banner ver8



Over Atlanteren ..... og så jorda rundt

Tilbake til reisebrev

Tenk deg ein hybel på 18 kvadrat, inkludert bad og kjøken. Det er omlag det vi fire har å boltre oss på dei to åra vi reknar med å bruke på å segle jorda rundt! Går det oss vel kjem vi til å sende reisebrev til Firdaposten frå ulike områder i Karibien, Venezuela, Stillehavet og Asia. Vonleg med artige bileter både fra land og sjø. Vi skal freiste å halde desse breva i ein slik stil at de heime best mogeleg kan få ta del i opplevingane og ikkje minst livet ombord.

Kvifor

Jostein hadde i mange år gått rundt med draumen om å reise på langfart med eiga skute, og planane tok eit steg mot realitet då han hausten 1998 kjøpte seg ein 38 fots seglbåt og kalla henne s/y Naomi. Saman med Frode planla han å legge ut frå Svelgen sommaren 1999. Førebuingane tok det meste av fritida, og når det nærma seg var det framleis kun dei to som stod som mannskap. Allan var nedom havna eit par ganger for å sjå kor det gjekk med førebuingane, og når han forstod at dei mangla mannskap var han snar å søkje påmønstring.

 

Prøvetur

Planen i 1999 var å segle båten ned til Gran Canaria som ein prøvetur. Dette for å sjå om livet på sjøen var noko for oss. Vi segla fra Svelgen den 9. august, og fekk turens hardaste ver allereie når vi runda Sendingsbåane vest av Frøysjøen. Kuling og regn i mørke natta skulle etterkvart som vi kom sørover bli solskinn og delfinar. Vi brukte omlag 2 månader på turen og var innom fleire byar i England, Spania, og Portugal. Etter at Allan mønstra av i Porto for å rekke ein forsinka skulestart, vart planane om å gå om Madeira endra, og kursen vart sett sør til Safi i Marokko. Her fekk Frode og Jostein oppleve ein kultur totalt ulik den europeiske. Etter å ha sett seg nødt til å bestikke 5-6 ulike uniformerte representantar fra myndigheitene kom den gode sida av dette nordafrikanske landet fram. Imøtekommande folk som inviterte mannskapet heim, guida turar i byen av frivillige og nattlkubb på muslimsk vis, var berre nokre av opplevingane.

Vel framme på Gran Canaria vart båten lagt igjen, og mannskapet flaug heim til Noreg fast bestemte på å ta båten vidare vestover året etter. Øyvind var snar å melde seg på, og med det kunne vi planlegge med eit mannskap på fire.

Førebuing for havseglas

I skrivande stund er s/y Naomi i Las Palmas, kor vi førebur oss på Atlanterhavskrysset. Vi er påmeldt i verdas største havgåande regatta ARC, Atlantic Rally for Cruisers. 225 seglbåtar av ulik storleik og fra ca 20 land skal både konkurrere mot kvarandre og hjelpe kvarandre over storhavet. Distansen over til mållinja som er St. Lucia i Karibien, er 2700 nautiske mil. Vi reknar med å bruke 20 – 25 dagar over, alt etter kor langt nord vi treff den stabile nordaustpassaten, som skal vere "drivstoffet" vårt. Med kun 300 liter diesel ombord må vi produsere elektrisitet ved hjelp av naturen. Med to store solcellepanel og ein vindgenerator håpar vi å kunne ta inn ca 6 ampère gjennomsnittlig, noko vi håpar held til å kunne bruke kjøleskapet i tillegg til autopilot og dei nødvendige instrumentane.

Vi har nyleg installert ein kortbølgeradio, som vi skal halde kontakt med omverda på. Vi har blant anna avtalt tider og frekvensar med Jens og Anne Britt Fanevik fra Florø, som starta 4 dagar før oss fra Gran Canaria med båten sin Aquilo.

To dagar før avgang er det lettare kaotiske tilstandar ombord. Vi har lange lister med alt som skal vere klart, og med spanjolar som seier à manjana (i morgon) til alt, er det ikkje så lett å få det som ein vil. Men det viktigaste er no ordna, og det er alt som har med tryggleik å gjere. Vi har ei nysertifisert redningsflåte, nødpeilesendar og nødrakettar i massevis, samstundes som båten no er i orden teknisk sett. Mesteparten av provianteringa og stuing gjenstår, og for å gje eit lite inntrykk av mengdene gjengjer vi her eit lite utdrag av "handlelista".

  • 400 liter drikke, fordelt på vatn, melk, juice og brus
  • 120 egg
  • 15 kg ris
  • 15 kg pasta
  • 70 rullar dopapir
  • 120 pakkar sigarettar

På nabobåtane våre har dei i heile dag stått og vaska kvart einaste egg og kvar einaste potet dei har teke ombord. All embalaje vert igjen på land. Til og med etikettane på hermetikken vert teken av, og boksane vert merka med sprittusj. Alt dette vert gjort for å unngå å få kakkerlakkar ombord. Dette arbeidet slepp vi, da desse kameratane allereie har funne seg godt tilrette her ombord. Sidan båten har vore her nede eit år, har dette vore vanskelig å unngå, men vi gjer vårt beste for å venne oss til dei.

Søndag 19. november kl 1300 seier vi opp det siste mobilabonnementet, og legg frå kai. Kva skal så skje i dei 3 vekene vi ikkje ser land? I tillegg til å trimme segl og styre båt, har vi kjøpt oss spanskkurs som vi skal lytte til og ape etter. Gitar og songbok er ombord, samstundes som vi har ulike spel og litteratur med.

Vel framme i St. Lucia får vi besøk av to kameratar frå Svelgen, og så går turen et par hundre mil sørover til Bequia for å feire jul saman med ei rekke andre skandinaviske båtar. Vi låg til kai saman med nokre norske og ein svensk båt i Puerto Rico, og alle har avtalt å møtast til denne julefeiringa. Der vert det alt frå sandvolleyballturnering til blandakor og båldampa pinnekjøt. Men først skal altså Atlanterhavet overvinnast, noko vi ser fram til både med glede og spenning.


Modus Media

Vest Intenett

Interfoto















T-shirt Mania