banner ver8



Karibisk reisebrev frå S/Y Naomi

Tilbake til reisebrev

I slutten av november presenterte vi S/Y Naomi og hennar mannskap som gjorde klart for kryssing av Atlanterhavet. På 18 og eit halvt døger var det heile gjort. Med innflygd forsterka mannskap har dei no utforska søndre Karibien.

Atlanteren

Pang, sa det fra kanona på det spanske krigsskipet som starta ARC-regattaen, og så var vi undervegs. Med 215 båtar som starta samtidig måtte vi halde tunga rett i munnen for å unngå kollisjonar i starten. Dette skulle snart vise seg å ikkje verte noko problem så snart båtane fekk spredd seg. Etter veker med intensiv førebuing, var det godt å kun ha ein ting å konsentrere seg om, nemleg å halde god fart og riktig retning. Vi la ikkje opp til noko spesiell taktikk, men valde å høyre på dei som anbefalte ei sørleg rute. Vi vart såleis ganske snart utan visuell kontakt med andre båtar. Det var mykje snakk om taktikk og ruteval på kaiene i Las Palmas, men vi tok det ikkje noko høgtideleg, då vi var totalt utan konkurransemessige ambisjonar.

På kortbølgeradioen var det dagleg innrapportering av posisjonar og vindforhold, og etter 4 dagar vart vi kalt opp av ein annan norsk båt, S/Y Serenade, som hadde teikna plott og funne ut at vi låg svært godt an i feltet. Dette gira oss opp littegrann, og vi måtte i skipsbiblioteket og finne fram boka Seiltrim for nybegynnere. Etter kvart som vi dreia vestover, var det kun spridd for- og storsegl som var aktuell seglføring. Turens einaste dramatiske hending kom femte dagen. Det som hende var at spinnakerbommen løsna fra mastefestet grunna eit boltebrekk. Bommen tok då nokre runder på eiga hand, og reiv eit par flenger i forseglet. Til all lukke var der ikkje folk frampå dekk, så ingen kom til skade.

Det heile gjekk etterkvart over i ein døsig rutine med 3-timars vakter, matlaging, sjakkspel, oppvask, fiske og plukking av dau flygefisk frå dekk. Grunna stort strømforbruk såg vi oss nødt til å slå av frys og kjøleskap etter eit par dagar, så all biffen vart oppeten første veka. Sidan gjekk det for det meste over til pasta og ris, med løk og hermetiske pølser som det mest brukte tilbehøret. Enkelte dagar fekk vi napp på fiskesnøret, og då var det festmåltid med fersk dorado (gullmakrell) til middag.

Kvar dag kl 1200 GMT hadde vi kontakt med Florøbåten Aquilo, med Jens Fanevik som skipper. Han hadde starta nokre dagar før oss og ga oss gode indikasjonar på kva vind vi kunne forvente. I tillegg snakka vi med LA4TG Øyvard Karlsbakk, ein radioamatør i Bergen. Han la ut vår posisjon og tilbakelagt distanse på vår internettside www.naomi2000.com , slik at folk heime kunne følge med. Humøret og motet var på topp dei første to vekene, men etterkvart som skjegget vaks og tomatane rotna, var samtlege klare for landkjenning. Den siste veka vart det utkjempa minst 200 slag med sjakk og kortstokken vart oppbrukt.. Jubelen var stor då vi i solnedgangen den 7. desember kunne sjå fjella på St. Lucia, og samtidig vite at vi kunne segle inn til premieplassering i ARC, noko vi aldri hadde drøymt om. Vi kom inn som nest beste norske båt og vart nummer 4 i vår klasse med 25 båtar. Premieskjoldet heng no på hedersplass ombord.

Karibien

Det var ikkje til å unngå at kryssinga måtte feirast skikkeleg, så det vart både lyst og mørkt før vi fann køyene. Den første verkelege karibiske opplevinga fekk vi på Jump Up party i Gros Islet, ein landsby ikkje langt frå Rodney Bay. Eit 40-manns steelband spelte i eit gatekryss og det vart grilla dyr av ymse slag i gatene. Vi var no komne til negerland, og fann fort tonen med dei lokale innbyggjarane. I løpet av dei første dagane vart vi kjende med Robert og Elijah. Vi hadde mykje moro saman med desse, samstundes som det var svært nyttig halde saman med nokre som kjende miljøet.

10. desember fekk vi besøk frå Svelgen. Ronny Førde og Harry Gulestøl hadde teke den lange vegen over for å bli med oss i 5 veker. Med juleribbe, julegåver, og ein stor bunke med Firdaposten, vart dei svært godt mottekne ombord. Dei lurte oss utpå sjøen igjen, og Elijah vart med og viste oss fine snorkleplassar kor vi kunne beskue mengder av fargerik fisk og korallar.

Vi møtte igjen Aquilo i Rodney Bay, St. Lucia, og Jens fekk oppfyllt eit av sine store ynskjer då vi fekk overtalt discjockeyen paa Three Amigos bar til å spele Buskspelkara (Eit gamaldansband med Erling og Einar lunde frå Svelgen som halve besetninga.) Etter eit par usikre dansetrinn svinga negerane seg til tonane frå Avstandspiken. Vi skal forresten helse så mykje frå Jens og Anne Britt til alle kjende heime i Sunnfjord.

Ingen ting er billig i Karibien, og etter tips fra lokalkjende, tok vi turen oppom den franske øya Martinique. Der skulle vi proviantere for fleire veker, men manglande franskkunnskapar gjorde dette vanskeleg. Heldigvis kunne Robert og Elijah snakke kreol med dei svarte der oppe, så det gjekk på eit vis til slutt. På turen nordover diska Robert opp med kokt flygefisk i bananbuljongsaus, noko som faktisk smakte fortreffeleg.

Den 19. desember ankom vi Bequia, kor vi hadde avtalt julefeiring med mange andre skandinaviske båtar. Det første vi såg når kom dit var Vestørn av Måløy. Skipper Odd Rune "Maxi" Midtvik var snart på pletten og ønskte oss velkommen. Han har segla jorda rundt og er underveis på sjuande året. Det vart eit par grillparty og mykje artige historier der ombord.

Julaften var vi oppe kl 0800, då vi hadde mykje å forberede til den store strandfesten om kvelden. 2 dagar før hadde vi kjøpt ein sau som vi skulle grille. Allan vart som gammal hjorteslaktar sett til slaktejobben, og Bobo, som sauen heitte, måtte bøte med livet for å sikre norsk julefeiring i Karibien. Bobo vart marinert i olje, kvitlauk og diverse krydder, og vart kveldens midpunkt. Haudet vart etter tvilsom tradisjon sett på ei stang ved sidan av grillen. Julefesten talde etterkvart 50 personar og vart eit minne for livet.

Vidare sørover har vi segla saman med 6-7 andre norske båtar, og nyttårsaften vart feira på Øya Mustique, kor blant anna Mick Jagger og David Bowie har bustad. Øyvind treffte Mick Jagger på Basil’s Bar og helste, men Mick helsa ikkje tilbake. Vidare har vi vore innom Øyene Isla

Quattro, Canuan, Tobago Cays og Grenada. Tobago Cays var ei perle, med tre ubebudde øyer med flotte sandstrender og kokosnøttpalmar. Det heile var beskytta av eit kringliggande rev. Oppe i buskene fann vi verdens mest provsoriske bar. Bartenderen kalte seg Bushman, og han selde øl og brus fra nokre kjøleboksar under ei presenning. Sigarettane han røkte var svært tjukke framme, og var av mystisk ukjent merke.

Vel framme i St. Georges på Grenada var vi ein gjeng fra 4 båtar som gjekk på byen. Her kom vi borti den første episoden med omvendt rasisme. Allereie før vi kom inn på discoteket merka vi at stemninga var spent, og det heile enda med at ein kamerat fra Tønsberg var fråstolen eit gullsmykke, og vi tok halen mellom beina og kom oss der i frå.

Vi er no komne fram til Chaguaramas på Trinidad, og eit prisnivå vi kan leve med. Her skal vi være ei lita stund og drive veklikehald på båten, før vi tar ei runde bortom Isla Margarita i Venezuela, for så å vende tilbake hit til Karnevalet, som startar 26. februar, og er det nest største i verda etter Rio de Janerio.

Sommarleg helsing frå Naomi m/mannskap

Chaguaramas, Trinidad 19. januar 2001


Modus Media

Vest Intenett

Interfoto















T-shirt Mania