
Ekspedisjon Andes 2000Tilbake til reisebrev
Om Andesfjella, fjellrekka som strekker seg fra Chile i sør til Venezuela i nord,
er det opp gjennom åra blitt sagt og skreve mykje.
Eit digert Gorill liknande vesen, med store føtter er blitt oppservert. Den har fått
tilnamnet den avskylige snømannen. Fly har gått ned, og det snakkast om ekstreme
værforhold. Historien om "Eldorado", ein by med gater av gull, best skildra i
Jakten på Gullskatten, fra ein tidleg utgave av Donald, er og noko som gjer Andesfjellet
intresant. Historien om "Eldorado" vakte stor internasjonal oppmerksomhet, blant
folk flest, når den kom ut for ca 15 år sidan.
Kva er sant, kva er løgn og kva er myte når det gjeld desse forannemte oppservasjoner og
påstander?. Det var nettopp det vi deltakerane i ekspedisjon Andes 2001 grubla
på, og ville freiste å oppklare. Som du vil lese nedanfor fekk vi tilslutt klarheit i
det meste. Att vi lukkast, trur vi kom av god og detaljert planlegging , pågangsmot og
kansje litt flaks.
At alle ekspedisjonsdeltakerane kunne bekrefte at dei hadde vore ute ei vinternatt før,
var og noko som skulle vise seg å få stor betydning for den vellykka ekspedisjonen.
Vi har no valgt å gå ut med ein detaljert rapport fra ekspedisjonen. Du vil her få
opplysningar fra oppstarten, planlegging, til ferdig utført ekspedisjon.Vi håper att
våre erfaringar kanskje kan inspirere andre som har ein ekspedisjon på gang, samtidig
som rapporten synlegjer alt arbeid som ligger bak, og kva ressursar som må til, både
menneskleg og umenneskleg, og kva utstyr angår.
Fra spire til ide til ekspedisjon:
Vi var ein heil gjeng skandinaviske seglerar som etter å ha kryssa Atlanterhavet låg på
Bequia i Karibien og feira jul i lag. Mannskapet fra båtane Naomi, Valhall, Engelen og
Aurora 3 hadde alle møtt kvarandre tidlegare på Gran Kanaria. På Bequia vart det
gjenforening og ei durabeleg julefeiring.
Ein morning på ein dag som var dårleg for dei fleste, var vi samla ombord i Colin
Archer-skøyta Engelen. 20 år gamle Knut, kapteinen om bord, var i det filosofiske
hjørnet. Han låg og grubla for seg sjølv utan å seie eit "kvekk".
Etter lang tid stillhet, gjer han lyd i frå seg og kjem med følgande spørsmål. Kor
mange egg kan ei høne legge på ei veke ? Vi andre vart først litt forundra over
spørsmålet men måtte jo prøve å gje eit svar tilbake. Det vart difor diskutert fram
og tilbake rundt høne spørsmålet. Til slutt var det Hans Jacob fra Vallhall som kom med
svaret, som Knut kunne slå seg til ro med. Hans Jacob som i sin yngste ungdom hadde hatt
20 eller 25 frittgåande høns kunne konkluderte med følgande: Det er 3 faktorer som vil
vere avgjerande på egg produksjonen. Alder på Høna, trivsel og mat.
Så kor mange egg hønsebonden sit att med etter ei veke vil variere alt etter korleis
desse tre faktorane blir ivaretatt. -Det blir stille ombord i ca 5 minutter før Knut er
igang att. Ein del egg blir også knust, det hadde vore beire om egga var firkanta så dei
ikkje triller og skader seg, - seier han. Kvifor tenkte ikkje Gud på det når høna vart
skapt? Vi andre var enige med han, men ingen kunne gje nokon forklaring på det med
skapelsen av høna og formen på egga.
"-Firkanta egg er ikkje noko nytt", seier brått Kjell som sitter i ein krok.
Husker dere ikke historien fra Donald og Co, der Donald og vennene var på fjeltur og
leita etter Eldorado ? I fjellet møtte dei på firkantfolket, som levde i ein totalt
firkanta verden til og med hønene og eggene var firkanta. -Fleire av oss andre husker no
historien. Jakten på Gullskatten var namnet på den. Men hvilket fjell var det dei klatra
i ?
-Statsvetar Stefan fra Eurora 3 kjem med svaret. Historien om Jakten på Gulskatten gjekk
for seg i Andesfjella. Donald fant etter mykje slit Eldorado, ein by med gater av gull.
Ingen har etter han noken gong funne den. Det har ivertfall ikkje blitt raportert.
-Det blir heilt stilt att. Samtlege er fullstendig klar over at Donald ikkje fer med løgn
og fanteri og at Andesfjella ikkje ligger så mange sjømil unna. --Alle tenker sitt.
I dagane som fulgte vart Leksikon, Atlas og forskjellig literatur studert nøye.
Vi fekk etterkvart god innsikt i kva Andesfjella kunne skjule.- Det heile begynte å ligne
på starten på ein Ekspedisjon.
Etter nokre dager var samtlege svært motivert. Vi skulle til fjells, og vi skulle vere
godt forberedt.
Dei andre seglerane på Bequia vart etter ei stund nysgjerrige på kvifor vi i seine
nattetimer kunne sitte å diskutere i timesvis for oss sjølv.
Av redsel for spionasje runda vi difor av dei høglytte diskusjonane og vart einige om
samlast på Trinidad for å starte Ekspedisjons- forbredelsane på alvor. Ekspedisjon
Andes 2001 var nermast ein realitet.
--- --- --- --- Trinidad. 10.01.2001
Julefeiringa var no forlengst over og vi var klar for ekspedisjonsforbredelse.
På Trinidad kunne den detaljerte planlegginga starte på alvor.Vi forstod fort att skulle
ekspedisjonen bli vellykka måtte alle ha kvar sitt spesial -arbeidsområde. Den første
jobben var difor å finne ut kva slags spesialkompetanse ekspedisjonen var avhengig av.
Dette var eit nøysommelig arbeid og vi innsåg att ekspedisjonen vår var avhengig av eit
ganske vidt spekter av spesialarbeidsområder. Sidan vi "berre" var 16 stk, vart
vi nødt til å ta ein del prioriteringar / nedskjeringar. Til slutt kom det fram ei etter
vår vurdering bra titteleringsliste.
Presentasjon av dei 16 respektive ekspedisjonsdeltagerane
som er samansett fra 4 nasjoner.
| Nasjonalitet |
Navn |
Spesialfelt |
| Norge: |
Jostein |
Ekspedisjonsleder. (sjølvutnemt) |
| Norge: |
Sven Ulrik |
Teambuilder/ Navigatør |
| Norge: |
Hans Jacob |
Geologiansvarleg. (sjølutnemt) |
| Sverige: |
Johan |
Filosofiansvarleg |
| Norge: |
Øyvind |
Motivator (ikkje nemt) |
| Norge: |
Frode |
Ekspedisjonslege |
| Sverige: |
Frida |
Ekspedisjonslegens assistentvv |
| Sverige: |
Anna |
Kiropraktor ( Nedklemt ) |
| Sverige: |
Stefan |
Historisk og Anti depressiv Ansvarleg |
| Norge: |
Kjell |
Klatre ansvarleg/ Fottøy |
| Holland: |
Hauke |
Språkansvarleg (Nesten Glemt) |
| Tyskland |
Thomas |
Ekspedisjonskokk |
| Norge: |
Allan |
Båtansvarlig |
| Norge |
Espen |
Våpen og gerilja asvarlig |
| Sverige |
Anders |
HMS- ansvarleg / verneombud |
Fra Dagbok:
No var samtlege av ekspedisjonsdeltakerane tittelert og det verkelege arbeidet kunne
begynne. Dagane som fulgte var difor svert hektiske. Det var mykje som måtte planleggast
og utførast for å bli best mulig forberedt.
Tida vert maksimalt utnytta, men vi tek oss også tid til litt fest og morro. Det er
viktig for samhaldet i følge teambuilder og gruppeklem-ekspert Sven Ulrik.
25.01. 2001 Alvoret nermer seg-
Etter 3 veker på Trinidad er ekspedisjonen rimleg klar for ekspidisjon.
Båtane blir lest fulle av utstyr, og kursen satt mot Puerto La Cruz på Venezuelakysten.
På vegen tar vi ein stopp på Øya Isla Margarita for å gjere dei siste innkjøp for
ekspedisjonen.
Våpen og Gerilja ansvarleg Espen tek sikkerheten svert alvorleg. Han vil at samtlege skal
vere bevæpna, sidan vi skal gjennom ein av verdens farlegaste by på veg mot fjellet.
Når vi andre påpeiker att det er hans jobb å forsvare, aksepterer han det, og kjøper
inn saker og ting som ville gjort ein kvar geriljaleder misunnleg. På Margarita er det
meste rimeleg, så alle nyttar sjansen til å kjøpe inn det dei trenger for å utføre
sine oppgaver under ekspedisjonen. Språkansvarleg Hauke kjøper til dømes inn boka
Nesten alle verdens språk for nybegynnere. HMS- ansvarleg Anders er heldig og får tak i
dei venezuelske permane på HMS. Det er nemleg eit krav frå Verdens EkspedisjonsRåd att
dette regelverket skal vere innkjøpt og ikkje minst fulgt, under ein kvar form for
ekspedisjon. Skulle det bli kontroll og det viste seg at det vart slurva med dette, kan i
verste fall ekspedisjons- sertifikatet bli inndratt på livstid. ( vert å merke seg for
andre ekspedisjonar)
På Margarita tar vi oss og ein tur på kino for å sjå klatrefilmen "Vertical
Limit". Filmen er noko dramatisert, men vi finner den likevell svært lærerik og
inspirerande.
Før vi fortsetter mot Puerto La Cruz avslutter vi med ei stor markering for å feire
Historisk ansvarleg Stefan sin 31 år dag. Under festen vert det nytt ein del alkohol, men
alt foregår likevell på ein harmonisk og forsvarleg måte.

Fra Stefans 31-årsdag på Isla de
Margarita
31.01.2001. PUERTO LA CRUZ
Dag 1 Alvoret begynner
Samtlege står opp kl 08.00 om morningen. Frukosten blir inntatt i stillhet. Det er
tydeleg att alle er djupt konsentrert og fokusert på oppgavene som ligger foran oss. Kl
09.00 forlater vi marinaen og overlet båtane til båt ansvarleg Allan. Turen vidare vil i
første omgang gå opp til Merida, som ligger 1640 meter over havet. Etter å ha trakka
litt blir vi einige om att det kansje er best å ta bussen, for å spare kreftene til
fjellet. Att dette er ein fornuftig avgjerelse får vi bekrefta når vi får høyre att
bussturen vil ta 20 timar.
Vi provianterer litt før vi setter oss på bussen. Alle ser fram til å kunne slappe av
litt, etter måneder med inntensiv ekspedisjons- forbredelse.

Deltagerne klare
til avreise fra Puerto la Cruz
Angrep på ekspedisjonen
Etter å ha kjørt ei tid, vert det brått veldig kaldt på bussen. Vi må tilslutt på
med hue og tjukke klede for ikkje å fryse i hel. Vi begynner ei stund å lure på om den
voldsome kulden er ein form for angrep/ attentat på ekspedisjonen. Våpenansvarleg Espen
er i konstant beredskap og begynner å forbrede seg til motangrep. Etter ein grundig
undersøkelse slår vi oss tilro med att "kuldeangrepet" mest sansynleg er eit
feiljustert airconditionanlegg. Uten om denne urovekkande oplevelsen, går turen vidare
uten nevneverdige problemer.
Dag 2 Høgdetrening i Merida
Etter den lange kjøyreturen kjem vi fram til Merida kl 06.00 om morningen. Det gjer godt
å få strekke litt på beina etter den lange og krevande turen.
Etter ei lita rekonoseringsrunde finner vi fram til Hotel Italia, som egner seg suverent
til formålet Første Basecamp
Sidan Merida ligger på 1650 meter over havet, er dette ein fin plass til å bedrive
høgdetrening. Medan vi venter på virkninga av høgdetreninga, benytter vi tiden til å
sjå kva studentbyen Merida har å by på.Vi oppsøker fort diversse barer, diskotek og
restauranter. ( Det er viktig å komme i nær kontakt med lokalbefolkningen, for
"mulig" kunne få praktiske opplysningar som ekspedisjonen kan få bruk for
seinare.)
Dag 3
Høgdetrening.Teambuilding og kontaktsøking av lokalbefolkning.
Dag 4 Fjellheimen Venter-
Det er ein svert motivert og samensveisa gjeng, som står i gangen på Hotel Italia og
får utlevert effekter for turen. Isøks, brodder, telt og soveposer. Her er det ikkje
noko tull. Vi har leigd inn 1 guide og 2 sherpas ( bererar) for turen i den ugjestmilde
fjellheimen. Geiden vår Gustavo virker "stein" galen, men skal likevel være
den beste, i følge våre kilder. Dei 2 Sherpaane ser ut som "traktorar" og kan
uten tvil bere minst 200 kg gull på kvar. -Eldorado " her we come".
Etter ein litt sein avgang frå Hotell Italia "durer " vi opp til 22oo meter i
nedlesste biler. Derifra starter "helvete" med trakking opp til 3000 moh.

Første
etappe gikk gjennom regnskog
På "grusomt" bratte stier trakker vi avgåre i eit forferdleg tempo.Det er
viktig å rekke fram til vår første basecamp før det vert mørkt. Det er fint å ha
Øyvind som motivator på denne etappen. Stefan har ein litt dårleg start som
anti-depressiv ansvarleg, og må stadig motiverast av Øyvind. Teamet forøvrig er litt
tilbakesett grunna eit influensa virus. Når vi trøtte og slitne går og legger oss om
kvelden surrer ein del tanker gjennom hodet. Morgon dagen vil bli svært utfordrande,
både når det gjeld det fysiske, sjukdom og eit endå større press for å finne gull og
div. GOD NATT.
Dag 5
Natta har heller vore dårleg for dei fleste. Nede ved Hotel Italia fekk vi opplyst att
temperaturen i fjellet ville ligge rundt 10 grader pluss. Dette forstår vi må vere feil
når vi våkner/ står opp. Tennene klaprer og det er is på telt duken. "Fri og
bevare meg vell- " Alle blir glade når sola kjem fram.
Frokosten blir intatt kl 0900 samtidig som dagen blir planlagt. Vår teori er att Eldorado
og den Avskylige Snømannen mest sansynleg befinner seg høgre opp i fjellet, der folk
ikkje har leita før. Planen for i dag blir difor å ta seg opp til 4000 meter.
Ekspedisjonskokken vår Thomas finn det best å returnere til Merida grunna influensa.
Ekspedisjonen fortsetter difor uten medbragt kokk. Kva følger det vil få er for tidleg
å seie på noverende tidspunkt.
På vegen begynner vi å merke forskjell i lufta . Den blir tynnare og tynnare, så
tempoet må ned. Når ein berre rusler avgåre får vi betre tid til å sjå oss om.
Geologiansvaleg Hans Jacob finner faktisk gullpartiklar i ei lita elv.Det er eit stort
gjennombrudd for Ekspedisjonen og eit tegn på att Eldorado befinner seg lenger oppe i
fjellet. Motivasjonen til å fortsett oppover er difor stor.
Når vi kjem fram opp til 2 base camp på 4000 meter er det for mørkt til å leite.
Trøtte og slitene legger vi oss difor i telta, og beslutter å stå tidleg opp i morgon
for å utforske i dagslys.

Ekspedisjonslederen "relativt"
motivert for den videre ferd
Dag 6
Etter endå ei natt med frost og søvnmangel står vi opp kl 08.00
I dag vil vi fordele oss for å kunne leite og utforske meir effektivt.
Ekspedisjonsleder Jostein, Filosofiansvarleg Johan, Anti-depressiv og historisk ansvarleg
Stefan, Våpenansvarleg Espen og Språkansvarleg Hauke vil prøve og ta seg opp på
fjelltoppen Pico Humbolt, som ligg 4940 meter over havet.
Kansje den Avskylege Snømannen står oppe på toppen og ler av oss. Det er best å ta ein
tur å sjå . Resten av ekspedisjonsdeltakerane vil leite etter "Eldorado" i
området runt Campen.
Kl 09.30 drar tindebestigerane avgåre. Etter ein mager suppe frokost servert av guiden
vår Gustavo. Den første timen går greit med forhaldsvis lite stigning.
Etter kvart går det mest over i klatring. I den tynne lufta er det eit slit å bevege
seg, og alle er spente på om vi vil klare utfordringa. Kl 15.00 kjem vi opp i isen. Sidan
vi er trøtte og utmagra, bevilger guiden oss 2 drops på kvar.

Ser ni några førbannade Elak
Snøgrabb???
Så er det på med fotjern, isøks i handa og tau i mellom oss. Vi har no berre 300 meter
att til toppen som vi ikkje kan sjå grunna skyer. Det siste stykket opp på sjølve
tinden er uten is. Det er berre å klore oss fast, der vi klatrer uten tau for å nå
heilt opp på tinden.- Skyane ligger runt oss så vi får ikkje nyte utsikta ( sikker like
bra ) På toppen ser vi ingen Avskylig Snøman. Konlusjonen blir att det sikker er for
bratt for han eller for mykje skyar for å sjå han. Etter ei tid på toppen er det berre
å komme seg ned att. Det går heldigvis lettare enn opp.
Nede ved campen har dei andre ikkje lege på latsida. Der har vore stor aktivitet heile
dagen. Fleire ulike observasjoner er blitt gjort av ikkje ubetydleg karakter.

På toppen av Pico Humbolt - Ingen Avskyelig snømann, men
glade likevel
Dag 7
I dag må ekspedisjonen ta ein drastisk avgjørelse. Problema er søvnmangel, frost,
influensavirus og mangel på mat, samt høgdesjuke. Ein del av oss vil difor bruke dagen
til å ta oss ned att til Merida. Dei resterande ekspedisjonsdeltakerane vil prøve å ta
seg opp på Venezuelas høgaste topp.(Pico Bolivar 5oo7 m) Kanskje det er der det
"forbanna snø dyret ligger og lurer". Kven veit?
Etter "måtte hell å lykke fylge dykk" fer vi kvar vår veg. Ekspidisjons-lege
Frode, Våpenansvarleg Espen, Språkansvarleg Hauke, Ekspedisjonslegens-
Assistentansvarleg Frida, Kiropraktor Anna og Geologiansvarleg Hans Jacob fortsetter på
vegen mot toppen. Dei bruker heile dagen til å ta seg opp på siste base camp på 4700
meter. Det er difor ein trøtt gjeng som prøver å få seg nokre timar søvn når natta
kjem. Problemet er at det nestan er umuleg å få sove i slike høgder. Det at ein
konstant held på å fryse i hel gjer ikkje saken beire.

Jostein
på vei opp i skylaget på 4900 meter over havet
Dag 8 Store Kontraster-
Vi som retunerte til Merida er begynt å komme til "hektene" att. Mens vi leger
våre sår blir funn og obsevasjoner analysert. Det er fint å vere tilbake i varmen att.
Men korleis går det med kompaniet som fortsatt befinner seg i fjellet.? (Vi får
frysningar gjennom rygg og marg.)
Oppe i fjellet står dei opp kl 05.00. Guiden Gustavo meiner att frokost er bortkasta, då
ein fort vil kaste opp i slike høgder. Kl 06.00 gjer dei seg i kast dei siste 300
meterane mot toppen. Kiropraktoren og Legens Asistentansvarleg sliter med høgdesjuke og
velger å vente med Base Kampen. Dei andre begynner på den nervepirrande klatringa mot
toppen.Det gjelder å ikkje sjå ned, der dei klorer seg fast på veg oppover. Det er ein
lykkleg gjeng som etter mykje slit kan nyte den fantastiske utsikta på toppen. Geologi
ansvarleg Hans Jacob tar ei del bergprøver, men snødyret er ikkje å sjå. Etter ei tid
begynner nedturen som er minst like nervepirande som opp.
Vell nede med Base campen unner Guiden dei ein neve med corn flakes på kvar. Den vidare
nedturen til Merida blir litt lettare. Då det går ei taubane fra 4000 meter og ned til
Merida. Det er ein stolt gjeng som kjem ned att og kunne fortelle oss andre om bragden.
Tid for ettertanke
No når alle er komen ned att, begynner kvardagen og melde seg på ny. Vel tilbake til
barkrakkane på "puben på hjørnet" ved hovedbasen vår hotell Italia er det
tid for ettertanke og tilbakeblikk. Ekspedisjonen er forsåvidt overstått, og spørsmål
og tankar begynner å melde seg. -Pressen begynner også å bli "meir"
påtrengande, kva blei oppnådd? Kva blei oppdaga? Har vi funne noko vitenskapeleg, som
kan gjere oss stolte og sette våre respektive nasjoner på kartet? Ei oppsummering
presser seg fram! Vi føler vi gjorde en rekke viktige observasjonar av ikkje helt
"ubetydeleg" karakterer:
| 1. |
Geologiansvarleg Hans Jacob av Norge meiner bestemt han fant gullpartiklar
i ei elv på 3500 m. Ut av dette kan vi konkludere med at "Eldorado" med stor
sansynlighet kan ligge til dels nedgravd, lenger oppe i fjellet
|
| 2. |
Teambilder Sven Ulrik av Norge fant gammalt eggeskal på 4000 m, skallet
var knust men har med "stor sansynlighet" vært firkanta. Av dette kan vi
konkludere med at firkantfolket og firkantegga ikkje kan ha vært langt vekke.
|
| 3. |
Ellers gjorde dei fleste av oss en felles observasjon. Vi hadde en del
søvnløse netter der vi fraus og hakka tenner. Til tider "trur vi" at vi med
"stor sansynlighet" hørte trakking utan for telta. At lydane stammar fra den
"Avskylige Snømannen" er det mest nær liggande å tru. At den ikkje gjekk til
angrep kan komme av att den blei skremt av skandinavisk snorking kombinert med tenner som
klappra intenst.
Vi meiner med desse tre nevnte observasjoner at ekspedisjonen reint forskningsmessig har
vært ein "stor" suksess. Observasjonane beviser att Donald ikkje fer med løgn
og fanteri. Att Elderado befinner seg i fjellet hersker det liten tvil om, det er berre å
fortsette å leite. |
Når det gjeld sjølve tindebestigelsane var det en opplevelse i seg sjølv. At ikkje
alle ekspedisjonsdeltakerane nådde dei høgste toppane, har si forklaring.
Fjellet var høgt og kaldt. Mange blei og uskyldig angrepen av influensavirus og
høgdesjuke. Med guidar som tok med forlite mat og var meir opptatt av å røyke marihuana
enn å finne stiar, skal vi være godt fornøgd. Teambuilder Sven Ulrik hadde et godt
avsluttande resyme. - Sjølv om ikkje alle nådde den ytre fjelltopp, var alle heile tida
på sin eigen indre topp. Med desse vise ord vart ekspedisjonen Andes 2001 avslutta og vi
kunne begynne å vende tilbake til kvardagen.
Vi håper og trur att ekspedisjonen og denne rapport kan vere til nytte for andre
ekspedisjonar som er i opstartingsfasen. Vi har berre ein ting å sei. Stå på og
ikkje gje opp, dei fleste har jo vore ute ei vinternatt før. -Ivertfall ein liten tur

Der
oppe et sted finnes firkantfolket og gullet !
Ekspedisjon Andes 2001 har vore ei verdig avslutning på eit 3 mnd langt samhald mellom
mannskapet på båtane Engelen, Valhall, Aurora 3 og Naomi. Etter at vi alle møttes på
Gran Canaria har vi holdt i lag og skapt stor ståhei i kvar ei havn. Tempoet har vore
høgt med mykje volum. Dette har vore til stor glede for oss, men ført til angst og
depresjoner for enkelte andre seglerar. At vi no etter kvart segler kvar vår veg, er synd
men fornuftig. Våre bankkontoer skriker etter hjelp og levra ber om kvile. Kansje ting
vil bli betre framover. -Det vi tiden vise !
I morgon skal eg starte eit nytt og betre liv,- trur eg...
PS Vi må prøve oss på ei gjenforening men først må vi alle ha ein lang ferie.
Ekspedisjonsleder Andes 2001
Jostein Eimhjellen
|