klart for avgang for ny tindebestiging. Nokre valde å returnere til Merida mens Frode og 5 andre gjekk for å overvinne Venezuelas høgste fjell, Pico Bolivar, på 5007 moh. Med ei overnatting på turen opp greidde Frode og 3 av dei andre å bestige Pico Bolivar. Mykje av årasken til det relativt store fråfallet på turen var manglande informasjon om kulde og distansar, høgdesjuke, samt at arrangørande faktisk presterte å ta med for lite mat. Guiden var til tider mest opptatt av å prøverøyke det han meinte var naturens gave til folket.Uansett vart det norske og svenske flagget behørlig planta på begge toppane.

Etter ekspedisjonen var det godt å slappe av i studentbyen Merida, som yra av både dag- og natteliv. Øyvind tok like godt i veg på enda ei utflukt, der anakondasafari, krokodillejakt, pirajafiske og kujaging fra hesteryggen var av ingrediensane. Frode likte seg så godt i innlandet at han fann ut han ville teste ut backpackerlivet ein periode, og ta seg gjennom Colombia og vidare til Panama for å møte oss andre igjen der. Tilbake i Puerto la Cruz var det tid for å ta farvel med våre svenske kameratar på Aurora 3. Dei har ei hektisk seglingsrute foran seg då dei skal være framme i Sydney innan juli. Der skal dei selge båten og dra tilbake til den svenske kverdagen. Turen tilbake til Trinidad gjekk mot både straum og vind, og vi gjekk for motor i 52 timar for å tilbakelegge 200 mil. Komfyren var defekt så middagen ombord bestod i grillpølser pakka i aluminiumsfolie og varma på maskina.

Karneval

Vi hadde høyrt mykje rare ting om karnevalet i Port of Spain. Mest positivt, men også ein del skremmande historier. Å være kvit turist på karnevalet medfører at ein er svært utsett for lommetjuveri. Dette skulle vi og få erfare, men då var vi førebudd. Det offisielle karnevalet varer fra måndag morgon til trisdag kveld, men dei tilhøyrande aktivitetane startar fleire veker før. Vi starta laurdags kveld og var på fleire ulike konsertar utover natta og morgonen. Sola kom opp, men ingen av dei 5-6000 som var tilstades gjorde tegn til å ville gå heim igjen, og festen gjekk i eitt til langt ut på dagen. Ein rask tur utom marinaen rakk vi likavel før det var klar for Mud Mas, eller gjørme- og malingstoget som vi raskt kalla det. Det var oppmøte i St. James, ein forstad til Port of Spain, klokka 2 om natta til mandag og i 3-tida starta det mest elleville folketoget vi nokon sinne har vore med på. Fleire titals trailarar med enorme aggregatdrevne musikkanlegg svinga inn i gatene og folk traska etter. Traskinga gjekk fort over i hopping og reaggaegange, og vi hadde ikkje gått langt før dei første sprutane med maling og gjørme kom over oss. Folk dansa rundt og smurte kvarandre inn med maling, leire og tjære. Vi trauste nordbuarar var litt tilbakehaldne i starten, men etter kvart som vi vart både gule, blå og raude, slo vi oss skikkelig lause og rocka med. Dei tidlegare nemnde lommetjuvane var stadig på besøk i lommane våre, men vi var som sagt førebudd og hadde verdisakene våre gøymd andre plassar. Vi var ca 30 nordmenn i toget og jentene hadde nokre gode gøymeplassar oppe og framme, mens skoa var mykje brukt hos gutane. Mud Mas vara i 4 timar og gjekk over 5 kilometer, og den siste halvdelen hadde vi store problem med å finne igjen dei vi gjekk saman med, då det var urå å kjenne igjen folk etterkvart som dei skifta fargar. Det var elektrisk stemning heile tida og ellevill dansing og hopping. Med all respekt blir eit tradisjonelt norsk 17. mai tog ei traust og pynteleg forsamling samanlikna.

Sjølve paradane måndag og tirsdag var eit fyrverkeri av dans, fargar, pynt og prakt. Det seiast at så snart eit karneval er over, startar dei å arbeide på kostymene for neste års karneval. Og etter å ha sett alle dei fantastiske kreasjonane er vi ikkje i tvil om at dette er tilfelle. Karnevalet er ei slags konkurranse både i musikk og kostymer. Banda er kåra allereie før sjølve paradane, og dei utvalgte spelar frå semitrailarar i opptoga. King and Queen er også kåra helga før og desse er sentrale i paraden. Kor mange mennesker som var i gatene er umogeleg å antyde, men fleire hundre tusen var det heilt sikkert. I motsetning til under Mud Mas var vi passive tilskodarar under paradane, og fekk med dette anledning til å sjå alle dei ulike gruppene og figurane som dansa seg forbi. Før vi visste ordet av det hadde vi stått smådansande langs gata i 5-6 timar, og med solbrente raude nasetippar som resultat.

Vestover

Etter karnevalet var det tid for ny runde med vedlikehald ombord. Når båten vert brukt 24 timar i døgeret er det stadig utstyr som sviktar og må reparerast. I denne omgang var det gasslekasje i komfyren, nye pakningar til toalettet, ny ferskvannspumpe, overhaling av vindgenerator, ny motor til radaren og motorsjau som stod for tur. Laurdag 3. mars mønstra vi på mor til Allan, Anne Marie Dyrstad. Ho er no med oss i 3 veker for å feriere litt frå kvardagen i Svelgen. Etter å ha fått skuta i stand igjen segla ho og Allan dei 90 mila opp til Los Testigos som ligg nordvest av Margarita. Øyvind segla med Vestørn av Måløy samme veg for å hjelpe til med vaktene der ombord.

Los Testigos er ei av karibiens mest uberørte øygrupper, kun busett av ca 150 mennesker, der fiske er einaste inntektskjelda. Øyene er paradisiske med drivkvite sandstrender og kokospalmar, og innbyggjarane der er vennlegheita sjølv. Ein ettermiddag vi var samla på Vestørn kom dei med masse fisk og hummer til oss, og det heile enda opp med ein skikkeleg heilaften med grilla fisk og song og gitarspel framført av dei lokale. Forsyningsbåten frå fastlandet var forsinka så dei var tomme både for øl og sterkare saker, og sette om mogeleg meir pris på våre reservar av rom og cola enn vi sette på fisken og hummaren.

Jostein, som ikkje fekk med seg ein tur til Tobago første gongen vi var på Trinidad, dro dit saman med nokre andre nordmenn, og segla med S/Y Evita av Oslo til Isla Margarita og mønstra på S/Y Naomi igjen her. Frode er framleis på oppdagelsesferd i Venezuela/Colombia og planen er at han mønstrar på igjen når vi kjem til Panama. I tillegg har vi mønstra på Kellfrid Lyslo frå Haugesund, som skal segle med oss eit stykke vestover.

I hamna her i Porlamar fekk vi skremmande nyheiter om at ein svensk båt på veg hit frå Trinidad vart utsett for piratangrep. Skipparen vart truffen av to skot, og ligg no på sjukehus i Port of Spain, der rapportane seier at han ikkje er i livsfare. Det er sjeldan piratar herjar i dette området, medan kysten utanfor Colombia er mykje meir utsett, då seglbåtar er attraktive for bruk til kokainsmugling nordover til USA. Vi har ikkje Colombiakysten i våre reiseplanar, og kjem til å halde godt av land der når vi seglar vidare vestover.

Vi har no proviantert skuta til plimsollmerket, og satsar på å ha det meste av det vi treng for dei neste 5-6 månadane. Vi lagde reine kaoset på supermarkedet med eit tog av handlevogner fyllt til randa. Prislappen kom tilsaman på 885.000 bolvar (kr 20.500) og kvitteringa var halvannan meter lang.

Vi helsar til alle kjende heime og ynskje alle ei god Påske.

S/Y Naomi med mannskap


Modus Media

Vest Intenett

Interfoto















T-shirt Mania